Nepal: Var hindu, blei kristen – valde tru utan kastar - Stefanusalliansen
Kailshman Sashankar er advokat.

Kailshman Sashankar er advokat.  

Nepal*   

– Far min heldt på rituala, men var ingen ortodoks hindu. Han hadde inga utdanning, var hardt arbeidande og ærleg. Eg var eldste son. Han trudde på utdanning og sende meg til landsbyskulen og på vidaregåande. Då eg i 1979 ville dra til Kathmandu for å studera juss, sa han ja og betalte studiane.

I hovudstaden hamna Kalishman blant folk som røykte, drakk og gambla. Etter to år var han langt meir tiltrekt av alkohol enn av studiane. Men på colleget fekk han nye vener. Ein dag i 1980 tok ein av dei han med til ei kyrkje. Kalishman vart beden for og fekk eit nytestamente.

– Eg las, men sa: «Dette er eit hinduistisk land, eg er ikkje for kristendommen.»  Vi diskuterte. Venene mine svarte at kristen tru ikkje handlar om religion, men om frelse. Det tiltrekte meg at kristendommen ikkje har eit kastesystem. Eg innsåg at eg er ein syndar som Gud tilbyr frelse og lækjedom, fortel Kalishman, som vart døypt i februar 1981.

Ville be for maten
Få veker seinare reiste han heim for første gong. Ein månad ut i ferien dukka pastoren hans og mannen som først hadde invitert han til kyrkja, opp. Gjestene vart feira med ein slakta gris.

– Men då pastoren spurte om han kunne be for maten, forstod far at eg var blitt kristen. Då dei to hadde reist, truga far min meg. Han sa han hadde sendt meg til Kathmandu for å studera, ikkje for å skifta religion.

Faren nekta heretter å betala studiane.
– Han bad meg dra og aldri koma heim. Eller eg kunne venda tilbake til hinduismen.

I Kathmandu tenkte Kalishman at faren elska han likevel. Men sjølv var han pengelens. Ein lærar som leia ei kristen studentgruppe, forstod at eg mangla alt og sa: «Ikkje uroa deg, eg skal hjelpa deg. Du opplever liding i Kristus».´

– Eg fekk veksa i Kristus gjennom gode fellesskap og på leirar i feriane.

 

I 26 år bad eg for foreldra mine.

Kalishman Sashankar

 

Bad for foreldra i 26 år
Kalishman var den første kristne i familien. Deretter blei kona kristen.

– I 26 år bad eg for foreldra mine.

Då faren blei innlagt på sjukehus, drog Kalishman og kona på besøk. Ein dag spurte kona hans svigerforeldra sine: «Vil de ta imot Kristus?»

– Først sa mor mi ja, seinare far min. Halvannan månad etterpå døydde han. Vi reknar med å møta dei i himmelen.

Brørne og søstera var dei neste til å koma til kristen tru.

– I distriktet der eg kjem frå, var det éin kristen før meg. I dag er det åtte kyrkjer. For 40 år sidan var det seks kyrkjer i hovudstaden Kathmandu. I dag er det over 1000 kyrkjer i og rundt hovudstaden.

Sjølv utdanna han seg til jurist og blei den første kristne advokaten i Nepal – for at kristne kunne få ein kristne til å føra saker for seg,

– Det er umogleg å unngå forfølging. Men kyrkja veks. Eg takkar Herren.

 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS, 6-2023
 

AKTUELT