Nepal: Pastor må i fengsel - Stefanusalliansen
Pastor Keshav Acharya må eitt år i fengsel.

Pastor Keshav Acharya må eitt år i fengsel.  

Nepal*   

Høgsterett i Nepal dømte fredag 6. oktober pastor Keshab Acharya til eitt års fengsel for brot på forbodet mot konvertering og for at han har «opprørt religiøse kjensler». Det siste er ein blasfemiparagraf.

– Dessverre tapte vi saka, eg må i fengsel i eitt år, skriv pastor Keshav Acharya i ei tekstmelding til Stefanusalliansen like etter at dommen fall.

Pastor Acharya delte ut traktatar om kristen tru. Han seier at han ikkje pressa nokon til å skifta tru.

Han vart opphaveleg dømt til to års fengsel. Men Jumla High Court reduserte straffa til eitt år i fjor sommar. Ankesaka  i høgsterett har vore utsett fleire gonger i år, men kom opp fredag 6. oktober. Då Stefanusalliansen møtte Acharya og støttespelarane hans i Kathmandu i april, var alle spente. Det vart lagt mykje kraft i forsvaret for å få han frikjent.

– Vi må vinna saka. I motsett fall får vi presedens imot oss. Det handlar om retten til å praktisera trua vår og forkynna evangeliet, sa Dilli Ram Paudel, generalsekretær i Nepal Christian Society den gongen.

Forbyr konvertering
Det er aukande hindunasjonalistisk press mot Nepal frå India og internt i Nepal. Den nye grunnlova – frå 2015 – slår fast trusfridom. Men den vernar i neste andedrag hinduismen.

Grunnlova forbyr konvertering. Dette forbodet har fått eit kategorisk forbod i straffelova frå 2018. Paragrafen kan brukast mot ei lang rekkje legitime måtar å uttrykkja trua eller livssynet sitt på, seier fagfolk på trusfridom.

Straffelova forbyr også å «opprøra religiøse følelsar». Det er ein rein blasfemiparagraf.

Første fengselsdom
Dommen mot Acharya er den første etter den nye grunnlova og straffelov. Dilli Ram Paudel i Nepal Christian Society vart sjølv stilt for retten, men han blei frikjent. Den saka kom aldri til høgsterett. No er han og alle andre som har støtta Acharya, urolege fordi Acharya blei dømt.

– Dommen mot Acharya vil påverka alle kristne i Nepal, seier Mukunda Sharma, ein annan av støttespelarane til pastor Acharya i det han går ut av rettssalen der saka vart ført i hovudstaden Kathmandu.

– Denne dommen i høgsterett kastar lys over den bekymringsfulle retninga Nepal tek, ved å undertrykkja religiøse minoritetar og individ med ei anna tru enn hinduismen, seier BP Khanal. Han er pastor og menneskerettsaktivist og koordinerer saker der folk i ulike kyrkjer får problem med politi og rettsvesen.

– Dommen mot Acharya er djupt urovekkjande. Det hindunasjonalistiske presset både får nabolandet India og internt i Nepal er veksande. Det har dessverre fått farlege innslag i grunnlov og straffelov og no i ein beklageleg dom mot pastor Acharya. Utviklinga i Nepal er det all grunn til å uroa seg over, seier Johannes Morken, redaktør i Stefanusalliansen.

Månader i fengsel
Pastor Acharya har tidlegare sete i fengsel nær fire månader til saman og betalt store summar i tre kausjonar etter den første arrestasjonen 23. mars i 2020, i starten på pandemien. Pastoren hadde i Jesu Kristi namn bede for koronasjuke. Eit klipp av ei preike på YouTube vart, ifølgje pastoren, teke ut av sin samanheng. 
– Eg vart håna i sosiale media, fortalde Acharya til Stefanusalliansen i april i år.

Arrestert
Så kom politiet. Han vart arrestert, skulda for å ha spreidd falsk informasjon om korona-viruset. Men Acharya avviste blankt at han hadde fortalt folk at dei kunne unngå viruset ved å bli kristne. 

Acharya vart sett fri etter drygt to veker i fengsel, berre for nokre minutt etterpå å bli arrestert på nytt. No vart han bura inne for å ha «opprørt religiøse kjensler» og for brot på forbodet mot konvertering. Den 3. juli 2020 slapp han ut mot ein kausjon tilsvarande 25 000 kroner – ein svært høg sum i Nepal. 

I 2021 blei han i to rettsinstansar dømt til to års fengsel og ei bot. Den 22. november i 2021 måtte Acharya møta i ei av ein serie rettshøyringar. Til hans og familiens sjokk blei han frå rettssalen sendt rett i ei fengselscelle. Familiefaren slapp først ut – mot ny kausjon på julekvelden etter å ha anka.

«Har aldri pressa nokon» 
– Eg har aldri tvinga nokon eller pressa nokon til å skifta tru, seier Keshav Acharya.

Han delte ut mange kristne traktatar. Under etterforskinga fann politiet ein mann som hevda at Acharya hadde gitt han ein traktat og bede han bli kristen. Det var «provet» på brot på forbodet mot konvertering. Men mannen blei aldri ført som vitne i første eller andre rettsinstans. Kona til Acharya, Junu, seier til nettavisa Morning Star News at folk som fekk traktatar, fortalde politiet at mannen hennar ikkje hadde bede dei konvertera. «Han gav oss papiret, vi las og kasta det. Det var det», har desse fortalt. 
– Det var ingen vitne, ikkje eit einaste, som kunne stadfesta skuldinga som Keshab er dømt for, fortalde Junu Acharya. 

No må Junu Acharya bu seg på at mannen skal sitja eitt år i fengsel.

– Rettsprosessen mot pastor Acharya har vart sidan nedstenginga under pandemien. Ei stor og viktig rettssak er no tapt. No har vi berre Herren Gud den allmektige å stola på. Be for Keshab og hans familie og for kyrkja i Nepal, seier BP Khanal.

Advokat Indra Aryal seier ifølgje Jubilee Campaign at han er sjokkert over dommen. Han er sjokkert over at retten har ignorert grunngjevinga for anken. Han er uroleg for at dommen ser ut til å stramma inn religionsfridommen og ytringsfridommen, spesielt for religiøse minoritetar.

Keshav Acharya opplyser at det enno ikkje er bestemt når han skal starta soninga.
 

Saka vert oppdatert

AKTUELT