‘Nei, eg gjer ikkje Gud til syndebukk i Nigeria-valden’ - Stefanusalliansen
22. mai var det massegravferd etter massakre i ei kyrkje i Nigeria.

22. mai var det massegravferd etter massakre i ei kyrkje i Nigeria.  

Nigeria   

I Vårt Land 8. juni kritiserer Lise Tørnby i NMS Global ein kronikk eg skreiv i Vårt Land 2. juni om konflikten mellom gjetarfolk og fastbuande bønder i Nigeria. Ho gjer det under overskrifta «Når Gud blir syndebukk».

Nei, eg gjer ikke Gud til syndebukk.

Eg er heilt samd med Tørnby i at det er viktig å ikkje blanda korta når vi diskuterer politikk og religion. Det er sant at «vi som bistandsaktører og misjonsorganisasjoner har (...) et særlig ansvar for ikke å bli endimensjonale i vårt ønske om å forstå og hjelpe». At dette er ekstra naudsynt på det afrikanske kontinentet kan eg også skriva under på. 

Stemmer ikkje
Tørnby utfyller på eit par punkt biletet eg gav. Men det stemmer likevel ikkje at eg «forstår og fortolker konflikten primært som en religionskonflikt». Dette har eg verken skrive eller meint. Eg veit derimot at det der ute finst analysar som NMS-kritikken kan rettast mot. Men eg la i kronikken vekt på nettopp å få fram at dette primært er ein konflikt om beiterettar og kontroll over landområde.

Konflikten finn vi, skreiv eg, slett ikkje berre i Nigeria, men i ei rad andre land. Og for å understreka kva konflikten primært handlar om, skreiv eg: «Beiteområda til gjetarane er dessutan under press av klima og endra jordbruk.»

Eg la vekt på at to av dei aktuelle delstatane i fjor vedtok nye lover mot beiting, lover som – skreiv eg – blir kritiserte for å angripa rettane til dei som leitar etter beite og vatn for kveget sitt. Og eg la vekt på at vi slett ikkje må skulda alle fulani-gjetarane for å stå bak valdsangrepa.

Polarisert
Dessutan refererte eg til United States Commission on International Religious Freedom (USCIRF) som etter eit besøk i Nigeria mellom anna påpeikar at gjetarane seier at dei må forsvara seg og kveget sitt. Kommisjonen åtvarar også mot polariserte framstellingar.

Dette løfta eg fram og trudde ikkje det var behov for å vera endå tydelegare. Men kanskje skulle eg vore endå tydelegare likevel.

Konflikten i Nigeria har det siste året eskalert i form av vald og død og farlegare våpen. Det har skjedd angrep på kyrkjer og gudstenester både i nyttårshelga og seinare i år. Når ein konflikt om land, beiterettar og vassressursar får eskalera, og staten blir skulda for å ikkje å ta tak, eller for berra å bruka massiv militærmakt når den vil gjera noko, vil diverre religion bli utnytta og religiøse skiljelinjer bli farlegare. Truverdige kyrkjelege kjelder i Nigeria åtvarar om dette, vår oppgåve er å løfta dette opp.

Politisert

Difor refererte eg Kolade Fadahunsi i Institutt for kyrkje og samfunn under Nigerias kristne råd. Han meiner dei væpna gruppene som med AK 47-gevær angrip kristne landsbyar og gudstenester, vil provosera religionskrig. Fadahunsi er på den andre sida svært kritisk til at karismatiske kyrkjefolk frå sør no i aukande grad brukar sosiale media for å retta hatefulle angrep på muslimar generelt.

I eit intervju med Magasinet Stefanus tidegare i år sa Kolade Fadahunsi: «Hvis vi ikke ønsker at neste generasjon skal arve den rådende intoleransen og politiseringen av religion i Nigeria, må vi ta grep nå.» Han sa at han med hjelp av eit hefte Stefanusalliansen laga – «Trosfrihet for alle» – ønskjer å starta undervisning både blant pastorstudentar og inn mot eit tverreligiøst råd der både kristne og muslimar er med.

Nei, eg gjer ikkje Gud til syndebukk. Men det er naudsynt å åtvara mot at religion blir eit farlegare og farlegare element i ein konflikt som primært handlar om noko heilt anna.

Trykket i Vårt Land 11. juni 2018

 

AKTUELT