Trass i forsikringar frå militsane om at kristne er trygge, er det frykt for framtida.
Nei, det var ikkje kristne som blei massakrerte i Syria
Det kan vera farleg for syriske kristne at det er spreidd misvisande påstandar. Frykta dei kjenner er meir enn ille nok.

Demonstrasjon i Tyskland mot massakrane mot alawittane i Syria frå 7. mars.
Ein tittel i Dagens nettutgåve lydde frå onsdag kveld til langt utpå torsdag: «Barth Eide om kristenforfølgelser: – Syria er i en kritisk fase.» Der fekk den kristne avisa det til og med til å sjå ut som at utanriksministeren er kjelde for at sivile kristne har vore og er utsette for massiv, dødeleg vald vest i Syria.
Dette er ikkje sant. Alt som elles var rett i innhaldet, måtte lesast i lys av ei sterkt misvisande overskrift. Dei som faktisk blei massakrerte, sivile alawittar, blei dessutan ikkje nemnde med eit ord, så langt eg kunne sjå.
Straks eg sende første utgåve av innlegget, skunda avisa seg og retta overskrifta, men utan å forklara kvifor ein tittel brått blei endra, 19 timar etter publisering i nettutgåva. Og den misvisande overskrifta vart ikkje retta på framsida av nettutgåva. Der står den framleis fredag morgon. (oppdatering: Cirka klokka 10 blei tittelen endra ved at kristne blie bytta ut med alawittar, som mål for valden. Men framleis utan noko forklaring eller beklagelse).
Alle truverdige rapportar fortel at kristne ikkje var målet og ikkje vart utsette for målretta angrep
Vi må vera sannferdige. Det som er sant og urovekkjande er at massakrane mot alawittane har skapt djuptfølt frykt også blant kristne. Det er meir enn ille nok.
Eg har snakka med folk som har besøkt kristne i Damaskus, Homs og Aleppo etter 6. mars. Eg har snakka med kjelder i Tyrkia og Syria som har ferske rapportar frå kyrkjelege kjelder i Syria. Det er eit heller eintydig bilete.

På Dagens nettutgåve har låg denne sterkt misvisande rapporten frå 19. mars klokka 19.00 til fredag 21. mars klokka 10. Skjermbilete frå dagen.no. Fredag kom alawittane inn i tittelen-
Storskala angrep
Valdsbølgja starta då militære leiarar og grupper som er igjen av det falne Assad-regimet, gjekk til samordna, storskala angrep på det nye regimet. Fleire hundre militskrigarar på begge sider vart drepne.
Militsar som er ein del av den nye regjeringshæren, gjekk deretter til blodige hemnangrep på sivile alawittar. Assad hadde base blant alawittane, ei religiøs retning med utspring i sjia-islam. Difor har også alltid Iran hatt minst ein finger med, kanskje også i dette første store angrepet på det nye regimet.
Hundrevis, kanskje fleire tusen, sivile alawittar blei drepne i kystområda då militsar som høyrer til det nye regimet, hemna angrepa. Heile familiar vart skotne ned.
Også nokre kristne skal ha blitt drepne. Men alle truverdige rapportar fortel at kristne ikkje var målet og ikkje vart utsette for målretta angrep.
Misvisande rapportar om nedslakting av kristne kan setja truande i Syria i fare
Talsmann for Open Doors
«Misvisande rapportar kan skapa fare»
Eg sluttar meg til ein talsmann for Open Doors som seier at «misvisande rapportar om nedslakting av kristne’ kan setja truande i Syria i auka fare». I ulike sosiale media er det utan dokumentasjon hevda at «mainstream-media» ikkje fortel sanninga om situasjonen for kristne. Sidan det i tilfellet ikkje er sant, blir det vanskelegare å koma med slik mediekritikk dei dagane det er grunnlag for det.
Det som altså er sant, er at frykta blant kristne har stige merkbart etter massakrane på alawittane. Også menneske som har vore fast bestemte på å bli verande i kristen teneste, er no så redde at dei ønskjer å dra. Dei trur ikkje dei har noko framtid i Syria.
Det har vore uro blant kristne heilt sidan HTS-militsen, som har bakgrunn som islamistar, tok makta i desember. Dei nye herskarane har forsikra kyrkjeleiarar i by etter by om at kristne vil bli inkluderte. Mine kjelder har likevel heile tida minna om at gjerningar, ikkje ord, vil avgjera.
Det nye regimet må no visa for all verda – og for alle minoritetar – at dei meiner alvor med erklæringar om at minoritetane skal vera trygge. Dei ansvarlege for massakrane må snarast stillast til ansvar. Ingenting må løynast.
Syria styrt av sharia
President Ahmed al-Sharaa, som leia militsen som styrta Assad, la få dagar etter massakrane fram ei mellombels «grunnlovs-fråsegn». Den fastslår at presidenten skal vera muslim. Og islamsk lov – sharia – skal vera «hovudkjelda for lovgjevinga» i Syria. Rett nok blir kvinners rettar og ytringsfridom garanterte. Men like fullt er erklæringa illevarslande.
Syriske kyrkjeleiarar har i møte med det nye styret lagt fram fleire krav: Gjeninnføring av sivil lov for alle som ikkje kan styrast av sharia, at alle skal handsamast likt og at kristne må få halda fram sine levesett. Svar har dei ikkje fått.
Grunnlovserklæringa viser diverre at minoritetane er andreklasses borgarar. – Dei nye styrande har endra ord, men tankesettet til islamistar let seg ikkje endra over natta. Når så militsar får massakrera sivile alawittar, viser det at livet for minoritetatane ikkje er trygt, seier ei av mine kjelder.
Redslane blant alawittane kan vi knapt ana. Frykta blant kristne er djup og veksande etter massakrane på alawittane.
Politisk press og bøn
Redslane blant alawittane kan vi knapt ana. Frykta blant kristne er djup og veksande etter massakrane på alawittane. Vi må be våre politikarar gjera alt dei kan for å hindra at det kristne fryktar, ikkje skal skje.
Som kristne skal vi dessutan gjera det kristne i Syria bed oss om: Vi skal be for dei og fortelja verda om det som skjer.
I dag er det kanskje berre ein halv million kristne igjen i Syria, ein tredel av talet før borgarkrigen starta i 2011. Vi skal mobilisera det vi har. Vi skal derimot ikkje spreia misvisande historier som kan auka faren både for dødeleg forfølging og ny flukt.
Oppdatering 21.3. 11.00 Dagen har no endra tittelen til at alawittar var målet for massakrane og lagt inn ei retting i botnen av saka der det står at «det primært var alawittar som var målet». Det er altfor utydeleg.