Når uretten rammar andre enn kristne - Stefanusalliansen
Eit buddhistisk tempel i Sehan i Kina blei øydelagt.

Eit buddhistisk tempel i Sehan i Kina blei øydelagt.  

Trosfrihet   

I fleire av dei landa der kristne er under hardt  press, vert også andre religiøse minoritetar diskriminerte eller forfølgde.

I India vil hindunasjonalistar gjera både kristne og  muslimar til andrerangs borgarar. Dette kan det bli meir av etter at nasjonalistpartiet BJP på nytt vann valet. I valkampen vart muslimar portrettere som terroristar, ikkje minst etter eit sjølvmordsangrep mot indiske soldatar i Kashmir i februar.

Kristne vert også framstilte som ein trussel for hinduismen. For hindunasjonalistane må du vera hindu for å vera ein god indar.

 

Muslimar vert fysisk angripne fordi dei ser på kua som ei kjelde til mat og ikkje eit heilagt dyr, slik mange hinduar gjer.

 

Drepne muslimar
Muslimar vert fysisk angripne fordi dei ser på kua som ei kjelde til mat og ikkje eit heilagt dyr, slik mange hinduar gjer.

I ein fersk rapport fortel  Human Rights Watch (HRW) at mellom mai 2015 og desember i fjor blei minst 44 menneske – 36 av dei muslimar – drepne i 12 indiske delstatar fordi dei slakta kyr. Rapporten tek i detalj føre seg 11 valdsangrep som kosta 14 menneske livet.

Valdelege kyrevern-grupper som gjerne er knytte til militante hindu-rørsler, leier angrepa. Det kan også vera band til det hindunasjonalistiske regjeringspartiet BJP som brukte valkampen til ei kraftig polarisering.

I nær alle dei 11 sakene HRW har dokumentert i detalj, gjekk politiet i starten ikkje til etterforsking. Politifolk hadde til og med ei rolle i nokre av drapa eller i tildekkinga av brotsverka etterpå. I staden for å jakta på og arrestera mistenkte, retta politiet klagemål mot offera, familiane deira og vitna. Politiske leiarar, jamvel BJP-tillitsvalde, har forsvart fleire av dei som stod bak angrep.

 «Lynsjing er blitt eit nasjonalt prosjekt», seier journalisten Mohammad Ali i ein sterk reportasje i The New Yorker. Han skriv bok om temaet. Svært få valdsmenn blir straffa. Somme blir tvert imot hylla som heltemodige forsvarar for hinduismen. Talsmenn for regjeringspartiet BJP held flammande talar som rammar muslimar, kristne og andre minoritetar.

Fengsla muslimar
I Usbekistan som var med i Sovjetunionen fram til 1991, er 93 prosent av folket muslimar. Kristne utgjer fem prosent, fleirtalet er ortodokse – og dei er russarar, ikkje usbekarar.

To muslimske bloggarar som kritiserte den statsoppnemnde muftien, vart i april fengsla i 15 dagar. Mufti-kritikarane  vart kalla «hooligans» som viste manglande respekt for den religiøse leiarskapen i landet.

Mange av dei evangeliske kristne i landet er  muslimar som har konvertert, og dei møter motstand. Men muslimar som opponerer mot det autoritære regimet si forståing av islam, er dei som lid aller mest.

 

Mange av dei evangeliske kristne i landet er  muslimar som har konvertert, og dei møter motstand. Men muslimar som opponerer mot det autoritære regimet si forståing av islam, er dei som lid aller mest.

 

Ser på tru som trussel
I Kasakhstan er kring 70 prosent av folket muslimar – dei fleste sunni. Kring ein fjerdepart reknar seg som kristne – dei fleste er ortodokse.

Det meir og meir autoritære regimet ser på religion som ein trussel, særleg når dei truande ikkje er sunni-muslimar eller ortodokse kristne.

Fleire islamistiske terrortak vert nytta som påskot for å stramma til mot muslimar.

Religionslova stiller strenge krav til registrering. Regjeringa hindrar mange religiøse minoritetssamfunn i å registrera seg og finansierer dessutan «anti-sektsentra» som fremjar intoleranse mot Jehovas Vitne, mot muslimar som ikkje høyrer til sunni-islam og mot evangeliske kristne.

Stefanusalliansen bad i mai appellvenene om å senda appell til den kasakhstanske ambassadøren i Oslo om 29 saker der muslimar er dømde for aktivitetar som berre var fredeleg utøving av trua. 18 sat då fengsla, 11 var sette fri på prøve. Muslimen Dadash Mazhenov er ein av fleire som har fått fengselsstraffer for å ha posta på nettet førelesingar den muslimske teologistudenten Kuanysh Bashpayeh. Studenten kritiserer det statlege rådet for islam.

Ifølgje Yevgeni Zhovtis frå Kasakhstans Internasjonale Kontor for menneskerettar og rettstryggleik er det ingen prov for at Mazhenov har gjort noko ekstremistisk. Styresmaktene misbrukar vage paragrafar mot ekstremisme til å forfølgja medlemmar av religiøse minoritetar, seier Zhovtis.

Stefanusalliansens partnar Forum 18 Newsservice, som dokumenterer angrep på trusfridommen i landa som høyrde til Sovjetunionen, har bede oss løfta fram saka.

Frå Kasakhstan kan vi elles melda at politiet i Taraz tok med seg antiterror-styrken då dei i februar gjennomførte ein razzia under to baptistiske bønemøte. Tre blei bøtelagde.

 

I Kina rammar overgrepa alle som trur «feil»

 

Øydelegg tempel
Kina held fram angrepet på uregistrerte og registrerte kyrkjer, med stenging og øydelegging og kyrkjebygg. Men presset rammar alle. Den kristne organisasjonen China Aid rapporterte nyleg også at over 5000 taoistiske tempel vart øydelagde på ein månad i februar og mars. Også buddhistiske tempel og moskear blir øydelagde.

I Jilin- og Liaoning-provinsane er meir enn 1200 Buddha-statuar fjerna. Eit buddhistisk tempel utanfor byen Jilia i Henan vart nekta registrering. Eigaren erstatta då Buddha-statuane med statuar av Mao og to andre revolusjonære leiarar. No heiter det «Formann Mao Buddha-tempel».

15.-17. april var det religions-inspeksjon i delar av den sentrale Henan-provinsen. I landsbyen Baisha understreka dei mektige herrane at dei lokale styresmaktene måtte kjempa mot all «illegal aktivitet». Dei handlekraftige tok affære. På fire dagar vart fire buddhistiske tempel øydelagde, melder magasinet Bitter Winter.

I Kina rammar overgrepa alle som trur «feil».

FØRST PUBLISERT I MAGASIN ET STEFANUS, 4-2019