Når minoritetar blir ugras - Stefanusalliansen
Det russiske flagget.

Det russiske flagget.  


I år er det 100 år sidan den kommunistiske revolusjonen i 1917. Den russisk ortodokse kyrkja var tett knytt til tsarregimet. Kyrkja vart også av den grunn hardt ramma av revolusjonens blodige framferd. Deretter hadde landet eit ateistisk regime som i 70 år ville kvele trua.

Eit påfallande trekk i 2017 er at den russisk ortodokse kyrkja har vendt tilbake til den kristelege nasjonalismen kyrkja hadde under tsarregimet, no tett knytt til Vladimir Putin som ser på seg som ein ny tsar. «Kirken ser på minoriteter nærmest som ugress», seier prost Trond Bakkevig i siste utgåve av Magasinet Stefanus. Russland vedtok i fjor ei lov som kriminaliserer misjon.

Hardast ramma i Russland er Jehovas Vitne, som er blitt ein forboden organisasjon. Men anti-misjonslova er blitt brukt til å slå ned på aktivitet i regi av både Frelsesarmeen, pinsevener og andre. Lova er blitt brukt både mot bønemøte i private heimar, oppslag om bønetider på nettsider og foredrag om yoga. Det første året lova gjaldt, vart det reist straffesaker mot 133 enkeltmenneske og 53 religiøse samfunn. Det førte til 138 dommar.

I 135 saker blei dei tiltalte dømde til bøter. I 11 saker blei religiøs litteratur konfiskert – biblar inkludert, dersom dei mangla påtrykt namn på dei som delte den ut. Dette viser ein rapport frå Forum 18 Newsservice som følgjer utviklinga for trus- og livssynsfridommen i mange av republikkane i tidlegare Sovjetunionen.

Lova vart innført som del av ei anti-terrorpakke og skulle berre brukast mot islamsk ekstremisme. Men den er brukt langt vidare. I staden for å utfordre lova og regimet, synest den russisk ortodokse kyrkja å finne seg vel til rette som åndeleg garantist for regimet til Vladimir Putin.  

Utfordre
Det er all grunn til å utfordre den mektige russisk ortodokse kyrkja både på menneskerettane og på forholdet mellom stat og kyrkje. Religiøs nasjonalisme Same dag som Nepal blei valt inn i FNs menneskerettsråd, signerte presidenten i landet ei lov som kriminaliserer det å skifte tru. Det er eit nedslåande paradoks at land som i aukande grad trugar viktige paragrafar i Menneskerettsfråsegna, skal vere forvalte FNs eige arbeid med menneskerettar – attpå til i jubileumsåret:

Menneskerettsfråsegna er 70 år i 2018. Lova i Nepal er det siste urovekkjande utslaget av veksande religiøs nasjonalisme. Dei religiøse nasjonalistane i land som India og Nepal krev at for å vera ein god borgar, må du vere hindu. Det blir trongare og trongare rom for minoritetane. Det skjer ved statleg politikk, men også ved at lovene blir brukte av ekstreme krefter i samfunnet til å fyre opp under religiøs spenning og angripe religiøse minoritetar.

Fordommar

Nepal har opplevd ein sterk kristen vekst etter jordskjelvet i 2015. Mange hjelpearbeidarar har kome utanlands frå. Kristne blir frå hindunasjonalistisk hald både skulda for å tilhøyre ein utanlandsk religion og for å skifte tru mot hjelpepengar. BP Khanal i partiet Janajagaran i Nepal seier til Magasinet Stefanus at det er dei lokale kyrkjene som har evangelisering høgt på agendaen sin.

Khanal, som er ein framståande forsvarar av menneskerettar, konkluderer: «Det er uråd å stoppe dei som stiller med fordommar». Han siktar til dei religiøse nasjonalistane. Seks delstatar i India har vedteke lover som kriminaliserer konvertering, eller har til behandling lovforslag som set strenge restriksjonar på konvertering. Også i India er dei hindunasjonalistiske kreftene i vekst.

Det er i år rapportert om sterk vekst i valdelege åtak på minoritetar, særleg mot kristne. Liknar blasfemilov Saudi Arabia med verdas strengaste religionspolitikk, held fram som medlem av FNs menneskerettsråd. Inn i rådet for kom også Pakistan. Observatørar meiner at Nepals ferske lov som kriminaliserer skifte av tru, liknar sterkt på blasfemilova i Pakistan. Ein pakistansk kristen eller ahmadi-muslim skal ikkje snakke mykje om trua si med ein muslim før det blir oppfatta som nedsetjande tale om Muhammed og islam.

Blasfemi
Pakistan har dødsdom for blasfemi. Ekstremistane brukar også blasfemilova til å terrorisere menneske som – etter utmattande år i rettsvesenet – er frikjende for brutale skuldingar. Desse må leve i løynd saman med familien i årevis for å berge livet. Landet har heller inga straff for å framsetje ugrunna skuldingar for blasfemi.

Vi er glad for at regjeringa i statsbudsjettet endå ein gong har auka løyvinga til kampen for trusfridom – frå 10 millionar i 2013 til 78 millionar neste år. Det er nok å bruke pengane på. I fakkeltoga for trusfridommen og for dei forfølgde – som Stefanusalliansen og Åpne Dører arrangerer landet over – kan folk flest få uttrykt sin protest mot maktmisbruk og overgrep i namnet til religiøs nasjonalisme. (Kronikk i Stavanger Aftenblad 11.11.2017)  

 

 

AKTUELT

Prosjekt