Når grumset tyt ut - Stefanusalliansen
Målaren Giovanni Gasparro kom med eit antisemittisk måleri tidleg under pandemien. Her eit utsnitt av korleis jødar blei framstilte.

Målaren Giovanni Gasparro kom med eit antisemittisk måleri tidleg under pandemien. Her eit utsnitt av korleis jødar blei framstilte.  


Dette er ei oppdatert utgåve av kronikken med same overskrift som først vart publisert i Vårt Land før møtet i Kringkastingsrådet 11. februar. Etter at NRK-leiinga erkjente at delar av innslaget var antisemittisk, blei denne nye utgåva publisert i Dagen 15.2.

 

Ein NRK-programleiar fekk seg til å seia om Israel at «Det er nesten som jeg skulle ønske at vaksinen ikke virket». I den grufulle tiraden mot Israel brukte han på ironisk vis omgrepet «Guds utvalgte folk».

Innslaget vart raskt beklaga og fjerna frå nettet, som eit sleivspark over streken. Først i Kingkastingsrådet torsdag vedgjekk underhaldningsredaktør Charlo Halvorsen og kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen kva strek som var passert. Delar av innslaget var antisemittisme, sa dei, som NRK sterkt beklaga.

Ei farleg grense for alt
Dette var viktig. Jødehatet hadde dukka opp i ufyseleg forkledning – som farleg kritikk av eit land. Israel må som alle land tola kritikk. Men det er ei grense for alt. 

Programleiaren stempla i tiraden sin Israel som «apartheidstat». Utan å ta diskusjonen om omgrepet: Då Sør-Afrika var apartheidstat, var det ingen apartheidmotstandar som eg veit om, som lira av seg tilsvarande gufs om folket i Sør-Afrika. 

Det er mange «ræva land», dersom vi eine gongen skal bruka den sleivete språkbruken til Shaun Matheson i NRK. Vi i Stefanusalliansen har arbeid i mange land der brutale og autoritære regime er ansvarlege for grove overgrep, eller der ekstremistar gjer overgrep som regima ikkje tek oppgjer med. Overgrepa rammar ofte religiøse minoritetar.

Men i både Iran, Saudi Arabia og Pakistan er det regima eller valdelege ekstremistar som må tola kritikken. Ingen eg veit om, ville finna på å seia noko som kunne høyrast ut som at dei ønskjer at det iranske folket skal bli smitta av ein potensielt dødeleg sjukdom. Folket i Iran skal verken svara for eller døy for overgrepa til regimet.

Det vi opplevde i tilfellet NRK var at grumset frå ei farleg kjelde kom til overflata. Eit heilt land vart demonisert og eit heilt folk blei dehumanisert. Det er livsfarleg.

 

Det vi opplevde i tilfellet NRK var at grumset frå ei farleg kjelde kom til overflata. Eit heilt land vart demonisert og eit heilt folk blei dehumanisert.

 

Italia – fordom og likhus 
Når virus spreier frykt og død, er dei som frå før er uglesett og forakta, ekstra ille ute. Det er enklare å gå etter sårbare grupper når samfunnet sjølv er sårbart. Vi har sett mykje av dette det siste året.

Tidleg i pandemien, i slutten av mars i fjor, publiserte den italienske målaren Giovanni Gasparro det nyaste måleriet sitt: «Sankt Simon av Trents martyrdom ved jødisk rituelt drap». Det var bygt på ein gamal myte frå 1400-talet om Simon av Trent, den løgnaktige myten om at jødane drap kristne barn og drakk blodet deira.

Midt i stigande dødstal i Italia, då landet var episenter med etterkvart fulle likhus, kom altså eit kunstverk som spelte på ei eldgamal løgn, ein myte som gjennom hundreåra var brukt til å skapa hat og frykt. Det vart ikkje minst lagt merke til korleis målaren framheva jødane. Dei stod der med lange nasar, blod i blikket, med skarpe knivar.

Eit samfunn i krise treng nokon å retta frykta mot. Gasparro møtte kritikk. Men han møtte diverre også heiarop.

Gufset kjem fram
Rundt i ei rekkje land har vi sett korleis pandemien har fått fram gamalt gufs og hat mot grupper – som i sine land er minoritetar.

Det har vore mange døme på diskriminering ved utdeling av naudhjelp. Hatet har dessutan slått ut i jakt på syndebukkar og somme stader i rein hatkriminalitet. Religiøse minoritetar er blitt diskriminerte – og undertrykte. Virusfrykta er brukt til å styrkja undertrykkinga.

Det har ein stad ramma muslimar, ein annan stad kristne og ein tredje stad hinduar. Det har skjedd i land som India, Pakistan og Kina. Dei som frå før er stempla som trugsmål mot majoriteten eller mot regimet, er blitt brukte som skyteskiver.

 

Rundt i ei rekkje land har vi sett korleis pandemien har fått fram gamalt gufs og hat mot grupp

 

Ei plikt å erkjenna
Det var avgjerande for NRK og for det norske samfunnet at NRK ope vedgjekk at den grensa som var passert, ikkje berre var eit sleivspark for eit ungt og rocka publikum. Det var ei farleg grense, over i antisemittismen.

Saka har ein viss parallell til ein kronikk forfattaren Jostein Gaarder skreiv i Aftenposten 2006. Den verdskjende forfattaren klistra beinhard Israel-kritikk til «Guds utvalde folk». I ettertid beklaga han kronikken, som «tankeløse og tvetydige» formuleringar. Somme meinte at dette var for lite og for seint. Men erkjenninga var likevel viktig.

Kvar gong grensa mot det dehumaniserande vert passert, som i tilfellet NRK, er det ei plikt å seia tydeleg frå – og å tydeleg erkjenna. Ord kan vera farlege.

FØRST PUBLISERT I DAGEN, 15.2.