Tonje Brenna og Aps programkomite byttet ut trosfriheten med forhandlingsretten. Også Høyre droppet trosfriheten i utkast til nytt partiprogram.
Misjon har fleire stader vore ei kraft for demokrati
I arven etter Hans Nielsen Hauge ligg det sterk inspirasjon til å kjempa viktige kampar for internasjonal trusfridom.
Vi har med interesse følgt diskusjonen i Vårt Land om arven etter Hans Nielsen Hauge. Lat oss leggja til eitt perspektiv.
Då Grunnlova vart signert i 1814, sat Hauge fengsla. Først eit halvt år etterpå var han ein fri mann etter eit tiår under harde strafferegime.
Hauge betalte ein høg pris for å ha utfordra kongemakt og prestestyre – forbodet mot å forkynna utan løyve frå presten. Hauges kamp la grunnlaget for forsamlingsfridommen – retten til fritt å samlast utan å spørja makta om lov. I dag tek vi dette så for gitt at mange 17. mai-talarar hoppar bukk over denne delen av grunnlovshistoria.
Hauge blei av makta oppfatta som ein farleg trussel, men han brøyta veg for fridom. Den krafta som den misjonerande Haugerørsla blei i utviklinga av det norske demokratiet, bør interessera alle som er opptekne av kampen for internasjonal trusfridom.
Indiske bønemøte
Mange stader blir ein liknande kamp som den Hauge stod i, kjempa i vår tid. Indiske kristne får bønemøte øydelagde av hinduekstremistar eller lokalt politi. Iranske konvertittar vert bura inne fordi dei ikkje bøyer seg for «prestestyret» i Teheran – fleire leiarar sonar i dag straffer på ti år og meir. Bahaiane er under same presset.
Kinesiske truande i ulike religionar lever under eit meir og meir brutalt styre – regissert av ein mektig herskar som vil kontrollera folks tru og tankar. Pastor Wang Yi i den uregistrerte kyrkja Early Rain i Chengdu har til dømes sete sju månader i fengsel.
Hauge skapte også levebrød for dei han preika for og lokalsamfunna deira. Vi i Stefanusalliansen brukar arven etter Hauge også når vi støttar prosjekt som gjev levebrød for forfølgde og diskriminerte i land der trusfridommen blir krenka. Å gje enkeltmenneske eigenverd er også ein viktig del av arven etter Hans Nielsen Hauge.
Misjon og demokrati
Det finst dessutan spanande internasjonal forsking om samanheng mellom misjon og demokrati. Robert D. Woodberry frå National University of Singapore har påvist at protestantisk misjon i mange tiår spelte ei sentral rolle i utvikling av demokratiet i mange land.
I artikkelen «The Missionary Roots of Liberal Democracy« i American Political Science Review frå 2012 skriv han inngåande om funna sine. Han skriv at protestantiske misjonærar hadde ei unik rolle i å spreie masseutdanning, trykking, sivilt samfunn og andre faktorar som forskarar er klare på var viktige i utviklinga av demokrati.
Denne forskinga bør alle som drøftar dagens kamp for trusfridom og menneskerettar, gå inn i. Det blir i alle fall for enkelt å definera ei misjonsrørsle ut av offentleg støtta arbeid for trusfridom, slik religionsvitar Ingrid Vik let til å gjera i Vårt Land 5. juni – fordi vi vil bli oppfatta «å ha en religiøs agenda».
Det har her i landet vore tenkt og arbeidd mykje gjennom tiår med forholdet mellom bistand og misjon. Og vi i Stefanusalliansen er sterkt medvitne om at alt vi gjer, må gjerast på måtar som tener og ikkje skadar dei vi vil hjelpa.
Trusfridom er ingen menneskerett i særklasse – den heng nøye saman med andre menneskerettar: forsamlingsfridom, ytringsfridom, trykkefridom, retten til utdanning og fridom for minoritetar. Stefanusalliansen er også midt inne i eit prosjekt – saman med Dansk institutt for menneskerettigheter, utanriksdepartementa i Noreg og Danmark og FN. Målet er å finna tiltak som kan styrkja trusfridommen for kvinner.
Makta blir utfordra
Autoritære politiske og religiøse leiarar stemplar gjerne trusfridom som ein vestleg verdi dei ikkje vil vita av. Men dei seier det same om menneskerettane samla – fordi makta vil ha kontroll over enkeltmenneske og minoritetsgrupper. Om aktørane som fremjar trusfridom og andre menneskerettar har ein religiøs eller sekulær basis, er for dei autoritære nokså underordna.
Uansett må vi gå klokt fram, også ved å gå i dialog med krefter som vert utfordra. Men vi kan ikkje overlata definisjonsmakta til dei autoritære.
Vår agenda er å sjå og løfta menneske som vert kua av politiske og religiøse leiarar. Vi gler oss over at dører vert opna for oss i vårt faglege arbeid for trusfridom – og at vi nettopp som misjons- og menneskerettsorganisasjon har ein kraftfull arv å spela på.
FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I VÅRT LAND 3. JULI 2019