Kvar blir det av norsk raseri mot terrordrap av kristne? - Stefanusalliansen

 

Nigeria   

Minst 195 blei drepne i samordna terroråtak mot kristne landsbyar midt i julehøgtida. Kvar blir det av norsk raseri mot valden i Nigeria?

 

Minst 25 landsbyar i Plateau-staten sentralt i Nigeria blei utsette for samordna terroråtak den 24. og 25. desember. Dødstala har stige til minst 195. Rundt 300 blei skadde. Tusenvis er fordrivne frå dei kristne landsbyane, og mange er sakna. Åtte kyrkjer blei brende ned.

Overlevande har fortalt at ei stor gruppe væpna menn drap vilkårleg. Dei øydela heimar, køyretøy jordbruksland og annan eigedom. Nesten 40 som ikkje klarte å flykta, for det meste kvinner, barn og funksjonshemma, skal ha blitt brende til døde i heimane sine. Tragedien har vore fyldig omtalt i Dagen.

Shehu Sani, tidlegare parlamentarikar, fortel at han har sett videoar av terroren, og at dette er «den mest grufulle og inhumane og vonde handlinga han nokon gong har sett».

Han legg til: «Biletet av ein baby som gret på ryggen av liket av mor si, er eit grufullt syn som burde heimsøkja samvitet til alle ansvarlege borgarar i dette landet.»

Målretta mot kristen høgtid
Terrorangrepa midt i julehøgtida er dei siste i ein lang rekkje, dei verste sidan 2018. Fleire aktørar seier at styresmaktene veit kvar den meir og meir valdelege militsen held til, men utan å gjera noko. Våpen vert smugla inn til ein militsleir. Leigesoldatar vert trena opp. Ufatteleg terror vert så, gong på gong, sleppt laus på heilt uskuldige.

Det finst ingen tvil om at dei samordna terroråtaka var meint å ramma den kristne julehøgtida. Dei enorme tapa av liv og eigedom før tryggingsstyrkane rykte ut i tilstrekkeleg omfang, er endå eit tragisk teikn på den vedvarande svikten til både dei føderale styresmaktene i Nigeria og dei som styrer Plateau-staten. Den primære oppgåva deira er å verna innbyggjarane.

Meir blodig
I det sokalla midtbeltet i Nigeria møtest det hovudsakleg muslimske nord og det hovudsakleg kristne sør i langt meir blanda busetnad. I fleire delstatar har vi sett ein årelang konflikt mellom gjetarfolk (det muslimske fulani-folket) og fastbuande, ofte kristne, bønder om kontroll over landområde. Gjetarfolket hevdar beiteområda vert tekne av bønder, som på si side hevdar at gjetarflokkar invaderer jordbruksområda med kveget sitt. Igjen må vi minna om at mange lever fredeleg saman. Valden høyrer ekstremistane til.

Men vald og død er det blitt meir av. Fulani-militsen er dei siste åra blitt meir og meir brutal. Militsen har fått tilgang på svært avanserte våpen med langt større dødeleg potensiale enn tidlegare. Systematiske angrep på kristne jordbrukssamfunn, nok ein gong midt i julehøgtida, viser at terroren har fått sterkare og sterkare religiøse overtonar. Det held ikkje med ei reint sekulær forklaring. Dette er ikkje «berre» ein etnisk konflikt om ressursar, forsterka av fattigdom og klimaendringar. Dette er også ein konflikt der ekstremistar gjennom målretta vald prøver å fordriva heile kristne samfunn.

FN opprørt
FNs høgkommissær for menneskerettar, Volker Türk, er djup uroleg over terroren i jula. Türk oppmoda styresmaktene til ei rask, uavhengig etterforsking. Han kravde at Nigeria held gjerningsmennene ansvarlege gjennom rettferdige rettssaker. Volker Türk kravde at «syklusen av straffefridom som gjev næring til tilbakevendande vald, snarast må brytast.»

Også den muslimske paraplygruppa Jama'atu Nasril Islam (JNI) er opprørt. Gruppa bed om rettferd for ofra, og uttalte at angrepa «ser ut til å vera godt orkestrert med baktankar om å setja staten i politisk og religiøs uro». JNI åtvara: Nigeria vil «bli ein mislukka stat dersom kriminelle vert straffa tilstrekkeleg».

Det er ei uro Noreg må ta på djupaste alvor.

Ingen norsk reaksjon?

Difor er det god grunn til å etterlysa ein tydeleg norsk reaksjon. Nigeria er den viktigaste norske handelspartnaren i Afrika. Dåverande utanriksminister Anniken Huitfeldt gjesta i april 2023 Lagos, den største byen i Afrika. Ho drøfta handel og norske løysingar på energiutfordringane i Lagos og Nigeria. I ei lang pressemelding blei det berre kort nemnt at det mest folkerike landet i Afrika har «sikkerhetsutfordringer».

Huitfeldt diskuterte trusselen frå piratar på havet. Ja, piratane er ein veksande trussel. Men eit heilt land kan stå på kanten av stupet, herja av terror på landjorda. Det må utanriksminister Espen Barth Eide no seia tydeleg frå om.

Terroren frå fulani-milits kjem på toppen av rein islamistisk terror frå grupper som Boko Haram.

Terroristar har herja i årevis i Nigeria. Terror i julehøgtida er heller ikkje av ny dato. Men når vi snakkar om terror i Nigeria er det så mange tause i dette landet. Kvar blir det av raseriet?

FØRST PUBLISERT I STAVANGER AFTENBLAD

AKTUELT