Stefanusalliansens partnere: Forferdelige øyeblikk da bygninger nær sentrale medarbeideres hjem ble lagt i grus.
Eg som har gått i terapi før, kjenner no uroa liggja lag på lag
Eg kjenner på alt frå frykta for å bli smitta og gjera andre sjuke, til frykta for kva diktatura vil finna på.
«Den som ikkje kjenner på litt helseangst no, bør gå i terapi», kommenterte lege Ingvard Wilhelmsen, glitrande formulert spesialist på hypokondri.
Eg har sjølv gjennom åra kjent på meir helseangst enn Wilhelmsen sikkert ville funne fornuftig, dersom eg hadde gått i terapi hos han, (men både psykologen og sjelesørgjaren var nok samde med Wilhelmsen).
Her eg sit koronafrisk på eit heimekontor, kjenner eg ekstra godt etter gruff i halsen. Eg kjenner på frykt for eiga helse, men også på frykta for helsa til meir sårbare som kunne bli ramma dersom eg skulle bli smitta og så senda smitten vidare.
Nærsynt
Det er tida for å bli nærsynt, ved å bry seg om folk som treng handlehjelp eller støtte som permittert på dagpengar. Så er det verkeleg ikkje tid for å bli nærsynt ved å hamstra.
No løftar vi i flokk for dei mest sårbare. Men så hardt løftar vi at vi ikkje veit korleis verda blir, bak viruset. Vi ber på frykt for arbeidsplassar, næringsliv, kulturliv og matproduksjon.
Fattigfolk i virusfelle
Eg gruar meg til meldingar om spreiing av viruset i fattige strøk og flyktningleirar der folk bur så tett at alt snakk om karantene er teoretisk tøv. Der er det heller ikkje spørsmål om intensivavdelingane må melda pass, fordi dei ikkje finst.
Eg gruar meg til meldingar om spreiing av viruset i fattige strøk og flyktningleirar der folk bur så tett at alt snakk om karantene er teoretisk tøv
Ein kjenning av meg i Nairobi skriv om angsten i Kenya. Kenyarar som er blitt bedne om å halda seg heime på grunn av viruset, svarar at då svelt dei ihel. Dei må ut for å henta mat, difor tek ein sjansen på å bli smitta. Det finst ikkje noko sosialt tryggingsnett, måpande kan dei på avstand høyra om dei milliardane som Noreg og andre stiller opp med.
Eg prøver å leva meg inn i korleis folket i Wuhan i Kina har hatt det. Eg prøver å forstå panikken folk under portforbod kan ha kjent på med viruset utanfor dørstokken. Eg prøver å leva meg inn i korleis kinesiske kristne har det. Lenge har dei vore pressa av eit knallhardt regime som ville undertrykkja alle truande. No kan dei på grunn av virusfaren ikkje eingong møtast. Men dei les Bibelen i filler som aldri før, og mange møtest over nettet.
Det brutale diktaturet
Vår kritikk av Kina som trakasserte legen som varsla, forstumma påfallande raskt då Kina tok barske tiltak i bruk mot viruset og vi fekk god grunn til sjølve å frykta viruset.
Harde tiltak her i landet er grunngjevne med unntakstilstand. I Kina slepp derimot kommunistpartiet bryet med ein heftig offentleg debatt om kor vide fullmakter regimet kan ta.
Her eg sit på heimekontoret og smakar igjen på min eigen angst, kjenner eg at det er lag på lag i redsla. Eg prøver å sjå føre meg frykta for at det massive kinesiske overvakingssamfunnet har fått endå meir «legitimitet» sidan det også kan brukast mot virus. Får vi sjå eit brutalt diktatur som blir endå meir hardhendt i overvaking, undertrykking og kontroll?
«Egoisme og arroganse er vegen til undergang», seier prest i Midtausten. Klarar vi å sjå det når viruskrisa er over?
Håpet
Eg kjenner redsla igjen koma krypande når eg får meldingar frå Stefanusalliansens partnerar i fleire land i Midtausten, om korleis viruset spreier seg i land der dei fattigaste kjempar for å overleva etter krig, ein hard vinter og ei djup økonomisk krise. No står både dei fattige og dei som vil hjelpa dei, i fare for å bli smitta. Men dei gir ikkje opp matutdeling til fattige, likevel – og inviterer oss til å be med dei.
Eg syg til meg meldingar som gir nytt håp. Ein kyrkjelyd som vi i Stefanusalliansen samarbeider med i Beirut, held helseklinikken og matutdelinga open medan kyrkja er stengd. Gudstenesteliv og undervisning er på nettet. Der ligg dei langt føre kyrkjelydar i området der eg bur, dei famlar seg fram etter at dei måtte avlysa gudstenester.
Beirut-kyrkja kastar seg ut i engasjement i eit land som er paralysert. På få månader er Libanon blitt ramma av økonomisk kollaps, politisk kollaps og no kollaps i helsesystemet. Våre vener i Beirut har aldri gitt opp solidariteten, verken då krigsflyktningane strøymde over grensa frå Syria, eller då landet vart lamma av krise på krise.
Trygge er vi slett ikkje utan at verda er trygg.
Arroganse og undergang
«Egoisme og arroganse er vegen til undergang», seier presten Fadi Daou i Beirut. Vil vi, når den verste krisa er over, meina at vi har meir enn nok med å lækja våre lokale og nasjonale sår og håpa på ein vaksine? Eller vil vi ta vare på fellesskap og solidaritet med dei sårbare, over grenser som no er stengde i frykt?
Eitt bør vi ha lært, eg og andre som no kjenner redsla krypa inn under huda: Trygge er vi slett ikkje utan at verda er trygg.
EIN REDIGERT VERSJON AV KRONIKK I DAGEN 26.3.2020