Menneske snur ryggen til radikal islam - søkjer kristne svar - Stefanusalliansen
Khalid er ein av dei som har vendt islam ryggen og blitt døypt i Dubai. Han var muslimsk leiar som skulle overtyda nominelle muslimar i Europa til å bli overtydde muslimar.

Khalid er ein av dei som har vendt islam ryggen og blitt døypt i Dubai. Han var muslimsk leiar som skulle overtyda nominelle muslimar i Europa til å bli overtydde muslimar.  


– Mange er lei av fundamentalistisk islam, seier pastor «Amir». 

I 20 år har pastor «Amir» hatt ansvar for å koordinera oppfølging av menneske som frå muslimsk bakgrunn søkjer kontakt med kristne. Dei har møtt kristen forkynning eller spor av Jesus på internett eller på kristen TV retta mot eit arabisk og muslimsk publikum. 

– Slike samtalar har vi alltid hatt. Men dei siste åra er det blitt langt fleire, seier Amir. Av tryggingsgrunnar brukar vi ikkje det rette namnet hans. Arbeidet hans har i mange år vore støtta av Stefanusalliansen. Saman arrangerer vi konferansar for kristne med muslimsk bakgrunn på Den arabiske halvøy. Slik får dei som i det daglege aldri vågar å møta nokon med same tru, eit felleskap. 

Ein av grunnane til at det er blitt fleire samtalar er at det i dag er meir enn 20 kristne TV-kanalar retta mot den arabiske verda. Sju kanalar spesialiserer seg på å nå muslimar. 

 

Eg forklarar at dersom Gud verkeleg ville ha drepe meg, hadde han sendt eld frå himmelen. 

Pastor Amir 

 

Sterkt sosialt press 
I landa på Den arabiske halvøya er det ikkje lett å vera Kristus-truande med muslimsk bakgrunn. Mange tek ikkje sjansen på å møta andre andlet til andlet. Det sosiale presset er sterkt i ein kultur der religion, familie, identitet og tru er vevd tett saman. Byter du tru, risikerer du å mista alt, sjølv der det ikkje er straffbart å gå vekk frå islam.  

I alle kongedøma, unnateke Saudi-Arabia, er det bygt kyrkjer for gjestearbeidarar. Mange av gjestearbeidarane er sjølve konvertittar frå islam eller hinduisme i sine heimland som India, Syria, Nepal, Bangladesh og Filippinane. Desse får aldri statsborgarskap, men dei kan møtast i kyrkjer. 

Men konvertittar som er borgarar i landa på Den arabiske halvøy, kan ikkje stå ope fram som kristne. Dei kan ikkje oppsøkja kyrkjene, kanskje med unntak av i Kuwait. 

– Det ville skapt store problem både for kyrkja og konvertitten, forklarar Amir. 

– Kristus-truande med muslimsk bakgrunn kan dei aller fleste stader difor ikkje møtast. Dei kan ikkje fortelja om trua  til familien, i alle fall ikkje til heile familien. Dei har lese i Koranen at dersom nokon går bort frå islam, vil familien deira hamna i helvete fordi dei ikkje passa på. Ofte forstår ikkje familien kvifor nokon skifter religion, islam er ifølgje Muhammed den siste og beste religionen. 

Amir leier eit nettverk som i mange år har organisert sommarteneste i fleire byar i Europa. Der møter dei arabiske studentar med muslimsk bakgrunn også frå Den arabiske halvøya. Dei er i Eiropa for å studere engelsk. Der kan Amir og dei andre dela ut biblar til muslimar, noko dei ikkje kan heime. 

– Vi møter folk som seier: «Det du seier er klart, men vi har aldri høyrt det før.» 

 

Vi spør dei: «Dersom Bibelen er falsk, kvar er originalen? Når blei den forfalska?»

Pastor Amir

 

Bibelen er nøkkelen 
– Kva er nøkkelen til å opna ein samtale om tru? 

– Det er Bibelen. Muslimane seier ofte at Bibelen er endra, at den er korrupt. Det er det dei blir lært i moskear og skular. Vi spør dei: «Dersom Bibelen er falsk, kvar er originalen? Når blei den forfalska?» Vi får ikkje svar. Dette er logiske spørsmål som gjer at vi kan samtala. 

Amir får også andre spørsmål, ikkje minst dette: «Kvifor døydde Kristus på korset»? Muslimane ser på Jesus som ein profet, men avviser at han døydde på eit kors.  

– Muslimane trur at Jesus er i live. Dei veit at Muhammeds grav er i Medina og at Abrahams grav er i Hebron. Men Jesus har inga grav. Muslimane trur at han mirakuløst vart berga av Gud og teken opp i himmelen. Ein del muslimar trur at han skal koma igjen. Dette fører til mange samtalar, seier Amir og legg til: 

– Muslimane har 99 namn på Gud, men ingen av dei er «kjærleik». Vi forklarar at Gud er kjærleik. Mange veit lite om sin guddom, som dei tilber, men mykje om Muhammed. Muslimar er opplært til aldri å stilla spørsmål til Gud. 

 

Muslimane veit at Muhammeds grav er i Medina og at Abrahams grav er i Hebron. Men Jesus har inga grav.

Pastor «Amir»

 

Arrestert i Irak 
Amir har i meir enn 30 år hatt som kall å driva eller inspirera til misjon i den arabiske verda. Saman med fleire blei han arrestert i Nord-Irak på 90-talet då Saddam Hussein angreip kurdarane. Saddam hevda dei var spionar.  Amir kom seg heim til kona i Egypt. Han drog deretter til Jemen. Amir har alltid vilja inspirera arabiske kristne til misjon i arabiske land. 

Han er svartelista i Saudi Arabia. 

– Eg kjenner personleg 25 Kristus-truande med muslimsk bakgrunn i Saudi-Arabia. Eg har høyrt rapportar om store tal, men ingen har sikre tal. Dei lever hemmeleg med trua si. Men nokre får vi følgja opp, også ved at dei får vera med på konferansar utanfor området. Då skaper vi ei slags kyrkje for dei. 

Sterke vitnesbyrd frå Saudi-Arabia
Amir har høyrt sterke vitnesbyrd også frå Saudi-Arabia, som dette frå ei kvinne som møtte Jesus i ein draum. Jesus svarte henne i draumen. Kvinna fortalte neste morgon mannen om draumen. Han sa: «Vi er muslimar, ikkje kristne.» Ho hugsa alt Jesus hadde sagt i draumen og fortalte det. Då byrja mannen å søkja på nettet etter dei setningane kona hadde fortalt om. Han fann ein TV-kanal som formidla desse. Dei tok kontakt – og begge ville bli døypte. 

 

Kristus-truande med muslimsk bakgrunn kan dei aller fleste stader difor ikkje møtast.  

Pastor Amir 

 

Kulturell skepsis 
Jesus-truande med muslimsk bakgrunn søkjer folk dei trygt kan kommunisera med. 

– Kvinnene er mest aktive i sosiale media, som Facebook. Kvinnene har betre tid enn menn. Menn sender oftare spørsmål etter å ha sett på TV, fortel Amir. 

På Facebook skriv folk under oppdikta namn. Men Amir seier at spørsmåla avslører at det er kvinner som spør, sjølv når dei brukar mannsnamn. 

– Mange spør kvifor muslimske menn kan ha fleire koner og så lett kan skilja seg, medan det er vanskeleg for kvinner, fortel Amir. Han er sikker på at dette er spørsmål frå kvinner. 
 
Mange muslimar har sterk kulturell skepsis mot kristen tru, som dei forbind med mykje vestleg kultur, formidla via fjernsyn. 

– Mange trur at det å bli kristen inneber mykje alkohol og sex med kven du vil. Vi forklarar at trua på Jesus ikkje er dette. Vi forklarar at vi som kristne berre har éi kone. Medan muslimar har kontrakt mellom ektefellar, har vi kristne ei pakt. Difor er det vanskelegare å skilja seg. Ja, det er skilsmisser, men ikkje ei vidopen dør, slik det er for muslimske menn, seier Amir. 

 

På Facebook er det mange som spør kvifor muslimske menn kan ha fleire koner og så lett kan skilja seg. 

Pastor Amir 

 

«Amir» møter sinne 
Han fortel at samtalar ofte kjem inn på IS, «som krev at eg vert drepen dersom eg ikkje fastar og ber slik dei vil». 

– Eg forklarar at dersom Gud verkeleg ville ha drepe meg, hadde han sendt eld frå himmelen. Eg seier at jobben min ikkje er å forsvara Gud. Eg spør kvifor han eller ho ser det som sin jobb å forsvara Gud. 

– Møter du folk som blir sinte på deg? 

– Ja, det gjer eg. Eg spør kvifor – og får som svar at dei er sinte fordi eg er imot dei. Men eg er ikkje imot dei. Eg forklarar at eg ifølgje Bibelen skal elska mine fiendar, seier Amir og avsluttar: 

– Eg seier til dei: «Du er ikkje min fiende.» 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 3-2024

 

 

 

 

AKTUELT

Prosjekt