Mama Maggie får arabisk håpspris - Stefanusalliansen
Mama Maggie hjelper barn i Kairos søppelby.

Mama Maggie hjelper barn i Kairos søppelby.  


Mama Maggie, som er Stefanusalliansens partner i Egypt, var ein av fem prisvinnarar. Dette er første gongen prisen blir delt ut, og Mama Maggie er den einaste kristne blant prisvinnarane.

Prisen blei delt ut av Mohamed Bin Rashed Al Maktoum. Han er statsminister og visepresident i Dei sameinte arabiske emiratane og herskar av Dubai. Tildelinga skjedde i nærvær av 25 000 menneske i Dubai 19. mai.

Sjeik Mohammed Bin Rashed lanserte prisen «Arab Hope Maker» i februar. Han ville anerkjenne «framståande individ og institusjonar i teneste for samfunnet og i humanitært arbeid» i heile den arabiske verda.

Verdsetjing
Under utdelinga vart først Nawal Al Soufi frå Marokko annonsert som vinnaren av prisen på 1 million AED – den lokale valutaen, Emiratarabisk dirham. Det var eit «finaleheat» på fem finalistar av 65 000 nominerte.

Men på slutten av seremonien overraska sjeiken alle dei frammøtte med å gje pris på 1 million AED til alle dei fem finalistane. Mama Maggie var ein av dei fem i finaleheatet. Ho har brukt 27 år av livet sitt på å hjelpe menneske i søppelbyen og slummen i Kairo.

– Vi takkar Gud for denne anerkjenninga. Dette er det første initiativet for å verdsetje positive handlingar på breidt nivå i den arabiske verda, heiter det frå Mama Maggies stab i Kairo.

– Verdien av eit menneskeliv kan ikkje samanliknast med nokon annan verdi, sa Mama Maggie i takketalen sin i Dubai. Ho leier arbeidet Stephens Children.

Får augo opp
Eyvind Skeie som har skrive bok om Mama Maggie og følgt henne i kring 15 år, er svært glad for prisen.

– Muslimske leiarar får augo opp for den innsatsen Mama Maggie gjer i det egyptiske samfunnet, seier Skeie.

Han var saman med dåverande generalsekretær Bjørn Wegge i Norsk Misjon i Øst då Mama Maggie vart valt som partner for noverande Stefanusalliansen. Skeie har skrive bok om henne, og han og Wegge møtte henne i Kairo tidlegare denne månaden då dei var reiseleiarar for ei gruppe på i overkant av 20 kyrkjelege medarbeidarar på studietur.

– Vi møtte henne på ein av dei to skulane ho nyleg har starta med plass både for kristne og muslimske elevar. Det kom ein delegasjon frå Dubai medan vi var der for å fortelje at ho var ein av finalistane for prisutdelinga. Vi merka at Mama Maggie var svært glad for å vere blant dei fem som skulle kjempa om sjølve prisen, seier Skeie.

Han er trygg på at gleda er stor også at ho faktisk fekk prisen.

Ut i samfunnet
Skeie noterer seg at Mama Maggie ved å starta to store skular for både kristne og muslimske elevar, tek steget ut i samfunnet på ein ny måte enn før. Skulane er offentleg godkjende.

– Mama Maggie ser at ho er blitt ein offentleg person. Ho tek den samfunnsrolla som følgjer av dette. Vi har snakka mykje med henne om dette gjennom åra. Der kjem prisen inn. Tidlegare har Mama Maggie fått pris av Rotary i Egypt med mange muslimske leiarar. Dei ser den positive rolla Mama Maggie spelar i den arabiske verda – Mama Maggie står trygt i den kristne tradisjonen sin, men opptrer respektfullt i samfunnet. Det vert verdsett.

Skeie seier at biskop Thomas, den andre partneren for Stefanusalliansen i Egypt, står i ein stor institusjon – den koptisk ortodokse kyrkja. Mama Maggie er derimot frittståande utan ein sterk organisasjon rundt seg.

– Den verdsetjinga som ligg i denne prisen, er svært viktig, også for tryggleiken hennar. Tidlegare låg tryggleiken i at ho var ukjent. No blir ho meir eksponert. Men tryggleiken ligg no i at ho er kjent, seier Skeie.

AKTUELT

Prosjekt

Egypt: Stefanusbarna

På «søppelfjellet» i Kairo bor det tusenvis av kristne familier som er overlatt til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærlighet har Mama Maggie gjennom tre tiår bygget opp et arbeid som kalles Stefanusbarna. Stefanusalliansen støtter dette arbeidet.