Angrep på godkjent kirke under bygging kommer dager etter ildspåsettelse i annen landsby i Minya-provinsen.
Mama Maggie får nye prisar for innsatsen i Kairos ‘søppelby’
Mama Maggie blir æra for trufast innsats for fattige barn. Ho får den tredje utmerkinga på kort tid.
Mama Maggie som har gitt livet sitt for at tusenar av fattige barn i Kairos «søppelby» og slum, skal få eit verdig liv, gjennom Stefanusbarna, har fått to nye æresutmerkingar.
Biola University i Sør-California gav henne onsdag 21. mars «Charles W. Colson Courage and Conviction award». Det skjedde på den 89. misjonskonferansen. Prisen er oppretta for å æra dr. Colsons innsats i kristen teneste, disippelskap og evangelisering, heiter det.
Prisen vart etablert i 2014 og blir kvart år gitt til eit menneske som «demonstrerer dedikert innsats for sanninga i det bibelske verdsbiletet, og ein vilje til å handla på bibelske prinsipp, sjølv kor risikabelt og utfordrande det kan vera». Prisen er ein plakett.
Mama Maggie grunnla Stefanusbarna i 1989 etter å ha gitt opp karriera som forretningskvinne og professor ved American University in Cairo. Ho har vore Stefanusalliansens partner sidan 2005.
– Mama Maggie, du er ein inspirasjon av mot og kristen rettferd for oss alle, sa Biola-president Barrey Corey under utdelinga.
– Takk for at du var viljug til å ta opp krossen og følgja Kristus. Takk for at du viser sterk, audmjuk ånd i den kristne tenesta. Takk for at du har gjort så stor skilnad for mange liv, på grunn av Jesus Kristus, sa Corey.
Her kan du sjå prisoverrekkinga på video
Mama Maggie har tidlegare fått Arabisk håpspris, av herskaren av Dubai.
- Les også Eyvind Skeie om Mama Maggie og biskop Thomas: De bryr seg om både kristne og muslimer
18. mars fekk Mama Maggie også ei æresutmerking av president al-Sisi i Egypt for innsatsen sin.Prisen var eit diplom, eller eit sertifikat.