Kristne i Pakistan er redde for nye ekstremist-angrep. Men også andre minoritetar møter hat og vald.
Kristne Maira (14) flykta frå tvangsekteskap i Pakistan
Den 14 år gamle pakistanske jenta som blei dømt til å bli verande hos ein muslimsk mann, har klart å flykta. Ho krev å få ekteskapet nulla.
Maira Shahbaz er i trygge hender. Politiet i byen Rawalpindi har fått ordre av Punjab-provinsens høgsterett om å verna den unge jenta. I morgon, fredag, skal Maira møta hos politisjefen i Rawalpindi. Maira har i denne dramatiske vendinga av saka fått advokat gjennom Stefanusalliansens partner Human Friends Organization (HFO).
– Vi er glad for at Maira klarte å flykte, og vi hjelper henne med ein dyktig advokat – Sumera Shafique. Maira har fått hjelp til å fylla ut søknader om å få både ekteskapet og konverteringa oppheva, seier Sajid Christopher, leiar i HFO.
Avisa The Nation skriv at Maira vart bortført, valdteken og utsett for utpressing med hjelp av ein video av valdtekter.
«Eg vart kidnappa med hjelp av våpen 28. april 2020 av Nakash Tariq og to andre medsamannsvorne. Dei tok meg med til ein ukjend sted, der Nakash voldtok meg fleire gonger, medan eg vart truga med våpen. Dei laga ein video av dette og truga meg med at den ville bli vist isosiale medier. Eg og heile familien er i ekstrem fare,» sa Maira i retten torsdag.
Ho vert skjult av eit parlamentsmedlem, Naveed Amir Jeeva. Jeeva som er kristen, er også medlem i eit internasjonalt nettverk for parlamentarikarar for trusfridom – IPPFORB.
Dømde Maria til å bli
Punjab-høgsterettens avdeling i byen Lahore dømde Maira til å bli hos den muslimske mannenn som familien til Maira sa hadde bortført henne og fått henne tvangskonvertert og inngått tvangsekteskap. Domstolen nekta å høyra på at ekteskapsattesten var forfalska og at jenta var 14, ikkje 19 år som ho – under tvang og frykt – hevda.
Etter at Maira rømde frå kidnapparen og tvangsekteskapet torsdag, er det Punjab-høgsterettens avdeling i Rawalpindi som har saka. Domstolen har altså beordra politiet til å verna 14-åringen. I dag (fredag 26) skal Maira Shahbaz møta hos politisjefen i Rawalpindi, saman med advokaten sin.
– Stolar du på politiet og rettsvesenet no, Sajid Christopher?
– Eg kan ikkje seia at eg stolar fullt og fast på politiet. Då Punjabs guvernør Salman Taseer i 2011 vart drepen fordi han støtta den då dødsdømde Asia Bibi, vart han drepen nettopp av ein politimann. Vi håpar det er betre og tryggare no, seier Sajid Christopher.
– Fryktar du at dommen i Lahore-retten fører til fleire saker der kristne og hindujenter blir bortførte, tvangskonverterte og tvangsgifta?
– Dommen i Lahore som sende Maira tilbake til den muslimske mannen, oppmuntrar slike menn. Det var eit klart tilbakeslag. Difor må vi få eit tydeleg forbod og ei klar handheving av eit forbod mot tvangskonvertering og tvangsekteskap av minoritetsjenter, seier Sajid Christopher.
Første steg – krev forbod
Parlamentet i Pakistan har nyleg nedsett ein komité som skal arbeida mot tvangskonvertering og tvangsekteskap. Sajid Christopher er glad for det, og dette er noko han har kjempa for som talsmann for minoritetane i Pakistan.
– Men det er berre eit første steg. Vi må få gode verktøy til å stoppe praksisen.
Stefanusalliansen tok bortføring, tvangskonvertering og tvangsekteskap av minoritetsjenter i Pakistan opp med Utanriksdepartementet i eit opprop som vart overlevert under fakkeltoget for trusfridom i november 2019. Oppropet handla om ulike overgrep som rammar kvinners trusfridom
Stefanusalliansen vil ta denne saka opp med Utanriksdepartementet, opplyser generalsekretær Ed Brown.
– Vi vil ta saka til Maira Shahbaz opp med Utenriksdepartementet og be dei ta kontakt med ambassaden i Islamabad for å følgja opp saka med relevante styresmakter i Pakistan, seier Brown.
Stefanusalliansen dekkjer også dei kostnadane som Human Friends Organization i Pakistan har til advokat for Maira.