Larisa i Kyiv: Har bede om Guds hjelp til ikkje å hate alle russarar - Stefanusalliansen
– Eg må leva med at verda er delt: nokre støttar Russland, andre støttar Ukraina, sier Larisa, her fotografert i Oslo. 

– Eg må leva med at verda er delt: nokre støttar Russland, andre støttar Ukraina, sier Larisa, her fotografert i Oslo.   


HØR INTERVJUET SOM LYDFIL

Vladimir Putins brutale krig kom som eit sjokk også på Larisa Musayelyan og familien hennar. 

I fire år hadde Larisa og mannen Arthur leia ei lita evangelikal kyrkje i den ukrainske hovudstaden Kyiv. Dei budde i forstaden Butsja, mot nordvest.  

Larisa reiste til ein bibelkonferanse i Dubai to dagar før krigen kom. Dit drog Arthur etter eit besøk i heimlandet Armenia. 

– Eg trudde ikkje at Russland ville overfalla Ukraina, seier Larisa. 

Men natta til den 24. februar sleit Larisa med å sova. Ho hadde en uro i kroppen. Så stod ho opp og fekk snart grufulle meldingar heimanfrå. 

Gøymde seg i kjellaren 
Heime i Butsja var den eine av døtrene, Armine, åleine. Til foreldra sende ho illevarslande videoar av russiske krigshelikopter og av svart røyk frå eksplosjonar frå kampane om flyplassen Hostomel. 

Armine gøymde seg i kjellaren, først åleine, så saman med ein familie frå kyrkja. Då familien reiste ut av landet, våga Armine ikkje å dra. Men så fekk ho panikk. Saman med ein ny familie kom ho seg til Irpin, sørvest for Kyiv. Frå bilen såg dei krigens gru: døde soldatar og utbrende køyretøy i gatene. 

Den 3. mars tok Armine seg med hjelp av to menn frå kyrkjelyden i Kyiv, over Irpin-elva, under den knuste brua. I Kyiv møtte Armine ei kvinne som tok henne med ut av landet. Men i staden for å bli med til Noreg, slik planen var, reiste Armine frå Warszawa til Praha. Etter 17 dagar med tårer og uvisse vart det gjensyn med foreldra og søstera i Praha den 11. mars. 

Massakrar
Enno visste dei ikkje det vi no veit: Den 31. mars vart det i Butsja, landsbyen der dei budde, gjort opprørande funn etter russiske valdtekter og massakrar: torturerte lik låg i gatene og i massegraver. 

Frå Praha engasjerte Larisa og Arthur seg i å skaffa mat og medisinar til gamle og einslege som ikkje var i stand til å flykta frå Ukraina. Utpå våren bestemte Larisa og Arthur seg for å reisa tilbake til Kyiv for å hjelpa til der. 

I juni tok Larisa vegen om Oslo for å møta Stefanusalliansen før siste etappe mot Kyiv.  

– Eg håpar at eg er sterk nok, sa Larisa i eit intervju med Magasinet Stefanus. 

Eit vondt møte med heimlandet venta. Meir om det seinare. 

Misjon i Sentral-Asia 
Larisa gifta seg i 1996 med Arthur frå Armenia. Han fekk kall til å bli misjonær i eit land i Sentral-Asia. Tre månader etter bryllaupet reiste dei. 

Men Arthur spurte Gud om han hadde gløymt at Arthur var armenar, etterkomar av dei som overlevde det tyrkiske folkemordet mot armenarane kring 80 år tidlegare. Arthur bad Gud læra han å elska muslimar. 

På slutten av 1996 kom dei som nygifte til eit fattig folk – utmatta av ein borgarkrig som var i ferd med å ta slutt.  

– Vi møtte mange søkjande, fortel Larisa. 

Stramma kraftig inn
Fem år var gått sidan Sovjetunionen gjekk i oppløysing og landa i Sentral-Asia vart sjølvstendige. Pastorparet fekk evangelisera fritt på gater, skular og universitet. 

Men i 1997 vart det stramma kraftig inn. Kyrkja deira og andre kyrkjer mista registreringa. Utanlandske misjonærarar vart kasta ut av landet. Larisa og Arthur fekk bli, som borgarar av tidlegare Sovjet-republikkar. Men i fire månader måtte kyrkja deira feira gudstenester på ei elvebreidd. 

– Folk var gjestfrie og varme. Men vi måtte tenkja nytt om korleis vi kunne dela trua utan å øydeleggja relasjonar. Vi måtte finna eit samarbeid med staten som gjorde det råd å driva kyrkjeteneste og unngå unødig forfølging. 

Dei starta barneheim som gav gatebarn eit verdig liv. 

Statens to andlet 
Mange pastorar vart tvinga til å signera eit KGB-dokument der dei lova samarbeid. Arthur slapp, men andre blei forsøkt pressa til å bli informantar.  

– Styresmaktene hadde to andlet: Kyrkja fekk registreringa tilbake. Men vi var overvaka. Dei samla informasjon som dei kunne bruka, seier Larisa. 

Dei var likevel tryggare enn lokale som kom til tru. 

– Dei kunne bli kasta ut av heimane sine, mista jobben eller plassen på universitetet. Kvinner kunne bli tvinga til skilsmisse. Familiar som har konvertert, blir ofte nekta gravplass. Vi måtte tenkja nøye over kva vi sa og gjorde. Vi hadde ansvar for at lokale kristne ikkje fekk unødige problem. Vi kunne ikkje la dei tre barna gå åleine til og frå skulen. Det gjekk bra, men vi var på vakt. 
 
Familien kunne ta ferie berre ein gong kvart tredje år. Første gongen dei var i Arthurs heimland, forstod dei kor sterkt press dei dagleg levde under. Då paret avslutta tenesta i 2008, bestemte dei seg for å gje pastorar i Sentral-Asia eit pusterom. Saman med eit anna pastorpar med 20 års teneste i Sentral-Asia bak seg, bygde dei opp «Josefs hus» i eit trygt land (sjå faktaboks). 

 

Styresmaktene i Sentral-Asia har to andlet. 
Larisa 

 

 

Huset i Butsja står utbrent tilbake etter møtet med den russiske krigsmaskina.  Foto: Privat 

Utbrent hus 
I 2018 fekk Arthur kall til å bli pastor i Kyiv. Larisa var glad for at ho kom heim til Ukraina. I Sentral-Asia hadde dei flytta 13 gonger på 12 år. No fekk dei sitt eige hus i Butsja, med eigne møblar og meir ro. 

Men ho forstod ikkje kvifor Gud trengde dei i ein by med over 200 kyrkjer. 

– I dag forstår eg kvifor vi trengst i Kyiv, seier Larisa i juni, dagen før ho tek fly til Polen og deretter tog inn i krigens Ukraina. 

Ho viser oss bilete som naboar har sendt av huset i Butsja. Det er utbrent og øydelagt. 

I august intervjuar vi Larisa igjen. Vi gjer det digitalt, Larisa sit i Kyiv. For ein rimeleg sum har dei fått leiga husvære av ein familie. Mannen er i krigen. Kona og dottera har flykta. 

Tårer over krigen
Larisa fortel om arbeidet med å dela ut naudhjelp som hjelpeorganisasjonar skaffar. Ho vekslar mellom forteljingar om ukrainsk vilje til å leva, og tårer over krigen. 

– Gud har ikkje lovd at vi ikkje skal ha problem, men Han vil vera med oss i alt. Også dette. 

Saman med dottera Armine valde Larisa og Arthur å reisa til Butsja for å sjå det utbrende huset der Armine sat skrekkslagen til ho kom seg ut. 

– Det var tungt, men viktig. Vi fekk bearbeidd det. No kjenner eg meg rolegare, fortel Larisa. 

Nye kjem til tru 
Då Larisa og Arthur kom tilbake til Kyiv, var det berre 20 tilbake i kyrkja. Resten hadde flykta. Men mange er opne for evangeliet. 

– No er vi blitt 50. Søndag døypte vi 10, fortel Larisa i august. 

Larisa har måtta læra seg å leva med ulande luftvernsirener. Verre er det å få brutale meldingar. I eit angrep på Kharkiv dagen før intervjuet, mista eit barn Larisa og Arthur kjende, livet.  

Russisk prest forsvarar drap av sivile
Larisa tek til tårene. Så fortel ho at like etter angrepet kunne ho på eit nettforum sjå ein protestantisk russisk prest skriva at «dagens angrep på Kharkiv var nødvendig». Anatoliy Dremov skreiv at krigen som «berre skulle vara i to veker (...), har utmatta oss alle». Så la han til: «Det er på tide å ta meir radikale grep. Øydelegging av sivile kan gjera inntrykk i Kyiv, og det kan hjelpa oss å vinna krigen. Diverre finst det ikkje andre måtar å vinna denne krigen på. Gud er på vår side.» 

– Det er tungt å vita at russiske kristne skriv dette om lidinga vår, seier Larisa. 

 

Gud har ikkje lovd at vi ikkje skal ha problem, men Han vil vera med oss i alt.  

Larisa 

 

Kamp mot hat 
I Oslo i juni spurte vi om Larisa kan elska russarar etter dette. Ho svarte med å fortelja at ho like etter at Russland starta krigen i Donbass i 2014, drog ein tur til Moskva. 

– På toppen av ei rulletrapp på flyplassen såg eg utover ei folkemengd. Eg kjende avsky mot russarane. Dette la eg fram for Gud, som hjelpte meg til ikkje å hata alt russisk og alle russarar. Men eg hatar ideologien som seier at Russland vil gjenoppbyggja Sovjetunionen. 

Larisa fortel om smerta over at sentrale folk i kyrkja som ho og Arthur leia i 12 år i Sentral-Asia, støttar Putins «spesialoperasjon». Dei seier at det Larisa fortel, er propaganda og løgn. 

– Eg klarar ikkje å ha kontakt med dei. 

– Kan såra lækjast? 

– Eg veit ikkje. Det er vondt å møta folk som seier at «kristne må tilgje». Så lenge valdsmannen er i huset, kan ingen venta at vi skal tilgje. Når valdsmannen ein dag er borte, kan vi snakka. Men ikkje no. 

I august spør vi om Larisa har høyrt frå kyrkja i Sentral-Asia sidan sist. 

– Kyrkja skal feira 30-års-jubileum i september. Vi er inviterte. Vi har også fått sjå at det er fleire stemmer der. Sentrale folk støttar framleis krigen. Men det er også folk som støttar oss og ber for oss. Eg har arbeidd med meg sjølv. Eg må leva med at verda er delt, at nokre støttar Russland, medan andre støttar oss, fortel Larisa. 

 

Josefs hus 

Held til i eit trygt land i Asia. 

For misjonærar, pastorar og familiane deira i teneste i Sentral-Asia. 

Rekreasjon, samtale, forbøn, kristent fellesskap og helsesjekk. 

Stefanusalliansen støttar prosjektet. 

 

Nettverk for kvinner 

I to land i Sentral-Asia støttar Stefanusalliansen årlege konferansar for kvinner. Dei er gifte med pastorar, er misjonærar eller har andre utsette tenester. 

Ein av konferansane vert arrangert av kyrkja Larisa og Arthur leia. 

Hjelp til å takla krevjande utfordringar i teneste og familieliv. 

 

AKTUELT

Prosjekt