Kvinnene ‘sladrar evangeliet’ –– difor veks kyrkjene i Nepal - Stefanusalliansen
Det store fleirtalet på gudstenesta i The Lords Assembly i Kathmandu er kvinner. Foto: Johannes Morken

Det store fleirtalet på gudstenesta i The Lords Assembly i Kathmandu er kvinner. Foto: Johannes Morken  

Nepal*   

I dag er BP Khanal pastor, politikar og menneskerettsaktivist. Ei bibelgruppe som den unge BP Khanal drog i gang då han blei kristen for 30 år sidan, er blitt til to kyrkjelydar med 600 medlemmer og 44 satelitt-grupper – med i alt 6000 medlemmer, barn inkludert.

Han har invitert Magasinet Stefanus til gudsteneste i «The Lord´s Assembly» («Herrens forsamling») i Kathmandu ein laurdag morgon. Av dei drygt 200 i det stappfulle rommet, er eit stort fleirtal kvinner.
 

Kvinner har bore evangeliet her i Nepal. Dei har vore kyrkjeplantarane.

Dilli Ram Paudel
 

Tre av fire er kvinner
Dilli Ram Paudel, generalsekretær i Nepal Christian Society, seier at innpå 75 prosent av dei kristne i Nepal er kvinner.

– Kvinner har bore evangeliet her i Nepal. Dei har planta kyrkjer. Ei av dei viktigaste kjeldene til vekst, er kvinner som 'sladrar' om evangeliet i kvardagen, og med det bringar mange til den frelsande kunnskapen om Jesus Kristus, seier Paudel til det amerikanske magasinet Christianity Today.  BP Khanal seier til Magasinet Stefanus at han er einig.

Christianity Today gjev ei kulturell forklaring på den sterke kyrkjeveksten:

«Kyrkjene tilbaud eit relativt egalitært alternativ til kaste- og kjønnshierarkiet. Medan menn tradisjonelt går på jobb for å dyrka ris eller andre korn, møtest  kvinner ved brønnar, på marknaden og medan dei utfører daglege gjeremål. Kristne kvinner har sett desse møteplassane som høve til å dele evangeliet med andre.»

840 000 kristne
Offisielle tal lyder på 1,7 prosent kristne, av eit folketal på 30 millionar. Nepal Christian Society har lagt mykje arbeid i ei fersk spørjeundersøking som kom til 2,8 prosent eller kring 840 000 kristne, eller rettare: 660 000 vaksne.

– Andre spekulerer i fem prosent kristne i Nepal. Undersøkinga er det næraste vi kjem sikker kunnskap. Eg trur ikkje det er over tre prosent kristne, seier BP Khanal.

Ingen kjende kristne
Då det moderne Nepal blei til i 1951, fanst det ikkje kristne. Konvertering var forbode. Eitt år seinare vart den første kyrkja etablert, av nepalesiske kristne som kom frå India.

På starten av 1970-tallet var det rundt 500 døypte. Evangelisering hadde ei øvre strafferamme på tre års fengsel – konvertering kunne straffast med seks års fengsel. Men kristne heldt fram med å fortelja om Jesus.

I 1990, då ei demokratisk reform avkriminaliserte konvertering, var det kring 50 000 kristne. Dette var ei viktig tid for den unge BP Khanal. Han var blitt med i kommunistpartiet som 14-åring – i 1982. Ateisten hadde aldri hatt kontakt med kristne – ikkje før fetteren kom heim frå India i 1987, etter 12 års fråvær. Der var fetteren blitt kristen. Det vart teke svært ille opp heime hos han. 

– Familien forfølgde han. Eg vart beden om å koma for å berga fetteren, fortel BP Khanal. 

Då fetteren etter råd frå BP reiste tilbake til India, bad den unge kommunisten han om ein bibel.

– Fetteren nølte, men gav meg ein bibel. Eg las. Etter fire år innsåg eg at Bibelen er sann og verkeleg. Eg tok imot trua i 1991. Fetteren min trudde først ikkje at eg, som han kjende som ein streng kommunist, var blitt kristen. 

 

Etter fire år innsåg eg at Bibelen er sann og verkeleg

BP Khanal
 

Bibelgruppe
BP Khanal arbeidde i ein møbelbutikk. Sjefen tipsa han om ein annan arbeidsgjevar – som viste seg å vera kristen og pastor.

– Men eg ville ikkje gå i ei kyrkje og bad pastoren fortelja meg om trua og kva ei kyrkje er.  Etter få veker var vi blitt 18 på hybelen min. Hybelverten sa vi ikkje kunne møtast så mange. Eg fann eit lokale vi kunne leiga.

Det blei i 1992 starten på kyrkja som vi besøkjer denne laurdagen. BP Khanal vart ordinert som pastor i 1994. Men han fekk raskt tak i ein eldre pastor som kunne leia kyrkja i det daglege – og som framleis er hovudpastoren.

Det er fullt opp av motorsyklar mellom bygget med kyrkjesal i første etasje og eit nabobygg med aktivitetsrom for barn, eit par husvære og kontor. Kyrkjelyden sparar pengar for ein dag å riva og byggja nytt, med større kyrkjerom og betre lokale.

Spent
Nepal har gjeninnført forbodet mot konvertering og innførte i 2018 også ein blasfemiparagraf. Det er veksande press frå hindunasjonalistar.

– Likevel veks kyrkjene. Men eg er spent på framtida, seier BP Khanal.

AKTUELT