Kvifor er det musestille om eit bestialsk blasfemi-drap i Nigeria? - Stefanusalliansen
Den kristne nigerianske økonomistudenten Deborah Samuel blei lynsja til døde og sett fyr på. Det som var att av henne blei lagt i grava to dagar etterpå.

Den kristne nigerianske økonomistudenten Deborah Samuel blei lynsja til døde og sett fyr på. Det som var att av henne blei lagt i grava to dagar etterpå.  

Nigeria   
Blasfemi   


Kvifor er det musestille om eit bestialsk blasfemi-drap på ein kristen student i Nigeria? 

Deborah Samuel studerte økonomi den nordvestlege delstaten Sokoto. Den vart 12. mai vart ho steina til døde og deretter sett fyr på av medstudentar ved Shehu Shagari College. Medstudentar skulda henne for å ha håna profeten Muhammed.  

Men her i landet har det – både i politikk og media – vore like stille som i Deborah Samuels nitriste grav. I Nigeria er det derimot ikkje stille. Det treng norske avislesarar å få vita. 

Ein medstudent av Deborah hadde posta islamsk materiell i ei eksamens-førebuande gruppe på WhatsApp. Deborah la ut ei lydmelding – på språket hausa – om at dette var ei gruppe som skulle førebu studentane til eksamen i økonomi og ikkje drøfta religion. Ho bed om fjerning av dei «tullete religiøse innlegga.» 

Skulda for blasfemi 
Deborah Samuel vart skulda for å ha spotta profeten Muhammed, altså blasfemi. Kort tid etter var den unge jenta drepen. Medstudentane som steina henne til døde før dei sette fyr på henne mellom bildekk, var tydeleg stolte. Dei filma mordet og viste andlet. «Dei visste at dei ikkje berre fekk løn i himmelen, men også her på jorda», skriv spaltist Achime Chude i den engelske avisa The Guardian. 

To studentar blei arresterte. Ein flokk unge tok deretter til gatene med krav at dei to straks vart sette fri. Demonstrantane gjekk laus på butikkar som var eigde av kristne og øydela 11 bygningar. Dei tok seg også inn i palasset til sultanen av Sokoto, ein høgtståande muslimsk leiar. Han hadde fordømt drapet på den kristne studenten. Demonstrantane nekta å fjerna seg. 

Ein radikal imam publiserte ein video med biletet av den drepne tidlegare leiaren av terrorgruppa Boko Haram som bakgrunn: «Drep den som hånar Guds profet. Ikkje kast bort tid på å varsla styresmaktene, berre drep vedkomande.» 

Dødsfelle 
Det var blodige ord for pengane. Drapet på Deborah Samuel er berre eitt av svært mange som har gjort Afrikas mest folkerike land til ei rein dødsfelle. I Nigerias straffelov er det to års fengsel for blasfemi. Men i fleire nordlege delstatar som har innført islam som statsreligion og sharia som straffelov, er det – på tvers av grunnlova – steining til døde både for utruskap og blasfemi. Dette rammar både kristne og muslimar som ikkje held seg til Boko Harams blodige utgåve av islam. 

I helga gjekk kristne frå fleire tusen kyrkjer i Nigeria saman i protest og bøn mot den sekteriske draps- og valdsbølgja. I delstatane i sør, der fleirtalet er kristne, var det fredelege demonstrasjonar. I nord der det er muslimsk majoritet, gjennomførte kristne leiarar ei stille samling i ei kyrkje i Kaduna. Lokale styresmakter hadde nedlagt forbod mot demonstrasjonar, sidan radikale muslimar hadde truga med motdemonstrasjonar. 

Drapet blei fordømt av presidenten i Nigeria som sa at ingen har rett til å la lova i sine eigne hender. Men dei arresterte risikerer berre to års fengsel for konspirasjon og for å ha skapt offentleg uro. Til grotesk samanlikning fekk ateisten Mubarak Bala, leiaren i humanistforbundet i landet, i april 24 års fengsel for tilstått blasfemi. Profetens ære er altså vesentleg meir verd enn eit menneskeliv. 

Avretta 20 kristne 
Same veka som Deborah Samuel vart myrda, publiserte den islamistiske terrorgruppa IS Vest Afrika Provinsen (ISWAP) ein video som viste drap av 20 kristne i den nigerianske delstaten Borno. Ein av dei maskerte mennene hevda at drapa var hemn for at ISWAP-leiarar var drepne i Midtausten. 

ISWAP er ei utbrytargruppe frå den islamske terrorgruppa Boko Haram som i årevis har terrorisert fleire nigerianske delstatar ved kidnappingar og drap og drive tusenvis av menneske på flukt. Boko Haram prøver å skremma både muslimar og kristne frå utdanning som dei meiner islam forbyr - «haram». 

I midten av april drap ei gruppe væpna ekstremistar frå gjetarfolket fulani vel 150 kristne i 10 lokalsamfunn i Plateau-staten. Slike dødelege herjingar vert av ulike utviklingsaktørar hevda å vera utslag av at gjetarfolket fulani mistar beiteland til fastbuande bønder. 

Ja, det er eit element av ressurskamp. Men det er lenge sidan konflikten berre handlar om beiteland. Innanriksministeren i Nigeria har slått fast at det synest vera «eit heilagt handtrykk» mellom islamske terroristar og væpna bandittar. Væpna fulani-militsar går i aukande grad til målretta angrep på kyrkjer og prestar. Den religiøse dimensjonen i hatet blir tydeleg. 

Let Nigeria gå fri 
Vi har ikkje lov til å oversjå verken drapsbølgja eller det religiøse hatet bak. Regimet i Nigeria sviktar ved å la drapsmenn gå fri, eller sleppa unna med små straffer. USA svikta i desember sårbare grupper ved å ta Nigeria av «verstingslista» over land som bryt trusfridommen. Det var eit pinleg signal til Nigeria om at det landet gjer, er OK. 

Mange tause media gjer sitt til å fortelja Nigeria at landet er «under radaren». Dette skamfulle og livsfarlege faktum har ei av sine årsaker i den beinharde undertrykkinga av pressefridommen i Nigeria. 

Likefullt: Vi kan gjera noko for å kasta flaumlys over hat og drap. Men det hastar. 

FØRST PUBLISERT I DAGEN 1.6.2022

AKTUELT