Kusina offer for æresdrap, fetteren jagar folk for påstått blasfemi - Stefanusalliansen
Wagma Feroz gir ikkje opp arbeidet for trusfridom og kvinners rettar i eit konservativt område av Pakistan.  Foto: Privat 

Wagma Feroz gir ikkje opp arbeidet for trusfridom og kvinners rettar i eit konservativt område av Pakistan.  Foto: Privat   


HØYR INTERVJUET SOM LYDFIL

Kort tid før Wagma Feroz kom til Oslo for å ta imot Stefanusprisen i mai, fekk ho ein sjokkmelding: Kusina hennar var utsett for æresdrap. 

–  Drapet på kusina mi gjorde meg oppskaka og mentalt utmatta. Eg fekk ikkje sagt det eg verkeleg ville ha sagt i Oslo, seier Wagma Feroz i eit videointervju med Magasinet Stefanus. Ho sit i Peshawar i Pakistan. 

 

Drapet på kusina mi gjorde meg oppskaka og mentalt utmatta.

Wagma Feroz

 

Æresdrap på kvinner, som menn meiner «kastar skam over familien», er utbreidd i Pakistan og ikkje minst i Peshawar, der Feroz bur, og andre delar av Khyber Pakhtunkhwa-provinsen. Ei privateigd nettavis, Propergaanda, fortalde i slutten av august i år at på ei einaste veke var ni kvinner i Peshawar blitt drepne for å «verna familiens ære». Ei lita jente vart drepen i eit skyteoppgjer mellom to partar. To av dei ni kvinnene var søstrer, og ei var svigerinna til søstrene, skreiv nettavisa Dawn. 

Brutaliteten gjer Wagma Feroz opprørt. 

Kusina vart drepen 
Då mora døydde, fekk kusina til Wagma Feroz – som den eldste – ansvar for søskena sine. Faren var gjestearbeidar i Dubai for å skaffa levebrød. Ein dag pakka kusina kleda og smykka og reiste heimanfrå. Då faren kom heim, slo han fast at dottera ikkje var dottera hans meir. Ho hadde «ført skam over familien» og skulle drepast. 

Det vart leita etter kvinna som vart funnen i ein åker, brutalt teken av dage. Halsen var kutta over, andletet var knust. Mennene i familien hevda at ho hadde flykta saman med ein mann. Feroz seier at ho ikkje veit sikkert kvifor kusina reiste. 

– Det er eit mysterium. 

Kvinna var over 30 år og ugift. Feroz veit at familiemedlemmer hadde føreslege menn som kusina kunne trulova seg med – eldre menn som var gift.  

– Kvinnene som kjende henne, seier ho var ei anstendig kvinne som dei aldri hadde sett saman med nokon ukjend mann. Eg møtte henne fleire gonger, ho var snill og omsorgsfull. Men ho ville aldri fått lov til å gifta seg med den ho ville, seier Wagma Feroz. 

 

Wagma Feroz fekk Stefanusprisen tildelt av biskop Ingeborg Midttømme i Oslo i mai. Foto: Johannes Morken

Fetter var med i mobb 
Feroz fekk vita om drapet litt over ein månad før ho tok imot Stefanusprisen 24. mai. Drapet slo henne ut, fortel Feroz no. Ho vart åtvara av andre i familien mot å dela for mykje i Oslo. 

Feroz ville gjerne ha snakka om æresdrap. Og ho ville ha snakka meir om forfølging av religiøse minoritetar og om dei mange blasfemisakene. Kort tid før Feroz reiste til Oslo, vart ein ho kjenner, skulda for blasfemi. Feroz og nettverket hennar skaffa mannen advokat. 

I november i fjor vart ein mann i landsbyen der Feroz vaks opp, Charsadda, skulda for blasfemi. Ein mobb på fleire hundre sprang etter mannen som søkte vern på politistasjonen.  

– Heldigvis verna politiet han. Ofte skjer det motsette, at politiet tek parti med mobben. Mobben sette fyr på politistasjonen og hevda at sidan politifolka verna mannen, var politifolka også skuldige i blasfemi. Mobben hevda at det er deira plikt å drepa folk for blasfemi, for å verna islam.  

Det vart eit ekstra sjokk for Feroz at fetteren hennar var del av mobben.  

– Stolt kom han heim til oss. Han klandra derimot politiet for å ha verna mannen dei var ute etter. Eg meinte vi måtte politimelda fetteren min, men mora mi bad meg lata vera. 

 

Eg meinte vi måtte politimelda fetteren min, men mora mi bad meg lata vera.

Wagma Feroz
 

Wagma Feroz fortel om trusfridom på workshop med studentar. Foto: privat

 

«Eg kan ikkje teia» 
– Men du teier ikkje? 

– Eg kan ikkje teia. Eg må prøva å opptre slik at eg er trygg. Men det er uråd å vera trygg heile tida. Eg kunne levd eit komfortabelt liv. Men eit lukkeleg liv for meg er ikkje eit liv skilt frå samfunnet. Eg må våga å stå opp for dei som vert forfølgde, sjølv om eg møter trugsmål. 

Feroz fortel at ho etter pristildelinga har arbeidd for trusfridom med nytt pågangsmot. Sidan mai har ho halde trening for meir enn 500 leiarar, mediefolk og studentar. Ho har leia to filmfestivalar for kvinner, med vekt på trusfridom – i storbyane Islamabad og Lahore. I Lahore samarbeidde ho med Sajid Christopher, Stefanusalliansens partnar. 

Men ho har også møtt motstand. Ein workshop med studentar måtte avbrytast etter første dag. Feroz fekk på veg til kursdag to beskjed om at emnet var så sensitivt at dei tryggingsansvarlege hadde gitt universitetet beskjed om å droppa arrangementet. Ein annan workshop kunne halda fram etter at Feroz hadde bytt ut «trusfridom» med «harmoni mellom religionane og fredeleg sameksistens». 

Ser håp 
Men Feroz dreg fram ein student som før ein workshop meinte at oppgåva for ein muslim er å verna islam, «den viktigaste religionen i verda». Etter workshopen såg han at trusfridommen måtte vera for alle, også religiøse minoritetar.  

– Når to timar diskusjon kan ha slik effekt, vil eg halda fram, seier Feroz. 

 

Når to timar diskusjon kan ha slik effekt, vil eg halda fram

Wagma Feroz
 

Då pakistanske Taliban tok kontrollen i Swat-dalen i heimeprovinsen i 2007, flykta mange. Hæren tok etter kvart kontrollen tilbake. I år er ekstremistane tilbake.  

– No ser eg folkelege protestar. Det gir meg håp, seier ho. 

Men konservative krefter dominerer. Det er kontroversielt å snakka om kvinners rettar. 

–  Endå meir kontroversielt er det å snakka om trusfridom, for der har vi blasfemilovene. Difor må eg filtrera alt eg seier. Ei einaste setning er nok til å bli skulda for blasfemi. Ingen krev bevis for slike alvorlege skuldingar. Det vil ta fleire år å forsvara seg. Men eg har bestemt meg for å halda fram, seier Wagma Feroz. 


FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 7-2023

HØYR INTERVJUET SOM LYDFIL

AKTUELT

Prosjekt