– Den einaste grunnen til utestenging er at dei er kristne, seier kyrkjeleg organisasjon.
Kristne må flykte fra Erdogans bomber i Syria og Irak
Erdogan skyt mot kurdiske basar, men jagar også kristne på flukt, 100 år etter at forfedrane deira overlevde tyrkisk folkemord.
Når Tyrkias president Erdogan sender luftvåpenet sitt inn i Nord-Syria og Nord-Irak i kamp mot kurdiske grupper, vert kristne jaga på flukt og vil truleg aldri venda heim.
Under dragkampen om svensk og finsk medlemskap i NATO, har generalsekretær Jens Stoltenberg erklært at «Tyrkia har legitime sikkerhetsbehov» på grunn av mange terrorangrep.
Ja, Tyrkia har vore utsett for terrorangrep frå kurdiske PKK. Både USA, NATO og EU stemplar PKK som ein terrororganisasjon.
På den andre sida skal det svært, svært lite til for å bli stempla som tilhengjar av terror og på den måten smaka den autoritære pisken til Erdogan-regimet. Fader Aho, munken som gjenopna det ortodokse klosteret Mor Yakub søraust i Tyrkia, vart i 2020 dømt til 25 månaders fengsel. Hans brotsverk var at han hadde gjeve mat til to svoltne menn som kom til klosteret – dei viste seg å vera frå PKK. Munken reknar det å gje mat til svoltne som eit kristent kall. Erdogan-regimet ser på det som «hjelp til terror».
Fader Aho fortalde meg denne veka at han gjer si daglege teneste i klosteret og at han ikkje er redd - «for Gud er med meg» – medan han ventar på at ankesaka skal koma opp for High Court i byen Diyarbakir. Når det skjer, veit fader Aho enno ikkje.
Tryggingssone i Syria
Eg går ikkje inn i debatten om svensk og finsk NATO-medlemskap. Men det er god grunn til også å minna om dei svært smertefulle konsekvensane av det Tyrkia gjer i kampen mot kurdiske grupper, som YPG-militsen i Nord-Syria.
Med hardhendte middel prøver Tyrkia å rana til seg kontrollen over ei kring 30 kilometer brei tryggingssone nord i Syria, langs grensa mot Tyrkia. Erdogan stemplar YPG-militsen som ein terrororganisasjon. Det gjer vestlege land ikkje, særleg sidan YPG spelte ei svært viktig rolle i å nedkjempa IS. I sin kamp mot kurdiske militsar går president Erdogan nærast i allianse med IS.
Dei angrepa som den tyrkiske hæren rettar over grensa og inn i Syria, fører til død og øydelegging også av kristne samfunn. Det er frykt blant kristne nordvest i Syria. Og i slutten av mai angreip tyrkiske styrkar ein assyrisk kristen landsby nær byen Tel Tamr, nordaust i Syria.
Ei kyrkje i landsbyen Tel Tawil fekk alvorlege skadar. Asia News melde 1. juni at den same kyrkja vart angripen av IS-krigarar i 2015 då 250 kristne frå landsbyar i området også vart bortførde. Det IS altså starta på, tok Erdogan altså vidare.
Ikkje velkomne
Den syriakisk-ortodokse erkebiskopen Mar Maurice Amseeh seier til Asia News at det ikkje er nokon tvil om dei tyrkiske ambisjonane. Dei kristne i dette området opplever at Tyrkia vil tømma området for kristne. Dette er endå eit signal om at dei ikkje er velkomne.
Av dei 12 000 som budde i 32 landsbyar i området rundt Tel Tamr, er det berre kring 1000 igjen. Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF) sette i ei høyring 10. mai søkjelyset på Tyrkias veksande bidrag til religiøs og etnisk undertrykking i Nord-Syria. Konklusjonen var at tyrkisk okkupasjon og militære angrep har utsett religiøse minoritetar, som Tel Tamr med sitt kristne fleirtal, for øydeleggjande fare.
Den syriakiske (assyriske) minoriteten nord i Syria høyrer dessutan til ein religiøs minoritet som blei utsett for folkemord for drygt 100 år sidan, samstundes med folkemordet mot armenarane.
Erdogan har planlagt endå ein militær operasjon i Syria for å binda saman område som er under tyrkisk kontroll. Med frykt for endå ein tyrkisk invasjon vil dei svært mange kristne som alt har flykta, neppe enda heim. Trusselen er alvorleg for dei som framleis klorar seg fast.
Det er på eit vis som om folkemordet og fordrivinga aldri tek slutt.
Farleg for jesidiane
Tyrkiske militære angrep mot PKK-basar i Nord-Irak gjer livet farleg for jesidiar som overlevde folkemordet som IS utsette dei for frå 2014. Mange tusen overlevande har etter kvart vendt heim. Men det siste året er det blitt færre som vågar å flytta heim til Sinjar. «Det einaste vi verkeleg er redde for, er det tyrkiske militæret», sa ein jesidi til The New Humanitarian i februar.
Også kristne samfunn i Nord-Irak er sette i fare av tyrkiske luftangrep. Fleire dusin kristne familiar har flykta frå landsbyane Zakho og Kany Masih, nord for byen Duhok. Det fortel Emanuel Youkhana i den kyrkjelege hjelpeorganisasjonen Capni som Stefanusalliansen støttar i Nord-Irak.
Tyrkia legg all skuld på PKK. Tyrkisk opposisjon seier derimot at grunnen til at Erdogan sender styrkane sine på tokt over grensene, er for å styrkja seg innanrikspolitisk. At fredelege minoritetar kjem i livsfarleg klemme, bryr Erdogan seg ikkje om.
Både kristne og jesidiar i Nord-Syria og Nord-Irak har legitime tryggingsbehov – framtida deira står på spel.
FØRST PUBLISERT I DAGEN 27.6.2022