Kristne i India under angrep: ‘Vi er gløymde av kristne i Vest’ - Stefanusalliansen
Statsminister Narendra Modi opna 22. januar eit hindu-tempel i Adohya til ære for guden Ram. Der reiv hindunasjonalistar i 1992 ein over 400 år gamal moské. I samband med opninga klatra hindunasjonalistar opp på kyrkjetak som her i Jhabua og festa flagget sitt til krossar.

Statsminister Narendra Modi opna 22. januar eit hindu-tempel i Adohya til ære for guden Ram. Der reiv hindunasjonalistar i 1992 ein over 400 år gamal moské. I samband med opninga klatra hindunasjonalistar opp på kyrkjetak som her i Jhabua og festa flagget sitt til krossar.  

India *   

– Kristne i India er ekstra utsette for vald i faste- og påsketida, seier Vijayesh Lal i det evangeliske kyrkjefellesskapet (EFI) i India. 

På ti år er omfanget av trakassering og vald mot kristne i India meir enn firedobla. 2023 blei eit nytt rekordår, viser fersk rapport. Det har vore ein jamn og tragisk vekst sidan hindunasjonalisten Narendra Modi og partiet BJP kom til makta i 2014. Målet deira er India som eit land for hinduar. 

I 2023 blei det dokumentert 601 valdsangrep mot kristne. Talet kjem frå årsrapporten til Kommisjonen for religionsfridom (RLP) under det Evangeliske kyrkjefellesskapet i India (EFI). RLP fekk inn godt over 700 rapportar, og klarte på sikkert vis å verifisera 601 av dei. 

Angrep i fastetida 
Veksten i angrep held fram inn i 2024, fortel generalsekretær Vijayesh Lal i EFI i eit intervju like etter at fastetida starta 14. februar. 

–  Gjennom fastetida har indiske kristne i nær sagt alle kyrkjesamfunn lang tradisjon for å ha fastemøte. Folk møtest i heimar. Dei les Guds ord, har andakt og syng. Det er tid for fornying av trua og forholdet til Gud, fortel Lal, som legg til: 

– Dei siste to-tre åra har vi hatt vekst i angrep på slike fastemøte, samlingar langfredag, prosesjonar palmesøndag og gudstenester påskedag. Vi ber og håpar at vi ikkje vil sjå så mange angrep i fastetida og den stille veka i år. Men når vi ser på tidslina for angrep dei siste to-tre åra og i tillegg veit at det i år er val, er eg redd for angrep mot kristne i ulike delar av landet, seier Lal. 

Han seier at hindunasjonalistane brukar verbale og fysiske angrep på både kristne og muslimar for å vinna fleire veljarar. 

 

Det som smertar meg er at den verdsvide kyrkja, Kristi kropp, gløymer forfølgde kristne i India. 

Vijayesh Lal

 

Banka opp 
Lal seier at «vi den siste veka har sett fleire tilfelle av angrep på kristne enn vi klarar å respondera på». 

Eit typisk angrep skjedde i landsbyen Gufanpal i delstaten Chhattisgarh 6. februar, melder trusfridomsorganisasjonen CSW. Ayatu Ram Podiyami (35) vart oppsøkt av ei gruppe på rundt 20 menn som bad han venda tilbake til hinduismen. Då han nekta samla ein mobb på kring 250 seg rundt huset for å pressa han til å fornekta kristentrua. Han måtte flykta inn i jungelen to gonger. Familien hans blei banka opp. Politiet fabrikkerte rapporten og kalla det ei «familiefeide». 

– Situasjonen er verre i år enn i fjor, som var det verste året på lenge. Talet på angrep har gått skarpt opp. Dei som vil angripa kristne, brukar ofte søndagar, jul, faste og påske, seier Lal. 

 

 

Vijayesh Lal har gitt opp trua på at vestlege politikarar vil reagera. Foto: EFI

Falske skuldingar 
11 av 28 delstatar har lover som kriminaliserer konvertering. Det er, fortel ein indisk menneskerettsaktivist som vi av tryggingsgrunnar ikkje kan nytta namnet på, heilt straffefritt å gå til fysisk angrep på bønesamlingar og taua folk inn til politiet med falske påstandar om ulovlege konverteringar. Lovene har ført til sterk vekst både i falske skuldingar og angrep. Og sidan kvinnene utgjer eit klart fleirtal i uavhengige kyrkjer på landsbygda, rammar valden kvinner ekstra hardt. 

– Den største suksessen til politikarar på høgrefløyen, er at hatet er normalisert. No trengst det ikkje ein hindutva-mobb eller ei gruppe høgreorienterte hindunasjonalistar for angrep på kristne. Vanlege hinduar kan gjera slikt. Mange er blitt hjernevaska i synet på oss kristne. Det er berre éi linse mange ser oss gjennom: Vi blir sett på som framande som konverterer hinduar på vegne av vestlege kyrkjer, seier Vijayesh Lal. Han avviser at det er det som skjer. 

Tause kyrkjer i vest 
For sanninga er, poengterer Lal, at vestlege kyrkjer er heilt tause om forfølgde kristne i India. 

– Eg ventar ikkje respons frå politikarar. Det einaste dei bryr seg om i relasjonen til India er handel og frykt for Kina. Dei bryr seg ikkje om menneskerettar og trusfridom, det har vi lenge sett til dømes når det gjeld Saudi-Arabia, seier Lal og avsluttar: 

– Det som smertar meg er at den verdsvide kyrkja, Kristi kropp, gløymer forfølgde kristne i India. 

 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS, 2-2024

AKTUELT