Kjempar for dei som overlevde jordskjelv i Tyrkia og Syria - Stefanusalliansen
Fleire team frå First Hope Association er på plass i jordskjelvområdet i Tyrkia. Foto: First Hope Association

Fleire team frå First Hope Association er på plass i jordskjelvområdet i Tyrkia. Foto: First Hope Association  

Tyrkia   

Kyrkjelege hjelpeorganisasjonar har kasta seg inn i kampen for å berga liv og hjelpa dei overlevande etter jordskjelva i Tyrkia og Syria. det så langt stadfesta talet på omkomne har passert 20 000.

I Tyrkia er First Hope Association, ein protestantisk hjelpeorganisasjon, i full gang, mellom anna med eit økonomisk tilskot frå Stefanusalliansen. First Hope arbeider tett saman med Raudekrossen og katastrofeleiinga til dei tyrkiske styresmaktene. Team er på plass i Antakya, som er byen vi frå Bibelen kjenner som Antiokia og i Gaziantep som var nær episenteret for det første skjelvet.

Så langt har organisasjonen sendt to mobile kjøkken, to trailerar med mobile WC/bad og to lastebilar med utstyr. Dei har også utstyr for å leite og berga folk ut av ruinane, teke i bruk i to nabolag i Gaziantep. First Hope har så langt sendt inn både generatorar, senger, hyieneartiklar, basismat, vatn, teppe, soveposar, varmeovnar – og ei gravemaskin til ruinane. Alle er friviljuge og søv i bilane sine eller utandørs på bakken i soveposar.

LES OGSÅ: Tusenvis er døde, kyrkjer har kollapsa

Overlevande får hjelp av First Hope Association

–Vi takkar for støtten som kjem inn frå dusinvis av kyrkjer, organisasjonar, individ og forretningsverksemder. Det neste steget er å setja opp eit mobilt sjukehus og å få løyve frå styresmaktene til å importera forsyningar og fagfolk frå utlandet, skriv dei i ein første rapport.

First Hope har tidlegare fått støtte frå Stefanusalliansen for sitt arbeid for å hjelpa flyktningar i Tyrkia. 

- Vi takkar for forbønene dykkar. Vi treng støtte og forbøn, seier Refik Topcu som først drog til Ankara for å få skaffa utstyr og fylla opp nye lastebilar før han også skulle setja kursen mot jordskjelvområda.

Umut Sahin i First Hope Association er midt i hjelpearbeidet i Antakya (Antiokia). Foto: First Hope Association

Hjelpeteam varmar seg rundt bål slik også dei overlevande mange stader gjer. Foto: First Hope Association

Ein av First Hope Association sine lastebilar.

Dei skriv at sidan så mange bygningar er totalt øydelagde, har mykje hjelp vore retta mot store byar, medan mindre byar og landsbyar har vore totalt utan hjelp.

First Hope vert brukt av ulike evangeliske grupper i Tyrkia for å få fram naudhjelp som vert samla inn lokalt.

Stefanusalliansens partnarkyrkje i Antalya har samla inn mat, klede og teppe som skal fraktast til jordskjelvområdet i løpet av helga.

 

Kvanglin Methodist Church i Antakya er kollapsa.

Syria: Hjelper heimlause
To av Stefanusalliansens partnarar i Libanon er i full gang med å planleggja og førebu hjelpearbeid gjennom lokale kyrkjer i Syria.

Dn kyrkjelege hjelpeorganisasjonen Merath, med base i Beirut i Libanon, har kartlagt behova i Syria saman med Fellesskapet av evangeliske kyrkjer i Midtausten (FMEEC). Dei arbeider gjennom lokale kyrkjer i Syria. Lokale kyrkjelydar tek seg no av menneske som har mista alt i jordskjelvet eller som ikkje kjem heim på grunn av enorme skadar på vegane eller utrygge hus, og no står i fare for å frysa ihel i den iskalde vinteren. 

- Situasjonen er forferdeleg. Heile familiar er gravlagde under ruinane. Tusenvis vågar ikkje å returnere til sine øydelagde heimar, i frykt for at dei skal falla over dei. Vi håpar at det internasjonale samfunnet vil støtta redningsarbeid og sikre viktige forsyningar for å møta dei presserande behova, seier ei lokal kyrkjeleg kjelde i Syria. 

 MERATH og FMEEC vil prøva å hjelpa 2000 husstandar i Aleppo og like mange i Lattakia og 100 i høvesvis Tartous og Hama.

Resurrection Church, ei kyrkje som Stefanusalliansen lenge har støttra i Beirut, har lansert eit nødhjelpsprosjekt. Innsamla gåver vil bli sende til tre kyrkjepartnarar i Syria – det handlar om mat, vann, tepper, vinterklede og madrasser. Denne kyrkjelyden er ikkje minst kjent for eit omfattande arbeid for syriske og irakiske flyktningar i Libanon.

AKTUELT

Prosjekt