Kinesisk pastor snart sju månader i fengsel - Stefanusalliansen
Pastor Wang Yi har vore fengsla sidan 8. desember.

Pastor Wang Yi har vore fengsla sidan 8. desember.  

Nord-Korea   

Søndag 9. november gjennomførte politiet i Chengdu razzia i heimane til folk i kyrkjelyden Early Rain Covenant Church og til studentar ved det teologiske seminaret. Over 100 blei arresterte, inkludert pastor Wang Yi og kona hans, Jiang Rong.

Studentane er seinare forviste frå byen, og fleire andre blei sette fri etter nokre veker i fengsel. Kona til Wang Yi vart i midten av juni sett fri mot kausjon, melder The New York Times. Ho fekk igjen møta sonen Shuya som har måtta klara seg utan foreldre sidan 9. desember. Ifølgje The New York Times fall frigjevinga saman med ei lovbestemt grense for varetekt – etter seks mpnader må fengsla stillast for retten, eller setjast fri.

Pastor Wang Yi sit framleis fengsla, saman med fire andre leiarar i kyrkja.

Pastoren er skulda for undergravande verksemd. Men han er ikkje stilt for retten.

– Alt han har gjort er fredeleg å stå opp for kyrkjer og kristne som er angripne av den kinesiske regjeirnga, skriv Christian Solidarity Worldwide som ber folk senda appellar for pastor Wang.

Situasjonen for pastor Wang og dei andre arresterte er uklar – dei er i hemmeleg forvaring.

Arrestasjonsbølgja mot Early Rain var ein del av eit stort angrep på alt religiøst liv – både i kyrkjer, moskear og buddhisttempel i Kina.

 

AKTUELT

Prosjekt