Kinas hardhendte sensur av tru - Stefanusalliansen
Pastor Wang i Early Rain i Chengdu sit framleis fengsla.

Pastor Wang i Early Rain i Chengdu sit framleis fengsla.  

Nord-Korea   

FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I STAVANGER AFTENBLADET 15.5.2019

Onsdag får Stortinget besøk av Kinas tredje mektigaste mann. Formannen i Folkekongressen, Li Zhanshu, skal møta både stortingspresident Tone Trøen og statsminister Erna Solberg og ha audiens på Slottet. 17. mai skal han feira i Stavanger-traktene, les eg i Stavanger Aftenblad.

I ein normalisert tilstand mellom Noreg og Kina må det ikkje berre handla om næringsliv, handel og kulturutveksling. Vertskapet må snakka tydeleg om sentrale verdiar som står i høgsetet når vi – midt under gjestinga frå Kina – feirar 17. mai.
 

Ytringsfridom
Ytringsfridom er ein nøkkelverdi. Fridom kan ikkje feirast eller opplevast utan ytringsfridom. Kina har ført store skarar ut av fattigdom, det skal landet ha. Men folket har ingen fri rett til å ytra seg. Li Zhanshu kan ikkje vera i Noreg på nasjonaldagen vår utan å få høyra kor viktig samspel det er mellom retten til mat på bordet og retten til å tala og meina fritt. Kina arresterer aktivistar som ytrar seg fritt på tvers av Kommunistpartiet.

Retten til å tru fritt kom ikkje på plass i grunnlova vår i 1814. Jødane vart utestengde. Og det måtte kjempast mange harde kampar etter 1814 for retten til å forkynna utan godkjenning frå statens mann – presten. Kina straffar i dag prestar og pastorar og andre kristne som ikkje innordnar seg statsstyret.

Det går hardt utover uregistrerte kyrkjer – som blir stengde eller jamna med jorda. Men det går også ut over dei som har registrert seg og slik godteke prinsipielt å innordna seg religionskontrollen. No er kontrollen blitt utoleleg for mange.

Sensurert preike
Det anerkjende magasinet Bitter Winter som følgjer den sterke innstramminga i trusfridommen i Kina tett, fortel om ein prest i ei statsgodkjent Tre Sjølv-kyrkje i byen Shangqui i den sentrale provinsen Henan der tilstramminga ifølgje mange rapportar er alle hardast. Han skulle halda preike og måtte senda den inn til godkjenning hos dei lokale styresmaktene.

15. mars fekk han svar: Preika kunne ikkje haldast, den inneheldt for mykje religion og for lite kommunistisk ideologi. Religionskontrollørane likte ikkje truspostutalet «Gud skapte himmel og jord, han skapte alt». Og dei kunne ikkje godta at presten brukte bibelsitat utan at dei vart tolka inn i sentrale sider ved kinesisk kultur. Preika var ikkje «kinesisk» nok.

Jerngrep
Det siste året har Kina brukt ei ny og sterkt innstramma religionslov for å leggja eit jerngrep over uregistrerte trussamfunn – det er i prinsippet forbode å utøva religion utan statsgodkjenning. Og ein sentralt styrt kampanje er sett i verk for å sjå til at all godkjend religionsutøving er «kinesisk», eller «kinesifisert».

Det siste inneber mellom anna at krossar er fjerna frå kyrkjetak og erstatta med kinesiske flagg, at sosialistiske songar må inkluderast i gudstenestene og altså at preiker må formidla kinesiske og sosialistiske verdiar. Difor er det mange stader innført sensur av preiker, melder Bitter Winter. Prestane i statsgodkjende kyrkjer og andre forsamlingar må leggja fram for styresmaktene alt dei har tenkt å forkynna for kyrkjelydane eller forsamlingane sine. Preikene må vera i samsvar med partiideologien.

‘Tvingar oss til løgner’
Den aktuelle presten som fekk preika underkjend, sukkar hjelpelaust: «Vi er i ein vanskeleg situasjon no. Ved å krevja at vi skriv preiker som er gjort ‘kinesiske’, tvingar ikkje då kommunistpartiet oss til å fortelja løgner og gå mot Herrens ord?»

Noreg veit godt kva «fornorskingspolitikk» er. Det vart i meir enn 100 år gjort grov urett mot samar og kvenar, ein urett Stortinget vil gjera opp for ved å ha sett ned ein sannings- og forsoningskommisjon, leia av Dagfinn Høybråten. Kommisjonen er midt i arbeidet.

Den hardhendte «kinesifiseringspolitikken» rammar etniske minoritetar.

Omskolering
Dei verste overgrepa vert dei hovudsakleg muslimske uigurane utsette for i den store Xinjiang-provinsen, med meir enn 1 million i omskoleringsleirar. Dette er slett ikkje berre kamp mot terrorisme og ekstremisme, som det er mange døme på, men eit målretta og hardhendt forsøk på å få ein heil etnisk minoritet i ein diger provins til å innordna seg den kommunistmakta i Beijing.

Religiøst rammar politikken alle truande, ikkje berre kristne. Den rammar buddhistar, muslimar og taoistar. Tempel og moskear vert rivne i tusental, og religiøse statuar øydelagde.

Kampanjen har vore hardthendt mot uregistrerte protestantiske kyrkjer, som er stengde eller øydelagde. Pastorparet i Early Rain i Chengdu er framleis arresterte, saman med mange andre. Ifølgje den ferske årsrapporten frå United States Commission on International Religious Freedom (USCIRF) vart undertrykkinga av den katolske undergrunnskyrkja trappa kraftig opp hausten 2018, etter at det vart inngått ein avtale med Vatikanet om utnemning av katolske biskopar i den statsgodkjende katolske kyrkja.

Politikken retta mot etniske og religiøse minoritetar er så hardhendt at stortingspresident Tone Trøen og statsminister Erna Solberg ikkje kan feira 17. mai utan først å ha snakka i klartekst til delegasjonen frå Kina.

 

 

AKTUELT

Prosjekt