Nord-Korea: Tvangsabortar og omsynslause kropps-undersøkingar av kvinner.
Kinas brutalitet er avslørt
Kinas systematiske brutalitet mot uigur-folket i Xinjiang er avslørt. Bortforklaringane frå Beijing kan ikkje tolast. No må FN-observatørar sleppa til i leirane og Kina stå til rette.
Vi har i to år vore oppskaka av interneringa av uigur-folket i Xinjiang. Minst ein million uigurar – dei fleste er muslimar, men nokre er kristne – er internerte i det som Kina hevdar er skular der folk går etter sin eigen frie vilje for å få arbeidstrening. Dette er ein del av kampen mot terrorisme, seier Beijing.
Kinesisk løgn
Vi har visst lenge at den kinesiske versjonen er ei løgn. Ei systematisk løgn. Rapportar både i 2017 og i fjor var overtydande prov på at Kina bryt både eigne lover og folkeretten i undertrykkinga av uigurar og andre minoritetar i Xinjiang-provinsen. Vår eigen søsterorganisasjon, Christian Solidarity Worldwide, var blant dei som samla dokumentasjon. Berre det å ha WhatsApp på mobiltelefonen og ha slektningar som budde utanlands, var nok til å bli internert for omskolering. Når dette utløyser hardhendte tiltak i «kampen mot terrorisme», viser det kor brutale Beijing-herskarane er.
Nye prov på overgrep
Og no har vi fått mengder av nye prov. New York Times publiserte nyss «The Xinjiang Papers», store mengder lekka dokument frå det kinesiske maktapparatet. Dei viser at dette ikkje er uskuldig arbeidstrening. Det er eit nådelaust leirsystem. Frå toppen i det kinesiske kommunistpartiet er det velorganisert internering.
Papira avslører korleis uigurar brått oppdagar at familie, slekt og naboar brått er blitt borte. Dei er blitt låste inn i leirane, og dei som spør kvar det er blitt av familien, får fabrikkerte løgner som forklaring. Og i neste runde får dei som spør, vita at deira eigen oppførsel kan avgjera kor lenge familien blir verande i leirane. Underforstått: Lagar dei bråk, blir familien sitjande lenge. Held dei munn, kan deira kjære koma raskare ut.
Også nettverket International Consortium of Investigate Journalists har publisert store mengder dokument som viser kor velorganisert interneringa er.
Norsk protest
I FN stilte Noreg seg 29. oktober bak ein tydeleg kritikk av Kinas politikk i Xinjiang. 23 land protesterte og bad Kina sikra menneskerettane, inkludert trus- og livssynsfridommen, både i Xinjiang og resten av Kina. Dei 23 landa skreiv under på at det er truverdige rapportar om masseinternering, lovstridige grenser for utøving av tru og kultur og masseovervaking av folk i Xinjiang.
Ikkje lenge etter kom altså nye avsløringar av korleis president Xi Jinping i sin kamp mot terrorisme, systematisk prøver å knebla eit heilt folk. Dette kan det internasjonale samfunnet ikkje tolerera.
Dei 23 landa kravde at FN-observatørar får uavgrensa tilgang til Xinjiang og leirane. No må Kina opna leirportane for inspeksjon og stå til rette for overgrepa. Christian Solidarity Worldwide helsar kravet velkommen.