Kva skal Norge med frihandel med Kina som krev frikort til statsterror? - Stefanusalliansen
Den fengsla pastoren Wang Yi held opp ein plakat med orda «4. juni, be for nasjonen». Wang Yi blei dømt til 9 års fengsel i desember 2019 for å ha «oppfordra til å undergrava statsmakta». Fra Wang Yis Facebook-side

Den fengsla pastoren Wang Yi held opp ein plakat med orda «4. juni, be for nasjonen». Wang Yi blei dømt til 9 års fengsel i desember 2019 for å ha «oppfordra til å undergrava statsmakta». Fra Wang Yis Facebook-side  

Kina*   

Kva i all verda skal Noreg med frihandelsavtale med eit diktatur der politiet har ordre om å skyta fredelege demonstrantar – for å drepa? 

For vel ei veke sidan kom nye sjokkerande avsløringar om Kinas brutalitet mot uigurar og andre tyrkisk-språklege minoritetar i den vestlege Xinjiang-provinsen. Kina kallar leirane, der minst ein million menneske er sperra inne, for skular eller omskoleringsleirar. Men ei av avsløringane frå BBC og andre media fortalde at politiet har ordre om å skyta for å drepa folk som prøver å rømma. Dette er altså ein del av Kinas «skulepolitikk». 

Lat oss kalla leirane det dei er: Konsentrasjons- og fangeleirar. 

Det går ei line frå desse avsløringane til ein tragisk dag i 1989: Laurdag er det nok ein dyster årsdag for massakren ved Den himmelske freds plass i Beijing 4. juni 1989. Det kinesiske kommunistpartiet sende stridsvogner og soldatar med maskingevær mot fredelege demonstrantar både i Beijing og andre kinesiske byar. Svært mange vart drepne i gatene rundt Den himmelske freds plass. Kor mange som vart drepne, veit vi ikkje sikkert. Dei som prøver å finna sanninga, risikerer fengsling  eller dei forsvinn. Eller dei døyr i fangenskap, som fredsprisvinnar Liu Xiaobo. 

Verst sidan 1989 
Situasjonen for menneskerettar i Kina er i dag den klart verste sidan brutaliteten i 1989. Trass i harde truslar frå regimet til Xi Jinping, vil Kina-aktivistar i mange land markera minnet. 

I Kina er det i praksis forbode å markera minnet om massakren i 1989. Dei siste åra er folk som har forsøkt å markera det mørke «jubileet», blitt arresterte berre for å visa fram ein plakat eller leggja ut ei melding på sosiale media med orda «4. juni».  Gao Heng, ein kinesisk kristen, blei arrestert etter å ha halde opp ein plakat med orda «4. juni, be for nasjonen» på ein t-banestasjon i Guangzhou 4. juni i fjor. Han sit framleis i varetekt, melder trusfridomsorganisasjonen CSW. 
 

Gao Heng, ein kinesisk kristen, blei arrestert etter å ha halde opp ein plakat med orda «4. juni, be for nasjonen»
 

Ni års fengsel 
Eitt av bileta vi har av den uredde pastoren Wang Yi, er at han held opp ein plakat med dei same orda: «4. juni, be for nasjonen». Det er lenge til vi får nye bilete av han. Wang Yi var pastor i den uregistrerte kyrkja Early Rain i Chengdu. I desember 2019 blei han dømt til 9 års fengsel for «å ha oppfordra til undergraving av staten». Han hadde i årevis vore ein tydeleg kritikar av alle typar menneskerettsbrot i Kina. I 2018 blei kyrkja stengt og pastoren arrestert, året etter kom dommen. 

Taust også i Hong Kong 
Hong Kong har lenge halde liv i minnet om protestane og massakren i Beijing og andre byar i 1989. Men for første gang på 33 år vil det i år ikkje vera noka offentleg samling for å markera dette dystre minnet. Dei siste to åra har styresmaktene i Hong Kong slege hardt ned på lysvaker og eit minnemuseum i byen. Aktivistar som har organisert eller delteke, er blitt arresterte. I mai fortalde Hong Kong Catholic Social Communications Office til Hong Kong Free Press at dei i år ikkje vil halda messer for å minnast ofra for massakren i 1989. Årsaka er Kinas hardhendte bruk av tryggingslova, ei lov som vart tvinga gjennom i Hong Kong og som inneber at arresterte i Hong Kong blir overførte til Fastlands-Kina. Der er lagnaden ublid. 

Vårt ansvar å hugsa 
Kinas brutale herskarar gjer altså alt dei kan for å undertrykkja og fjerna minnet om massakren i 1989. Då er det  viktig at vi – resten av verda – held fram med å hugsa og held fram med å fortelja Kina at vi både hugsar og protesterer. 

Vi må stå saman med modige menneskerettsaktivistar over heile Kina. Vi må søkja sanninga om grove brot på menneskerettane i 1989 og i dag. Vi må etterlysa rettferd for ofra frå 1989 og for dei som vert tekne av dage eller forsvinn i dag. 

Norske styresmakter må gje eit godt svar på korleis hard innsats for ein avtale om frihandel med Kina går i hop med langt tydelegare tale mot eit regime som vil ha frikort til statleg terror. 

 

AKTUELT