Kina: Knallhardt press mot huskyrkjer, blir skulda for svindel - Stefanusalliansen

 

Kina*   

Regimet vil knekkja kyrkjene som ikkje vil innordna seg statleg kontroll. Uregistrerte kyrkjer som ikkje vil gå inn i den offisielle Tre sjølv-kyrkja, vert stempla som illegale. 

I mai 2021 kom nye direktiv. No kan berre religiøse leiarar som er godkjende av regimet utføra godkjende religiøse aktivitetar. Og det må skje på godkjende stader. 

Meir tvang 
Regelverket er, ifølgje ein kinesisk menneskerettsadvokat, «endå eit våpen i arsenalet» til Kinas styresmakter for vilkårleg trakassering og forfølging av religiøse leiarar, både statsgodkjende og uregistrerte.  

Regelverket skal tvinga registrerte kyrkjeleiarar til å følgja partilinja. Dei uregistrerte skal tvingast til å bli registrerte og slik bli underlagt statleg kontroll, skriv trusfridomsorganisasjonen CSW, som Stefanusalliansen samarbeider med.   
 
Desse reglane kom vel tre år etter den nye religionslova i februar 2018. Ein av dei som kritiserte lova var pastor Wang Yi i Early Rain-kyrkja i Chengdu. Han blei arrestert i september 2018. I romjula året etter blei han dømt til ni års fengsel. Han vart dømt for å ha «oppmoda til å undergrava statsmakta» og for «illegal forretningsverksemd». 
 
Den første av desse skuldingane er mykje brukt mot menneskerettsaktivistar. Den andre er blitt eit meir og meir brukt våpen mot uregistrerte kyrkjer. Det å samla inn gåver eller kollekt er ulovleg sidan kyrkja er stempla som illegal organisasjon. 

– Sjølvsagt vil det vera reelle svindelsaker blant pastorar i Kina, som andre stader. Men det faktum at rettssystemet i Kina ikkje garanterer rettferdig rettargang, kompliserer det heile. For dersom alle kyrkjeleiarar kan bli skulda for svindel eller illegal forretningsdrift berre for å samla inn kollekt, blir pastorar – særleg i uregistrerte kyrkjer – sårbare for vilkårleg innblanding, trakassering og til og med fengsling, uttalar CSW. 

 

Dersom alle kyrkjeleiarar kan bli skulda for svindel eller illegal forretningsdrift berre for å samla inn kollekt, blir pastorar – særleg i uregistrerte kyrkjer – sårbare for vilkårleg innblanding, trakassering og til og med fengsling.

CSW

 

«Illegal organisasjon» 
Eit ferskt døme: 

I juni blei tre leiarar i Linfen Covenant Church i den nordlege Shanxi-provinsen skulda for å ha danna ein kriminell «klikk» og for å skaffa kyrkja «ulovlege inntekter». Kyrkja hadde nekta å gå inn i den statsgodkjende Tre sjølv-kyrkja. 

Pastorane Li Jie og Han Ziadiong har ikkje attest som statleg godkjende, slik regimet no krev. Dei er difor skulda for å ha danna ein «illegal organisasjon» som driv «illegal aktivitet». Dei er også skulda for å ha «lokka» folk til å gje tiende eller takkegåver, melder China Aid. 

Kyrkjelyden vart raida av meir enn 100 politifolk under ei utandørs familiesamling med kring 70 deltakarar i august fjor. Dei to pastorane vart internerte og så formelt arresterte i september, ifølgje CSW. Wang Qiang, ein annan leiar, vart internert i november og formelt arrestert i desember. Alle er skulda for svindel. Ifølgje China Aid er dei blitt utsette for tortur for å tvinga fram falske tilståingar. Kyrkja sjølv har sendt ut eit skriv der dei tek avstand frå at tiende eller andre gåver kan nyttast som årsak for skuldingar om svindel. 

Tvang og trakassering 
CSW skriv at kyrkja vart utsett for press frå politiet i eit halvt år. Det vart brukt tvang og trakassering mot tilsette, mot familiane til leiarane og mot slektningane til dei tre arresterte. Også konene til dei to pastorane var internerte i fleire veker, mistenkte for svindel, før dei blei sette fri mot kausjon. 

No er det reist tiltale mot dei to pastorane Li Jie og Han Ziadiong og mot Wang Qiang. 

Kyrkja skriv at trusfridommen, som er garantert i grunnlova i Kina, er omgjort til «religiøst fangenskap og svindel». Kyrkjelyden skriv også at «ei kyrkje som trur på Gud, er blitt utskjelt som ein ‘kriminell klikk’». 

 

Kyrkjelyden vart raida av meir enn 100 politifolk under ei utandørs familiesamling. 

 

Politirazziaer 
Li Jie var ein av dei pastorane som i 2018 signerte eit opprop mot den nye religionslova, som førte til endå hardare press mot kyrkjene. Pastor Wang Yi i Early Rain i Chengdu var ein av dei som starta protesten. Han har sete i fengsel sidan desember 2018. 

Early Rain-kyrkja blei stengt i desember 2018, men kyrkjelyden har halde fram i mindre grupper – og opplevd mange politiraid. I juni i år vart medlemmer av kyrkja nekta å koma inn i husværa sine i ei blokk i Chengdu. Vakter og andre overfall dei på gata. Eigaren av blokka er, ifølgje kyrkjelyden, under press frå regimet for å kasta ut kristne. 

– Som kristne er vi lovlydige. Vi har aldri vore for seint ute med å betala husleiga eller straumrekninga. Dei vil nekta oss å bu her berre på grunn av trua vår, seier familiane. 

Tre medlemmer av kyrkja blei internerte i mars i år. Dei er skulda for å ha stått bak «aktivitetar i namnet til ein forboden sosial organisasjon». 

Ein dom for svindel kan gje meir enn 10 års fengsel.  

Dette er ikkje berre kvardagen, men også søndagen, for kristne i uregisterte kyrkjer i Kina. 

 

Illustrasjonen er laga av Badiucao for vår partnarorganisasjon CSW. Badiucao er ein kinesisk dissidentkunstnar busett i Australia. 

• LES OGSÅ: Kritiske prestar blir fengsla, andre tilpassar seg for å overleva

 
FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS, 5-2023

AKTUELT