Kina: Kritiske prestar blir fengsla – andre tilpassar seg for å overleva - Stefanusalliansen

 

Kina*   

Kommunistregimet i Kina har alltid vore skeptisk til protestantiske kristne, påpeikar Sarah Lee i China Source – ei plattform for å spreia kunnskap om kyrkjelivet i Kina. 

Etter at Kina tapte den første opiumskrigen i 1842 og Nanjing-avtalen med makt legaliserte evangeliske kristne, har protestantisk kristendom minna Kina om vestleg imperialisme og nasjonal audmjuking. 

Sidan kommunistane kom til makta i 1949 har all religionspolitikk handla om å gjera godtekne kyrkjer «sjølv-styrte, sjølv-støttande og sjølv-utbreiande». Dette har gitt den statskontrollerte kyrkja namnet Tre sjølv-rørsla. 

Skepsisen skuldast også at religion blir sett på som ein ideologisk trussel fordi kristne er lojale til ein annan autoritet enn kommunistpartiet. Protestantiske kyrkjer har dessutan vore i så kraftig vekst at dei er blitt sett på som ein trussel som eit stort sivilt samfunn utanfor kontroll av kommunistpartiet. 

Pendel av forfølging 
Situasjonen for kyrkjer i Kina har svinga sterkt. Under den blodige kulturrevolusjonen vart mange prestar arresterte og kyrkjene brutalt undertrykte. Etter at denne tragiske delen av kinesiske historie tok slutt i 1976, blei det noko friare vilkår. Det første tiåret etter år 2000 tolererte regimet svært mykje. Uregistrerte kyrkjer i større byar tok i bruk store kontorlokale til gudstenester.  

Men så kom Xi Jinping til makta for ti år sidan, og med han kom ei forfølging som er den verste sidan kulturrevolusjonen. Dei store uregistrerte kyrkjene på gateplan i større byar er i tur og orden stengde. Mange pastorar er fengsla. 

Mange kyrkjer, også i Tre sjølv-rørsla, er rivne. Tusenvis av krossar er rivne og erstatta av kinesiske flagg. Prestane i Tre sjølv-kyrkjer har fått pålegg om å spreia sosialisme og følgja partilina. 

Xi-regimet har utvikla eit arsenal av reguleringar, ikkje minst for å få kontroll på den raskt veksande protestantiske kristendommen. Overvaking av preiker har lenge vore  praktisert. Men det er stor skilnad på at lokale tenestemenn brått kunne dukka opp under gudstenester til at overvakingskamera er installerte og overvaking er gjort til noko daglegdags, påpeikar Sarah Lee i China Source. Mange prestar som protesterer mot ulike former for undertrykking, er bura inne. I tillegg er kontrollen sterk med religion på internett. 

Prøver å tilpassa seg 
I China Source fortel ass. professor Sarah Lee at prestar i Tre sjølv-rørsla får signal om kva som er akseptabel oppførsel. Prestar fortel at dei prøver å tilpassa retningslinjene til trua og kyrkjelivet. Saman med ein kollega har Lee intervjua pastorar og prestar. Lee som har kinesisk bakgrunn og arbeider ved Baylor University i Texas. 

Pastorane ho har intervjua, veit at dei aldri vil kunna prova at dei er uskuldige når dei får skuldingar mot seg, skriv Lee. Difor prøver mange aktivt å dempa uroa for at protestantisk kristendom blir sett på som ein ideologisk trussel og som store, trugande forsamlingar utanfor kommunistpartiets kontroll. 

 

Pastorane ho har intervjua, veit at dei aldri vil kunna prova at dei er uskuldige når dei får skuldingar mot seg.

 

Prestar i Tre sjølv-kyrkjer fyller ofte preiker med ufarlege moralske appellar, medan pastorar i uregistrerte kyrkjer løftar fram Gudsriket, oppstoda og livet etter døden, fortel Lee.  Men begge gruppene held seg i aukande grad unna sosiale og politiske spørsmål og tema som kan irritera kommunistpartiet. Dei held seg no også unna kollegaer som ope protesterer mot restriksjonar. Dei har dessutan redusert kontakten med utlendingar, og inviterer ikkje lenger utlendingar til å preika. 

For å overleva 
Desse tiltaka er, skriv Lee, ei tilpassing for å overleva. Men det er og eit ønskje om å gjera kristendommen kinesisk og å erfara kva Guds plan er under forfølging. 

– Mange av dei vi intervjua uttrykkjer at dei er stolte av og innstilte på å byggja ei kinesisk kyrkje. 

Mange pastorar har delt forsamlingane opp i små grupper for å unngå store forsamlingar som vert  oppfatta som ein trussel. Kritikarar meiner dette reduserer fellesskapet. Andre meiner at store kyrkjer ikkje eignar seg i Kina. Somme meiner det var feil å importera megakyrkje-ideen frå USA og Sør-Korea for 30 år sidan.  

Mange pastorar har også slutta å delta i nettverk med andre pastorar, som var viktig i mange år. 

– Med eller mot sin vilje har desse pastorane blitt partnarar som set regimets politikk ut i livet. I beste fall viser desse pastorane veg mot sameksistens og redusert konflikt i Kina. Men tilpassinga har så langt vore einsidig. Pastorar har styrt unna alt som kan oppfattast som opposisjon. Uheldigvis er det så langt få teikn til at strevet deira blir møtt med positiv respons, skriv Lee. 

Kristne i Kina er ivrige bibellesarar. Foto: privat

Biletet er ikkje svart 
Men livet for kristne i Kina handlar ikkje berre om statleg undertrykking. Motsett India, der ekstremistisk mobb ofte går til angrep, skjer sosial fiendskap mot kristne sjeldan i Kina, heiter det i China Source, og som difor ikkje vil teikna eit svart bilete for kristendom i Kina. 

Det er heller ikkje berre statleg press som trugar kyrkjene, skriv pseudonymet Shuya Kim. 

– Mange kyrkjeleiarar vedgår at materialisme og sekularisme er eit større trugsmål enn statleg forfølging, skriv Kim som er koreanar som har arbeidd med misjon i Kina. 

Som under kulturrevolusjonen er Kinas kristne under hardt pres. 

– Dei er ikkje mainstream, men dei står ved sida av krossen for å vitna for vår Gud og halda ut, slik at dei igjen kan oppleve sann vekking, skriv Kim. 


Illustrasjonen øvst i saka er laga av kunstnaren Badiucao for CSW. Han er ein kinesisk dissidentkunstnar busett i Australia.

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 5-2023

AKTUELT