Kina: Burar inne pastorar - Stefanusalliansen
Pastor Qie Jiafu, her saman med familien, var bura inne i to veker.

Pastor Qie Jiafu, her saman med familien, var bura inne i to veker.  

Kina*   

 

Uregistrerte kyrkjer i Kina har fått valet mellom å stengja dørene, eller slutta seg til den registrerte og statskontrollerte Tre sjølv-kyrkja.

Tre store uregistrerte kyrkjer som blei stengt med makt i 2018, vart likevel ikkje borte. Kyrkjefolket heldt fram i mindre grupper i private heimar.

Zion-kyrkja i Beijing var ei av dei mest kjende uregistrerte kyrkjene som fekk veksa under ein avgrensa, men viktig fridom i eit par tiår før Xi Jinping kom til makta i 2013. Zion-kyrkja var ikkje ei huskyrkje. Ho var godt etablert på gateplan i hovudstaden.

Kraftig tilstramming
Men så kom ei kraftig tilstramming 2018. Kina innførte ei streng religionslov frå 1. februar, retta mot dei uregistrerte kyrkjene. Samstundes skjerpa kommunistregimet kampanjen for å gjera dei registrerte kyrkjene meir «kinesiske» og parti-kontrollerte.

Regimet stengde den store uregistrerte Zion-kyrkja i Beijing i september det året. Kyrkja hadde nekta å installera overvakingskamera i kyrkjerommet. Styresmaktene tvinga dessutan utleigaren til å kansellera leigeavtalen, melder nettmagasinet Bitter Winter som dekkjer Kina godt.

Men den stengde kyrkja blei ikkje borte. Kyrkjefolket heldt fram i små huskyrkjer. Til Bitter Winter fortel eit medlem at det er «hundrevis» av Zion-møtestader, fleire av dei utanfor Beijing. Det samla medlemstalet kan vera på 25 000 menneske.

Men kommunistpartiet toler ikkje dette. To pastorar i Zion-kyrkja, Qie Jiafu og Huang Chunzi, vart arresterte i heimane sine 28. april, skulda for å driv ei «ulovleg forsamling». Medlemmar av kyrkja fryktar at dette er starten på ein ny kampanje mot dei og andre kyrkjer, skriv Bitter Winter. Qie Jiafu vart sett fri 10. mai.

Politirazzia mot retreat
Også ei anna stor uregistrert kyrkje,  Love Reformed Church i Guiyang i den sørvestlege provinsen Guizhou, er under politiangrep. Også denne kyrkja vart stengt i september 2018.

Den 16. mars kom det politirazzia mot ein retreat på ein privat eigedom i Guiyang. Mellom deltakarane var fleire medlemmer av Love Reformed Church. Fleire vart taua inn av politiet. Då Zhang Chunlei, eldste i kyrkja, på ettermiddagen drog til politistasjonen for å prøva å få dei arresterte fri, vart han sjølv plassert i varetekt. Han sat der nær sju veker, skulda for å driva ei ulovleg forsamling.

Då han etter fleire dagar ikkje slapp fri, fortalde politiet at saka hans var under etterforsking. Den 1. mai  blei Zhang Chunlei så formelt arrestert – no skulda for bedrageri. Love Reformed Church fordømmer arrestasjonen. I eit bønebrev skriv kyrkja at Zhang vart internert og arrestert på grunn av trua si. Dei seier at svindel-skuldingane er grunnlause og absurde, kyrkja har teke mot gåver, slik mange andre kyrkjer gjer.

Den kristne trusfridomsorganisasjonen CSW, basert i London, ber om at han straks og utan vilkår blir sett fri, og at alle skuldingar vert droppa.

Forretta gravferd – rett i arresten
I Chengdu i Sichuan-provinsen vart Early Rain-kyrkja stengt like før jul i 2018. I ein politirazzia vart over 100 taua inn. Pastor Wang Yi vart i desember 2019 dømt til ni års fengsel for undergraving av statsmakta. Ein eldste i kyrkja fekk fengselsdom sin nokre dagar før pastoren.

Den 7. mai i år vart endå ein pastor, Wu Wuqing, arrestert for å ha «forstyrra offentleg orden». Han hadde forretta ei gravferd for eit kyrkjemedlem. Wu hadde vore i arresten også i april.

– Dette er klare meldingar til alle huskyrkjene i Kina. Dersom dei ikkje underordnar seg, er dagane deira talte, skriv Bitter Winter.

– Vi ber det kinesiske kommunistpartiet om å slutta å slå til mot uregistrerte kyrkjer og andre religiøse grupper over heile Kina. I alt internasjonalt samarbeid med Kina må kvart einaste høve brukast til å utfordra landet på dei openberre brota på menneskerettane, inkludert trusfridomen, seier Mervyn Thomas i CSW.

 

AKTUELT