Slekt drepne av IS - orka ikkje meir vald i islams namn - Stefanusalliansen
Ei kvinne kledd med heildekkjande muslimsk klesdrakt, i det kommersielle senteret i Dubai.

Ei kvinne kledd med heildekkjande muslimsk klesdrakt, i det kommersielle senteret i Dubai.  


Katy (27) er frå Syria, frå byen Tartus, på kysten mot Middelhavet. Familien høyrer til den muslimske minoriteten ismaelittane. Også Katy las Koranen under oppveksten i ein dedikert familie. 

– Men eg kjende på ei uro. Eg var redd for at Gud ikkje var glad i meg, det var alltid straff for eit eller anna, fortel Katy. 

Nysgjerrig på kyrkje 
På vegen til skulen passerte ho kvar dag ei maronittisk kyrkje – ei katolsk kyrkje som står særleg sterkt i Syrias naboland Libanon.  
– Eg vart nysgjerrig, fortel Katy.  
På mobiltelefonen til mora fekk ho høyra ein libanesisk radiokanal som også høyrer til den maronittiske kyrkja i Libanon: «Guds stemme».  

 – Eg høyrde at dei brukte ord som «Vår Far» om Gud. Eg tenkte: «Korleis kunne dei bruka slike ord om Gud?» 

Ein dag skulka Katy skulen for å gå i kyrkja, utan at foreldra skulle oppdaga det. 

– Eg gråt medan presten preika. Etterpå sa eg til han at eg ville bli kjent med Jesus. 

 

LES OGSÅ: Menneske snur ryggen til ekstrem islam
 

Vart kontrollert heime
Katy oppsøkte kyrkja fleire gonger. Heime bløffa ho om kvar ho hadde vore eller tenkt seg. 

– Foreldra såg på andletet mitt at eit eller anna hadde skjedd. Dei visste at eg hadde Det nye testamentet, men ikkje at eg hadde byrja å gå i ei kyrkje 

Foreldra byrja å kontrollera henne, for å vita kva ho heldt på med. 

– Eg byrja å samanlikna Koranen og Det nye testamentet. I Koranen las eg at dersom eg gjorde noko mot nokon, måtte vedkomande gje meg noko tilbake. I Det nye testamentet las eg derimot at dersom nokon slår meg på det eine kinnet, skal eg venda det andre til. 

Presten redd for å døypa
Katy legg til: 
– Eg spurte presten om eg kunne bli kristen. Men han var redd for å døypa meg, av uro for reaksjonane, og bad meg vera varsam når eg kom til kyrkja, eg måtte unngå at nokon såg meg. 

Katy oppsøkte så ei protestantisk kyrkje der pastoren preika ut frå Det gamle testamentet. Ho som til då berre hadde hatt  Det nye testamentet, blei svært interessert. Ikkje minst vart ho fascinert av ei preikerekkje om Jobs bok. 

Difor byrja Katy å gå der kvar søndag. Ho var blitt 16 år. Ei kvinne som såg at ho var ny, inviterte Katy med i ei kvinnegruppe på fredagane. Planen var å bli døypt i denne kyrkja, men politikontrollar gjorde at dei ikkje tok sjansen der heller. 

IS drap slektningar
Katy var 14 år då borgarkrigen i Syria starta i 2011. Så kom IS, som skulle byggja kalifatet gjennom bestialitet. 
– Borgarkrigen og IS gjorde at eg stilte endå fleire spørsmål. IS-krigarar skar halsen over på ein slektning av mor og brende henne, mannen og dei tre barna.  

Katy fekk vonde draumar om IS.  
– Eg prata med far om IS og drap, han svarte meg berre at IS ikkje er islam. 

Men spørsmåla vart ikkje borte for Katy.  

 

Eg spurte presten om eg kunne bli kristen. Men han var redd for å døypa meg. 

Katy 



Døypt i Dubai 
I 2021 reiste Katy frå Syria, etter den første bølgjen av korona. Ho søkte arbeid i Dei sameinte arabiske emirata. Katy slo seg først ned i emiratet Sharjah. Ei veninne skaffa kontakt med ein pastor som døypte henne. Familien i huset der ho budde, introduserte så Katy for kristne vener. Slik blei Katy ein del av ei gruppe. 

– Etter at eg blei døypt, fortalte eg foreldra mine om den nye trua mi.  

I starten tok dei det tungt. Far var mest oppteken av at eg måtte koma heim. Han var kanskje meir lei seg fordi eg hadde reist frå Syria enn at eg hadde skifta tru, seier Katy. 

Heim til mor og til fars grav
Katy har ikkje vore heime i Syria sidan ho drog. Men seinare i år reiser ho heim for å besøkja mora og broren og gå på grava til faren, som blei sjuk og døydde. Mora har forsona seg med den nye trua hennar. 

I Dubai kjenner Katy inga redsle for å stå fram med kristen tru, sidan ho ikkje er frå landet, men frå Syria. Heime i Syria er det også lettare å vera konvertitt frå ismaelittane enn frå sunni-islam. 

– Ismaelittane er meir tolerante. Konvertittar kan møta sinne og bli hindra i å gå ut, men dei blir ikkje møtte med grov vald, seier Katy. 

 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 3-2024
 

AKTUELT

Prosjekt