Juntaen bombar og brenn kyrkjer, bevisst vald mot kristen minoritet - Stefanusalliansen
Thantlang i brann, hausten 2021.

Thantlang i brann, hausten 2021.  

Myanmar   

Berre i Chin-staten i nordvest, der meir enn 90 prosent av folket er kristne, er 107 religiøse bygg øydelagde. Av desse er 67 kyrkjer og fem buddhistkloster, melder Chin Human Rights Organization (CHRO), tidlegare partnar av Stefanusalliansen.

Forskarar som har samla bevis for krigsbrotsverk i Myanmar, underbyggjer rapportar om at flyangrep øydelegg kyrkjer i det buddhistisk-dominerte landet. Forskarane har undersøkt rapporterte angrep mot kyrkjer i Chin-staten i ein breiare studie av junta-angrep mot religiøse samfunn, melder storavisa The Washington Post.

Myanmar Witness-prosjektet har i detalj undersøkt fem påstandar om at kyrkjer i Chin-staten blei utsette for store fysiske skadar i 2023. Forskarane har verifisert alle rapportane. Religiøse bygg har særskilt vern under folkeretten. Men det bryr juntaen i Myanmar seg ikkje det minste om.

Over 20 kyrkjer brende ned
I byen Thantlang i Chin-staten er alle kyrkjene (unnateke ei) øydelagde – dei er brende eller bomba. Mange vart øydelagde av juntaen alt hausten 2021. Thantlang er tømt for folk – 10 000 menneske har flykta, enten over grensa til Mirozam-staten i India eller til Chin-hovudstaden Hakha. Området er framleis kamparena for juntaen og forsvarsgrupper frå Chin-folket.

Brannar og bombeangrep har ramma alle landsbyar i Chin-staten. Også chin-folk som bur i Saigang-regionen nord for Chin-staten, er ramma av angrep.

– Ei kyrkje i Khampat i Saigang blei ramma av ei bombe under ei gudsteneste, med meir enn ti drepne, fortel ei av chin-kjeldene til Stefanusalliansen, pastor Tur (som ikkje er hans rette namn).

– Skadane på kyrkjer er ikkje utilsikta skadar av krigen. Dette er målretta angrep mot bygg som er viktige for chin-folkets identitet. Slik er det også andre stader i Myanmar, seier ein opprørt redaktør Johannes Morken i Stefanusalliansen.

 

Skadane på kyrkjer er ikkje utilsikta skadar av krigen. Dette er målretta angrep mot bygg som er viktige for chin-folkets identitet.

Johannes Morken

 

Undertrykkjer ikkje-buddhistar
Militærregimet har base i den etniske gruppa burmanarane som i alle år har dominert Burma eller Myanmar. Juntaen har alltid undertrykt gruppene som ikkje er burmanarar og ikkje er buddhistar. Hæren er oppmuntra av ekstreme buddhistmunkar som fyrer opp hat mot ikkje-buddhistiske minoritetar.

Aller verst har det gått ut over rohingya-minoriteten som hovudsakleg er muslimar. I 2017 flykta 740 000 til Bangladesh etter det som i alle fall kan kallast etnisk reinsing av Rachine-staten i sørvest.

Våpenkvile – for kven?
Midt i januar blei det meldt om ei Kina-forhandla våpenkvile mellom juntaen og tre opprørsgrupper som har operert aust i Myanmar, på grensa mot Kina.

Dette betyr ikkje våpenkvile i Myanmar. Stefanusalliansens kjelder i Chin-staten fortel at ei av gruppene frå denne våpen-kvila, Arakan-hæren, no har flytta aktivitet inn i Chin-staten i nordvest.

– Strategien til Arakan-hæren fører til at fleire menneske i Chin-staten vert fordrivne frå heimane sine. Arakan har teke kontroll over nokre landsbyar i Chin-staten og kan skapa større etniske motsetnader i Chin-staten. Det er vi redde for, seier pastor Tur.

Opprørt
Morken i Stefanusalliansen er opprørt over at borgarkrigen i Myanmar synest gløymt av omverda. Juntaen har operert med støtte frå Kina og Russland. Det einaste inngrepet kom då Kina blei uroleg for krig nær si eiga grense.

Morken ber både regionale makter og vestlege leiarar på nytt engasjera seg for fred og demokrati i Myanmar.

– Det er teikn som tyder på at juntaens målretta angrep ikkje verkar, at motstanden er for sterk. Juntaen kan kollapsa. Det må vestlege leiarar bu seg på. I aukande grad må dei forhalda seg til den einaste legitime demokratikrafta i Myanmar – den nasjonale samlingsregjeringa som vart danna av folk frå alle dei etniske minoritetane like etter kuppforsøket i 2021, det vi kan kalla Myanmars «skuggeregjering», seier Morken.

Karen-folket forfølgd
Karenfolket som bur i Karen-staten i søraust på grensa mot Thailand, har også møtt fordrivelse og konflik og krig. Mange bur i mellombelse leirar i Myanmar, spesielt nær Taungoo og den nordlege delen av Karen-staten. Mange barn er blitt ramma i nordlege delen av Karen-staten på grunn av hærens kuftangrep mot landsbyar, særleg der kristne bur. Dette har pågått i to år og er blitt verre i det siste, opplyser Stefanusalliansens kjelder med kontaktar i Karen. Mange kyrkjer er brende det siste året.

Menneskerettsbrot som vilkårlege arrestasjonar, tortur og tvangsarbeid er dokumentert av ulike organisasjonar.

– Kristne i Myanmar møter ofte diskriminering og fordommar frå det buddhistiske flertallet. Dette hindrar deres til utdanning, arbeid og andre gode. Kristne samfunn, spesielt dei som bur i konfliktsoner, er sårbare for vald og utnytting frå væpna grupper fog andre aktørar. Dei har store utfordringar og treng støtte, seier Stefanusalliansens kjelder.

 

 

 

AKTUELT

Prosjekt