Jernteppet kom likevel tilbake - Stefanusalliansen
Mikhail Gorbatsjov er død.

Mikhail Gorbatsjov er død.  


Mikhail Gorbatsjov var ein modig statsleiar som både steig ut av terrorbalansen og let jernteppet, som hadde kløyvd Europa, falla. Dette er verdshistorie av stort format, eit prov på at enkeltmenneske kan gjera ein avgjerande forskjell i dei rette posisjonane. 

Gorbatsjov overtok imperiet Sovjetunionen som også kontrollerte landa i Aust-Europa. Han innsåg etter kvart at systemet var stivna,. Under Gorbatsjov vart glasnost (openheit) og perestrojka (endring) ord som vart allemannseige i vest der Gorbatsjov vart ein helt. Vi hylla han for nedrusting og vilje til endring (og la ikkje nok vekt på at han var ansvarleg for skyting av fredelege demonstrantar både i Georgia og Latvia før Sovjets brutale teppefall).

Sovjetunionen falli 1991, sjølv om det ikkje var Gorbatsjovs mål, han ville reformera. Nye sjølvstendige statar oppstod av dei gamle Sovjet-republikkane frå Ukraina til Sentral-Asia. I Aust-Europa let Gorbatsjov revolusjonar gå sin gang, han sende ikkje inn stridsvogner slik Sovjet gjorde i Ungarn i 1956 og Tsjekkoslvakia i 1968 eller tvang fram unntakstilstand slik Sovjet-leiarane før han gjorde i Polen i 1981. I land etter land vart kommunistregime kasta.

Den sterke optimismen slo gjennom også i organisasjonen der eg arbeider i dag: Misjon bak Jernteppet bytta raskt namn, alt i 1990. Svært mange i vest trudde at historia hadde teke eit avgjerande og langt steg i rett retning og at det ikkje var nokon veg tilbake. Og at retning gjekk mot fridom og demokrati.

Vi veit ikkje kva som hadde skjedd dersom Mikhail Gorbatsjov, president i Sovjetunionen, og Boris Jeltsin som leia nasjonalforsamlinga, hadde klart å samarbeida i staden for å hata kvarandre. Kunne Russland blitt eit stabilt demokrati, som del av Europa? 

Russland blei ikkje demokrati. Sosialt og økonomisk kaos følgde det neste tiåret etter Sovjets samanbrot i 1991. Oligarkane grabba til seg statens verdiar medan folk flest ikkje fekk tak i det dei trengde. I Aust-Europa har diverre ikkje alt gått den rette vegen mot demokrati heller, sjå Ungarn og Polen.

For trusfridommen sin del skjedde framsteg i Russland på 90-talet: Kyrkjer blei opna etter tiår med undertrykking. Kyrkjer som hadde vore brukte til fjøs og lager, vart restaurerte. Det var lov å gå i kyrkja igjen. 

Men ein mektig aktør stod fast i Russland, både i kyrkje og samfunn: KGB, det hemmelege politiet. Patriarken i den russisk-ortodokse kyrkja på 90-talet og nokre år etterpå var KGB-agent. Han vart ikkje bytta ut i 1991. Og mannen som Boris Jeltsin henta fram som sin etterfølgjar til det russiske presidentembetet, henta han rett frå KGB: Vladimir Putin. Han blei den fremste oligarken, og han brukte løgn, isenesett terror og krig for å befesta makta som «Russlands frelsar».

Patriark Kirill som overtok leiinga i Den russisk-ortodokse kyrkja i 2008, har saman med president Putin bygd ein russisk identitet som har fjerna Russland frå det europeiske fellesskapet. Den fullskala invasjonen i Ukraina, støtta av patriarken, var ei kulminering av ein tragedie som vi burde vore betre førebudde på. Det var mange nok varsel frå krigane Putin hadde ført i Tsjetsjenia, Georgia, Krim og Donbass. Rett framfor nasen vår.

Arven etter Gorbatsjovs mot står fast. Alt klarar ikkje Putin å snu. Men vi må stålsetja oss for ei framtid som ikkje er så lys som vi drøymde om då Berlinmuren fall og Sovjetunionen gjekk i oppløysing. 

AKTUELT

Prosjekt