Jemen: Frå al-Qaida til Jesus - Stefanusalliansen
Josef og Maryam arbeider med eit nettverk på 250 Jesus-truande i Jemen. Foto: Johannes Morken

Josef og Maryam arbeider med eit nettverk på 250 Jesus-truande i Jemen. Foto: Johannes Morken  


– Gud gjer noko i Jemen, seier ekteparet Josef og Maryam til Magasinet Stefanus. 

Dei verkelege namna til Josef og Maryam brukar vi ikkje av tryggingsgrunnar. Ekteparet budde i Jemen i fleire år før borgarkrigen starta i 2014. Dette er eit land der islam er einerådande, og der det er dødsstraff for fråfall. 

– Vi er blitt svært oppmuntra. Vi håpa på ei lita gruppe. I dag har vi kontakt med mellom 200 og 250 kristne. Kor mange kristne det er i Jemen, veit vi ikkje, men vi trur det er nokre få tusen. 

Støttar undergrunnskyrkje 
Maryam og borna reiste frå Jemen etter at krigen braut ut. Josef, som oppheldt seg i landet ein månad etter at familien var komen trygt på plass i eit anna land i Midtausten, kom seg ut med skotvekslingar rundt seg og andre som flykta ut Aden-bukta. 

I åra etterpå har Josef og Maryam arbeidd blant flyktningar frå Jemen der familien no bur. Dei har samstundes støtta eit nettverk av kristne i Jemen. Stefanusalliansen støttar misjonsarbeidet. Andre partnarar skaffar midlar til humanitært arbeid. 

Josef besøkjer nettverket to-tre gonger i året. Ut frå Jemen får dei oppmuntrande historier.  

 

Alt er Herrens verk, utløyst av at vår kristne bror våga å fortelja at han var kristen. 

Josef og Maryam  

 

«Du må heller velsigna» 
Ein ung kristen mann frå nettverket kom til landet der Josef og Maryam no bur. Han ville ikkje reisa heim. Mannen tok Disippeltrenings-skule (DTS). 
–  Der oppmuntra Herren han til å venda heim til Jemen, fortel Maryam og Josef. 

Då mannen etter heimkomst braut foten, møtte han ein lege på sjukehuset. Legen snakka svært negativt om houthi-rørsla som tok makta i Nord-Jemen i 2014.  

– Vår kristne bror sa at legen heller enn å klandra, burde velsigna. Legen spurte om han var houthi, noko han kunne seia at han ikkje var, fortel Maryam. 

Våga å fortelja om trua 
Mannen visste at det kunne vera farleg å fortelja at han var kristen. Men han kjende at han skulle vera modig og fortelja om trua si. 

– Legen blei ikkje sint, men interessert. Ein dag ringte legen, det var noko han ville fortelja. Dei to møttest. Legen hadde drøymt om seg sjølv i eit mørkt rom. I draumen kom ein kvitkledd mann som retta handa ut og sa: «Følg meg». Om morgonen fortalde legen kona si om draumen. Ei overraska kone hadde hatt den same draumen. Dei to gav livet sitt til Jesus. No er legen og kona vertskap for eit husfellesskap som møtest ein gong i veka. Alt er Herrens verk, utløyst av at vår kristne bror våga å fortelja at han var kristen. 

Slapp raskt fri 
Josef og Maryam fortel også om ein mann som distribuerte mat til fattige. Han køyrde rundt  og var open om at han var kristen. 

– Mannen blei stogga ved ei vegsperring og teken til politistasjonen. Der fann politifolka ei notatbok i lomma hans. Teksten frå Jesaja 41,10 var skriven ned: «Frykt ikkje, for eg er med deg, ver ikkje redd, for eg er din Gud! Eg gjer deg sterk og hjelper deg og held deg oppe med mi rettferds høgre hand», fortel Josef og Maryam og held fram: 

– Politisjefen las verset for seg sjølv. Den arresterte bad politioffiseren lesa det høgt, noko han gjorde. «Har du lese noko slikt før?» spurte den arresterte. «Nei», svara politioffiseren, «dette må vera frå Gud». Den arresterte gledde seg over at politifolka fekk høyra Guds ord lese på stasjonen. Andre som er blitt sperra inne, har måtte sitte inne både eitt og to år. Etter to veker i fengsel blei mannen sett fri, utan forklaring. Dette var eit mirakel. 
 

Frå al-Qaida til Jesus 
Den unge mannen Mohammad, som budde i ein by der al-Qaida har sterkt fotfeste, har fortalt at då han var barn, møttest folk frå al-Qaida i huset deira. Mohammad høyrde at dei også snakka om korleis dei skulle drepa kristne. 

– Etter vidaregåande skule sende faren han til eit land i Asia. Ein amerikansk familie fortalde der Mohammad, som dei visste var sterkt knytt til islam, om evangeliet. Dei gav han ein bibel. Då Mohammad hadde lese han, vart han overtydd om at Jesus var vegen, fortel Maryam og Josef. 

Men då Mohammad skulle reisa heim, var han svært uroleg for kva faren ville seia, og han 
var redd al-Qaida ville drepa han. Mohammad tok difor ikkje med bibelen. Heime tok faren han ein dag til sides. Han ville fortelja at han hadde sett på kristne TV-program og funne ut at Jesus er vegen. 

– Då måtte Mohammad fortelja at han sjølv, medan han var i Asia, hadde funne ut det same. Gleda var stor hos båe. Då det ville vore farleg å måla ein kross på husveggen, måla faren ein trekant som minner dei om Faderen, Sonen og Den heilage ande. 

 

Det er oppmuntrande å sjå (…) at kyrkja i Jemen veks. 

Josef og Maryam 

 


 

Ungdom frå nettverket i Jemen møtest til lovsang og fellesskap i eit anna land. Av tryggingsgrunnar er alle gjort utydelege.  Foto: Josef og Maryam 

«Tørstar etter Herren» 
To gonger i året kjem leiarane for nettverket til eit anna land for ein konferanse. I ti dagar i vår hadde 16 unge tett program, med bibelske salmar alt før frukost. 

– Dei unge tørstar etter Herren. Herren lækte sår og frykt. Somme hadde aldri tidlegare vore ute av Jemen. Heime må dei be i løyndom. Utanfor huset heime må dei kle seg som muslimar og læra Koranen på skulen. Dei må leva med dobbel identitet, fordi det er farleg å vera open om kristen tru. Under konferansen kunne gutar og jenter kle seg slik dei ville og løfta hendene i bøn, fortel Josef og Maryam. 

Dei er oppmuntra av unge kristne som held fast på trua og har draumar om å bli legar eller ingeniørar og bli buande i Jemen. 

– Dei har ingen planar om å dra frå sitt eige land. Dei vil i staden byggja landet, og steg for steg gjera det betre. 


Jemen 

Republikk på Den arabiske halvøya. 
Folketal: 29 millionar. 
Religion: Islam. 
Nord-Jemen og Sør-Jemen blei samla i 1990. 
Politisk hovudstad: Sanaa, nord i landet.  
Borgarkrig frå 2014, da houthi-rørsla tok Sanaa. 
Saudi-Arabia gjekk inn og gjorde krigen endå meir brutal. 
Våpenkvile april 2022 stoppa luftangrep, framleis bakkekampar. 
Herja av ei av humanitær katastrofe. 
 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 6-2022

AKTUELT

Prosjekt