‘Eg såg ei gravid (26). Dei slo henne så ho skulle miste barnet’ - Stefanusalliansen

 

Nord-Korea   

Overgrepa er dokumenterte av organisasjonen Korea Future, som har gjort detaljerte intervju med 259 overlevande, vitne og tidlegare statsagentar som har hoppa av.

Tvangsabortar blir systematisk praktisert i straffeleirar. Det blir brukt både medisinske injeksjonar, kirurgi og reine fysiske overgrep, som å banka laus mot magen til ei gravid. Tvangsabortar blir særleg brukt for å hindra fødsel av barn med kinesiske fedrar. Spontanabortar i straffeleirar skjer på grunn av manglande helsehjelp, feilernæring og hardt fysisk tvangsarbeid.

Tvangsabort
Ei kvinne som av Korea Future har fått koden A0029, fortel kva ho var vitne til av overgrep mot ei anna kvinne som hadde flykta til Kina og som der vart arrestert, sendt tilbake og brura inn i ein fangeleir.

«Eg såg ei gravid kvinne. Ho var 26. Med makt aborterte dei babyen hennar i januar 2015. Lukta av blod var overalt. Tvangsaborten fekk henne til å mista så mykje blod (...) dei aborterte babyen hennar fordi babyen var kinesisk. Utan unntak kvittar dei seg med graviditetar frå Kina.»

Kvinner som blir utsette for tvangsabortar, vert nekta helsehjelp etter smertefulle prosedyrar for å avbryta svangerskap. Svært sjeldan får kvinnene medisin eller behandling etter inngrepet. Her er vitnemålet frå ei kvinne med koden A1492:

«Eg var kring ein månad ute i graviditeten då eg vart fengsla. Eg var internert av Ministeriet for statens tryggleik. Med makt framkalla dei ein abort. Eg fekk ingen anestesi og vart nekta å gje frå meg ein lyd. Eg måtte gå til fots over eit fjell til eit sjukehus der dei gjennomførte ein tvangsabort. Eg hadde uuthaldelege smerter i ryggen. Eg fekk inga behandling, ingen medisin. Eg fekk kvila i ein dag til eg vart tvinga til å arbeida igjen.»

Kledde nakne
Ei kvinne (A2090) fortel at då ho kom til ein straffeleir under Ministeriet for statens tryggleik, vart ho og andre kvinnelege fangar tvinga til å kle seg heilt nakne. Tvangen stod kvinnelege tilsette for.

– Dei tok på seg gummihanskar og stakk hendene inn i livmora så langt dei kom, før dei sende oss inn i ei celle.

Det mest utbreidde overgrepet er nettopp å tvinga kvinner til å kle seg heilt eller delvis nakne og deretter, utan medisinsk årsak, gjennomføra inspeksjonar av kjønnsorgan, bryst og endetarmsopning.

 

Det mest utbreidde overgrepet er nettopp å tvinga kvinner til å kle seg heilt eller delvis nakne og deretter, utan medisinsk årsak, gjennomføra inspeksjonar av kjønnsorgan

Korea Future
 

Vil ha sanninga fram
Seksuell og kjønnsbasert vald er alvorlege brot på internasjonal lov, skriv Korea Future.

– Desse tilfella må etterforskast. Det internasjonale samfunnet må syta for at sanninga kjem fram, at rettferda vert sikra og at dei ansvarlege for overgrepa må stillast til ansvar.


Vald mot kvinner i Nord-Korea

Korea Future gjorde 259 detaljerte intervju i perioden 2021 til 2023. Overlevande, vitne og avhopparar frå maktapparatet vart intervjua. Funna er samla i ein database.

Mellom anna har Korea Future dokumentert:

• 195 tilfelle der kvinner måtte kle av seg heilt eller delvis

• 134 tilfelle av kroppsvisitasjon/undersøking av kroppsholrom utan medisinsk grunn

• 81 tilfelle av penetrering med kroppsdel eller gjenstand

• 62 tvangsabortar

• 55 tilfelle av fysisk kontakt utan samtykke

Kjelde. Korea Future

 

 

AKTUELT

Prosjekt