– Milliarder til våpen kan ikke utrette det som evangeliet kan gjøre for fred i Midtøsten.
Iransk pastor og sonen hans banka opp av politiet
Den iranske pastoren Yousef Nadarkhani, som ventar på å sona ei fengselsstraff på 12 år, blei 22. juli arrestert i eit valdeleg raid mot heimen hans.
Politiet dukka uventa opp om morgonen i heimen i Rasht. Ifølgje kjelder Christian Solidarity Worldwide har, knuste politiet døra, slo til pastoren Nadarkhani og tenåringssonen Daniel og brukte elektrisk batong mot dei to. Dette skjedde trass i at dei to ikkje gjorde motstand.
Pastorens kone og andre barn var heime saman med dei to. Pastor Nadarkhani vart deretter frakta til det berykta Evian-fengslet i Teheran.
– Vi fordømmer på det sterkaste iranske styresmakters bruken av overdriven vald under arrestasjonen av Nadarkhani og beklagar djupt den grunnlause valden mot sonen hans, seier Scott Bower i Christian Solidarity Worldwide.
Pastor Nadarkhani var heime på kausjon i påvente av at han skulle kallast inn til fengsel etter at ein anke mot den strenge fengselsstraffa ikkje førte fram. Han og tre andre medlemmar av Church of Iran er dømde for å ha «brote nasjonal tryggleik» ved å «promotere sionistisk kristendom». Alle fire fekk 10 års straff. Pastor Nadarkhani og Mohammadreza Omidi fekk to år ekstra kvar. Dei skal sona i fjerne og ugjestmilde strøk sør i Iran.
Dei tre andre vart arresterte dagar etter den valdelege arrestasjonen av pastor Nadarkhani, melder CSW. Saheb Fadaie og Mohammedreza Omidi vart henta om morgonen 24. juli. Yasser Mossayebzadeh vart arrestert dagen etter. Også desse vart førte til Evian-fengslet.
Dei fire vart første gongen arresterte i Rasht 13. mai 2016 etter at tryggingspoliti raida fleire kristne heimar. I juli 2017 vart dei funne skuldige. Stefanusalliansen sende appell for dei fire i november i 2017, før ankesaka kom opp for retten. Tidlegare i 2017 var Stefanusalliansens forbønsvener i bøn for dei fire.
Ankesaka vart ført 13. desember i fjor. Dommarane var Ahmad Zargar og Hassan Babaee. Begge skal ha spelt viktige rollar i å slå ned ytringsfridomen i Iran. Advokatane til dei fire fekk ei tekstmelding 2. mai i år om at anken var avvist og at straffene var stadfesta.
Scott Bower i CSW seier at tiltalen mot dei fire om at dei utgjer ein fare for nasjonal tryggleik er falsk og at straffene er overdrivne.
– Straffene inneber å kriminalisere kristen praksis. Vi ber om vilkårslaus frigjeving og at dommane vert omgjorde. Det internasjonale samfunnet må pressa den iranske regjeringa til å halda oppe dei konstitusjonelle forpliktingane i møte med det kristne samfunnet, og til å respektera rettane til borgarane til full trus- og livssynsfridom, slik dei kjem til uttrykk i konvensjonen om sivile og politiske rettar, ein konvensjon Iran har signert.
Bli appellvenn
Bli med blant Stefanusalliansens appellvenner som hver måned får et brev de kan sende til et lands myndigheter for å forsvare en forfulgt.