Iran vil ta adoptert toåring med makt frå kristent par - Stefanusalliansen
Sam og Maryam er frådømde retten til omsorg for adoptivdottera Lydia.

Sam og Maryam er frådømde retten til omsorg for adoptivdottera Lydia.  

Iran   

SISTE: 24.9.2020: Lydia skal tas fra foreldrene

 

Ekteparet Sam Khosravi og Maryam Falahi som er kristne konvertittar, adopterte Lydia (2) då ho var tre månader gamal. Iran ser på Lydia som muslim. Det melder Article18, ein organisasjon som kjempar for kristne i Iran – støtta av Stefanusalliansen.

Kristne i Iran under press
Paret risikerer at regimet når som helst hentar Lydia og tek ho med makt. Paret tek difor saka til Irans høgsterett.

I juli i fjor, ein månad før Lydia blei to år, kom dommen i ein domstol i byen Bushehr, sørvest i Iran: Sam og Maryam som er medlemmer i ei huskyrkje, er «ikkje skikka» til å vera foreldra til Lydia.

Dommen blei stadfesta i ein appelldomstol i september. Det skjedde trass i at dommaren hadde fastslege at Lydia føler «intense kjensleband» til adoptivforeldra, og at det er «null sjanse» til å finna andre adoptivforeldre for henne, sidan Lydia har store helseproblem.

Dømde mot foreldra
Dommaren vedgjekk at Lydia difor har ei usikker framtid og kan koma til å tilbringa resten av livet under statleg omsorg.

Men dette hindra ikkje dommaren i å dømme mot adoptivforeldra hennar. Den einaste grunnen er at dei er kristne konvertittar. Lydia vert, sjølv om dei biologiske foreldra hennar ikkje er kjende, sett på som muslim. Etter lova skal ho ha omsorg frå muslimske foreldre og ikkje andre.

Sam og Maryam har alltid vore klare på at dei har konvertert til kristendommen. Men likevel seier dommaren at eit «nominelt muslimsk barn» aldri skulle vore plassert i heimen deira.

Dette er, seier Mansour Borji i trusfridomsorganisasjonen Article18, som støttar iranske kristne, nok eit døme på at iranske domstolar ikkje er uavhengige.

LES HEILE SAKA HOS ARTICLE 18

Støtt undertrykte iranske kristne

Gi en gave til Stefanusalliansens partnere. Merk gaven: Iran

Gi en gave

AKTUELT

Prosjekt