Iran: Pastor-son vert bura inne - Stefanusalliansen
Ramiel Bet-Tamraz (t.h.) sonar no dei siste tre månadane av fengselsstraffa. Foreldra Victor Bet-Tamraz og Shamiram Issava ventar på ankeska.

Ramiel Bet-Tamraz (t.h.) sonar no dei siste tre månadane av fengselsstraffa. Foreldra Victor Bet-Tamraz og Shamiram Issava ventar på ankeska.  

Iran   

Ramiel Bet-Tamraz (35) er sonen til pastor Victor Bet-Tamraz og Shamiram Issavi. Dei ventar på at ankesakene skal koma opp – etter dommar på ti og fem års fengsel. Dei er assyriske kristne som er dømde fordi dei har leia arbeid for iranarar som har konvertert og er blitt kristne. Ramiel Bet-Tamraz skal sona i Evin-fengselet i Teheran

Han har alt sona éin månad i fengsel og skal no sona dei siste tre månadane. Middle East Concern, som dokumenterer forfølging av kristne og mobiliserer til bøn, skriv at kristne i Iran ber om forbøn for Ramiel Bet-Tameraz og familien.

Kristne i Iran: Hardt for familien
Søstera til Ramiel Bet-Tamraz, Dabrina Bet-Taraz, har lenge vore ein tydeleg advokat for både familien og andre iranske kristne. Ho fortel til organisasjonen Article18 at broren er «sterk», men at fengselsopphaldet vil vera hardt både for han og særleg for kona, Ninebra.

Ramiel vart arrestert saman med andre kristne 26. august 2016. Dei var på hyggeleg utflukt nord for hovudstaden Teheran. To av dei, Hadi Asgari og Amin Afshar-Naderi, har fått fengselsdommar på ti og 15 år, medan Amir-Saman Dashti har fått fire månader i fengsel, det same som Ramiel Bet-Tamraz.

Foreldra til Ramiel og Dabrina skal etter planen i retten 24. april etter at ankesakene i haust vart utsette fleire gonger, seinast i november, fordi det var for travelt i retten. Rettssakene dreg ut i årevis.

Kristne i Iran: Seks månader i fengsel
Tre iranske konvertittar har starta på soninga av sine seks månader i fengsel etter at dei vart dømde tidlegare i år for «propaganda mot systemet ved å fremja sionistisk kristendom», melder Middle East Concern.

Asghar Salehi, Mohammed Reza Rezaei og nokre konvertittar som vi ikkje er gjort kjende med namnet til, sonar straffene sine i Eqlid-fengselet i provinsen Fars. Appellsakene førte ikkje fram.

AKTUELT

Prosjekt