Iran: Kristne leiarar støttar makta - Stefanusalliansen

 

Iran   

Demonstrasjonane i Iran har skapt djup splitting mellom leiarar for godkjende kristne minoritetar, og kristne som er blant dei mange som risikerer liv og helse for å stogga det brutale regimet.

Det sjia-muslimske ayatollah-styret i Iran godkjenner tre religiøse minoritetar: Kristne, jødar og Zarathustra-tilhengjarar. Dei små kristne assyriske og armenske minoritetane utgjer til saman kanskje 20-25 000 menneske. Dei har kvar sin representant i parlamentet. Dei to andre minoritetane har også kvar sin.

Dei godkjende minoritetane har fått behalda gudshusa og institusjonane sine. Trua si får dei armenske og assyriske kristne praktisera, men berre i heimar og kyrkjebygg og på sine eigne etniske språk. Å dela kristendom på farsi (persisk) er forbode. Ei rekkje assyriske og armenske kyrkjer som har teke imot konvertittar, som det er blitt mange av i Iran, er blitt stengde. Pastorar er blitt fengsla og dømde.

Under det beinharde grepet til ayatollah-regimet sidan 1979 har nemleg svært mange konvertert til kristen tru. Ingen veit kor mange desse er, men ei spørjeundersøking har opna for at det kan vera så mange som ein million. På line med dei forfølgde bahaiane vert desse rekna som «kjettarar» og ein trussel.

Kristen protest
Under dei landsomfemnande demonstrasjonane har også kristne teke del. For to månader sidan skreiv 300 kristne under eit opprop til støtte for demonstrasjonane som starta etter at den unge kurdiske kvinna Mahsa Amini døydde i hendene på det brutale moralpolitiet.

Dei 300 skreiv at det ikkje var nok å uttrykkja støtte i ord. Dei ville vera med i praktisk handling, i protestar «mot den 43 år gamle blodtørstige smitten i samfunnet vårt». Det var ein klar referanse til regimet som har styrt Iran sidan den islamske revolusjonen i 1979. Dei 300 gjorde det klart at dei ville stå saman med «det modige folket i Iran» som «har komme ut i gatene for å ta eit oppgjer med undertrykking, tyranni og diktatur».

Dei 300 var tydelege på kva målet er – «ein intensjon om en fullstendig revolusjon». Dette var tydelege stemmer, signaturane kom frå folk i dei uregistrerte kyrkjene i landet.

 

Dei ville vera med i praktisk handling, i protestar «mot den 43 år gamle blodtørstige smitten i samfunnet vårt»

300 iranske kristne i opprop

 

Det viste seg at også 40-50 unge frå den assyriske minoriteten gjekk aktivt ut i protestar i gatene eller støtta demonstrasjonane på nettet. Då gjekk både kyrkjeleiarar og den assyriske representanten i parlamentet aktivt ut og åtvara dei mot å demonstrera.

Aller hardast ut gjekk eit tidlegare assyrisk medlem av det iranske parlamentet, Yonathan Betkolia. I eit lengre intervju i statlege media brukte skjellsord som «giftig sopp» og «kreftsvulst». Kristne som protesterer, «må opererast ut og fjernast frå det iranske kristne samfunnet», sa han.

Dei 50 assyriske unge vart med makt tvinga til å halda munn. Kyrkjeleiarane og dei politiske leiarane til dei to kristne minoritetane vart henta inn til eit møte med etterretningstenesta. Leiarane for dei to kristne samfunna måtte signera kvar sine erklæringar mot demonstrasjonane og gje frå seg lister med namn på demonstrantar. Det skriv Stefanusalliansens partnar Article18 som støttar kristne i Iran  og har eit breitt kjeldenett i Iran.

Det er tydeleg at regimet ser at trusselen frå demonstrantane er alvorleg.

Utnytta av regimet
Regimet brukar no åtvaringane og fråsegnene frå leiarane av dei godkjende kristne minoritetane for fullt i propagandaen. Etterretningstenesta i Iran har dei siste par vekene sendt ut erklæringar som minner sterkt om fråsegnene frå dei armenske og assyriske kyrkjene i Teheran, skriv Article18.

Her vert demonstrantane kalla «fiendar», og «utlendingar» får skulda for demonstrasjonane. Ikkje eitt ord vert sagt om dei truleg over 400 som er drepne, her vert det derimot uttrykt sorg over døde medlemmer av tryggingsstyrkane.

Men 35-40 unge assyriske og armenske kristne i og utanfor Iran har no gått saman for å visa at dei ser heilt annleis på demonstrasjonane enn dei regimetru kristne leiarane i Teheran. I videoar som dei har posta i sosiale media, gjev dei full støtte til demonstrasjonane. Dei omtalar demonstrantane som «heltar» og «modige søstrer og brør». Dei repeterer slagordet for den nye revolusjonen: «kvinner, liv, fridom».

Det er desse unge som er dei sanne representantane for den assyriske og armenske minoriteten i Iran. Det tyranniske regimet i Iran må falla.

I lomma på brutal makt
Ingen veit kor stor del av det iranske folket som støttar demonstrasjonane – eller regimet. Men det er i det minst oppsiktsvekkjande at så pass mange unge assyriske og armenske kristne – frå to svært små minoritetar – har våga seg ut i open protest mot både regimet og sine eigne leiarar.

Kristne leiarar som forsvarar ei tyrannisk makt er like ille i Iran som det til dømes er i Russland.

 

 

AKTUELT

Prosjekt