Indias farlege veg - Stefanusalliansen
Narendra Modi, statsminister i India.

Narendra Modi, statsminister i India.  

India *   

KRONIKK FØRST PUBLISERT I KLASSEKAMPEN 14.12.2022

I 2012 fekk dåverande SV-statsråd Erik Solheim stor publisitet for postulatet «Gud er tilbake». Han minna sekulære Noreg om at religion for svært mange i andre verdsdelar er ein viktig del av livet og at religion kan spela ei rolle for utvikling og klima.

Solheim hadde rett, også i at religion i politikken kan vera av det vonde. Eitt av dei farlegaste døma er India. Diverre overser Solheim dette medan han hyllar statsminister Narendra Modi.

Den gamle SV-toppen Erik Solheim må ha sovna i sin eigen religionstime.

«Klima av hat og fiendskap»
Etter at det hindunasjonalistiske partiet BJP kom til makta i India i 2014, har det gått gale vegen for ikkje minst muslimar, men også for kristne.

Kritiske røyster som står opp for minoritetane, vert trakasserte og fengsla. Sivilsamfunnet vert knebla – fleire tusen organisasjonar er nekta støtte frå utlandet. Muslimar til dømes i Aswan fryktar at dei vil mista statsborgarskapet. Kristne og muslimar er under aukande press av lovverk som kriminaliserer konvertering.

 

Den gamle SV-toppen Erik Solheim må ha sovna i sin eigen religionstime.

 

BJP-politikken har skapt eit «klima av hat og fiendskap mot religiøse minoritetar», konkluderer den uavhengige amerikanske kommisjonen for trusfridom (USCIRF) i ein fersk rapport. Resultatet er «vald, død, skader, seksuelle overgrep, øydelagd eigedom – inkludert gudshus, vilkårlege fengslingar, trakassering (…) og sosial boikott...»

Dette er, skriv kommisjonen, «djupt alarmerande» i eit sekulært og demokratisk land der grunnlova vernar religionsfridommen. Parallelt med hindunasjonalistisk politikk har det vore sterk vekst i verbalt hatefulle og valdelege angrep mot muslimar og kristne.

«Verdas største demokrati» er i full fart mot å bli eit autoritært, hindunasjonalistisk regime. Jubileumsdagen blei brukt aktivt. 15. august vart 11 hinduaktivistar benåda. Dei var dømde til fengsel på livstid for gjengvaldtekt mot den muslimske kvinna Bilkis Bano og drap på 14 medlemmar av familien hennar under opptøyar i delstaten Gujarat i 2002.

Godt over 1000 vart drepne, tre av fire var muslimar. Statsminister Modi som den gongen sjefsminister i Gujarat, vart kritisert for å akseptera valden. Høgsterett i delstaten har utfordra benådinga. Men BJP-regimet har vist sitt sanne andlet.

Kronikken i Klassekampen 14.12.2022. Faksimile.

Invaderer privatliv
Etter 2014 har lovgjeving som kriminaliserer konvertering, skote fart i delstatar der BJP styrer, med fengsel frå eitt og ti år. Hinduar som vil skifta religion eller gifta seg på tvers av tru, må senda inn eit skriv 30 eller 60 dagar på førehand. Med brutal makt kan politiet invadera folks privatliv.

Lovene forbyr konvertering med «makt, utilbørleg påverknad, lokkemiddel, tvang eller bedragersk framgangsmåte». Men lovene er først og fremst blitt eit maktmiddel for hinduaktivistar som angrip kristne (og til ein viss grad muslimar) og skuldar dei for tvang. Altfor ofte tek politiet mobbens parti.

Det finst knapt ein einaste fellande dom, påpeikar kritikarar. Men bølgja av rapportar om påstått «tvangskonvertering» blir omsynslaust utnytta. Ein advokat som er medlem av BJP og som for eit par år sidan blei fengsla under ein anti-muslimsk demonstrasjon, gjekk til høgsteretten. Det utløyste sjokk hos Indias minoritetar at han 14. november fekk medhald i at noko må gjerast for å stogga «tvangskonverteringar». Regjeringa har svart at det trengst ei nasjonal lov for å «verna» kvinner og sosialt og økonomisk utsette menneske mot trusselen.

Advokaten måtte i fjor trekkja ei liknande sak for høgsteretten – dommarane fann påstandane grunnlause og kravet i strid med grunnlova. Han la ikkje fram dokumentasjon denne gongen heller, men to andre dommarar gav no aktivisten rett.

Advokaten påstod jamvel at problemet er så stort at hinduistane snart vil koma i mindretal. Han piskar opp grunnlaus minoritetsfrykt blant ein milliard hinduar.

Kampanje

Då er vi tilbake til Solheim. I Bistandsaktuelt hylla han Modi endå ein gong for utviklingspolitikken, ein hyllest India-ekspertar har reservert seg mot. Solheim reduserte situasjonen for muslimar til noko han kunne skriva om «en annen gang», men hevda etter ein prat med ein spirituell indisk leiar at det er «grunn til optimisme»: «Hinduismen er en sekulær, ikke dogmatisk religion, og India kan gi plass til alle.» 

Men det er ikkje moderate hindustemmer som dominerer. Den fremste aktøren for hindunasjonalismen er paramilitære Rashtriya Swayamsevak Sangh (RSS) der Modi er medlem. Avdøde M.S. Golwalkar, viktig tenkjar i RSS, stempla kristne, muslimar og kommunistar som indre fiendar. Han var smitta av naziideologi som kan få nye bein å gå på.

 

Det er ikkje moderate hindustemmer som dominerer I India.

 

I den heilage byen Chitrakoot lanserte RSS i fjor sommar ein kampanje for å «frigjera India» frå det muslimske og det kristne samfunnet og pressa fram nasjonal lov mot konvertering. RSS har diverre fått høgsteretten på laget.

Juledag i fjor opplevde indiske kristne 16 valdsangrep. Når førjulstida i år kan bli prega av høgsterettens og Modi-regjeringas påstand om konvertering som trussel, kan jula i år bli verre. Erik Solheim må senda ei julehelsing og innstendig be venen Modi om å verna minoritetane, ikkje fyra opp frykt og hat.

AKTUELT