‘Indias demokrati lever, men det gjer også hatet Modi sleppte laus’ - Stefanusalliansen
Indias statsminister Narendra Modi leder fortsatt landets største parti – men opplevde tilbaegang

Indias statsminister Narendra Modi leder fortsatt landets største parti – men opplevde tilbaegang  


Indias statsminister Narendra Modi fekk ikkje den parademarsjen han hadde håpa på i det indiske valet. – Bønesvar, seier generalsekretær Vijayesh Lal i Evangelical Fellowship of India.

Regjeringspartiet BJP blei rett nok det største partiet. Men resultatet er langt unna dei 400 mandata Modi hadde håpa på. Det er 543 sete i nasjonalforsamlinga. Saman med støttepartia får BJP eit knapt fleirtal, og Modi har erklært valsiger. Men BJP er også langt unna reint fleirtal slik partiet fekk i 2019. 

– Vi er glade. BJP har erklært valsiger, men opplever nok likevel valet som eit nederlag, seier Vijayesh Lal.

– Dette er ein mann som har påstått at han ikkje er fødd biologisk, men send av gud. Denne bodskapen har ikkje gitt Modi det resulatet Modi venta. I ei koalisjonsregjering håpar eg at Modi vert halden ansvarleg, seier Lal.

Redaktør Johannes Morken i Stefanusalliansen seier:

– Valresultat viser tydeleg at den aggressive BJP-kampanjen for å fremje ein hindunasjonalistisk agenda ikkje hatt den suksessen partiet håpa på, trass i deira spådommar om ein overveldande siger. Vi håper at desse resultata vil vere ei vekking for BJP til å gå bort frå giftig religiøs retorikk og hardhendt behandling av dei som prøver å forsvare menneskerettane i landet. Det er på tide at indiske styresmakter set foten ned for aktivistisk og paramilitær vald mot minoritetar, framfor å gje hat og vald spelerom. Mange har vel også gjennomskoda BJP og sett at den økonomiske veksten ikkje har adressert vedvarande ulikskap og arbeidsløyse. 

Vijayesh Lal leder Evangelical Fellowship of India (EFI). Foto: EFI

 

Stopp for hindustaten
Vijayesh Lal trur at ei koalisjonsregjering ikkje kjem til å gå inn for å endra grunnlova – som i dag definerer India som eit sekulært demokrati med mamgfald og trusfridom – og gjera India til ein hindustat. Lal frykta at Modi etter det valskredet han drøymde om, ville gjera dette.

Lal håpar at det no vert slutt på lover som trakasserer Indias minoritetar og kristne institusjonar. Med ein sterkare opposisjon vert det vanskelegare for ein BJP-statsminister å få gjennom lover.  

– Det har vore bedt mange bøner i indiske kyrkjer før dette valet. Vi opplever dette som eit bønesvar. Dessutan har eit breidt sivilsamfunn jobba døgnet rundt, seier Lal. 

Han er glad for at Modis retorikk mot muslimar i valkampen ikkje gav valskred. Modi omtalte muslimar som infiltratørar i ein tale 22. april. I januar opna han eit majestetisk hindu-tempel i byen Ayodhya, på ei tomt der ein historisk moské vart ulovleg riven av hindunasjonalistar i 1992. Modi framstilte tempelopninga som svar på eit løfte. Men BJP tapte valet i dette distriktet. 

– Demokratiet i India lever likevel, seier Lal. Men han legg til: 

– Den største suksessen for høgreorienterte politikarar er at hatet i India er normalisert. Det har skjedd eksplosiv vekst i hat og vald mot muslimar og kristne. Denne utviklinga vil det ta tiår å gjera om. Kristne og muslimar vil ikkje opplerva mindre vald etter valet. Men den politiske utnyttelsen av hat og vald kan bli mindre, seier Lal. 

Den amerikanske kommisjonen for internajsonal trusfridom, USCIRF, har i sin nyaste rapport bede si eiga regjering om å plassera India på «verstingslista» over land som bryt trusfridommnen, saman med land som Iran, Saudi-Arabia og Nord-Korea.

AKTUELT