India blokkerer Mor Teresa-søstre frå utanlandsk støtte - Stefanusalliansen

 

India *   

OPPDATERING 10.1.2022: Regjeringe snur, får likevel ta imot utanlandske gåver
 

I 1979 fekk nonna Mor Teresa Nobels Fredspris for oppofrande innsats i slummen. Den indiske regjeringa brukte jula til å prøva å spenna beina under arbeidet.

Organisasjonen Missionaries of Charitities vart starta av den albanske nonna Mor Teresa i 1950 og driv meir enn 400 heimar for sjuke og fattige. Dei driv suppekjøkkjen, hospice for døyande, barneheimar og heimar for spedalske. Dei bryr seg om menneske som ingen andre i India bryr seg om. Med viktig støtte frå utlandet. 

Juledag – den kristne høgtidsdagen – bekrefta Innanriksdepartementet i India at den høgt verdsette humanitære organisasjonen hadde fått avslag på søknaden om fornya lisens til å ta imot støtte frå utlandet.  Departementet stengde alle donasjonar frå gjevarar utanfrå og fraus bankkontoar.  

Det melder både The New York Times og Christian Solidarity Worldwide.

Regjeringa i India har dei siste par åra målretta brukt ei skjerpa lov – Foreign Contribution Regulation Act – for å kvela viktige delar av sivilsamfunnet, ved å nekta dei mottak av gåver frå utlandet. Meir enn 5000 organisasjonar er ramma. 

Den indiske avisa Indian Express seier at avgjerda reiser urovekkjande spørsmål som styresmaktene ikkje svarar på. Organisasjonen tok imot 11,5 millionar euro i sitt forrige budsjettår, men lovar at arbeidet for dei fattige ikkje skal stogga.

Ein av dei andre organisasjonane som no mistar retten til å ta imot utanlandsk støtte, er den indiske avdelinga av store britiske hjelpeorganisasjonen Oxfam som står midt opp i eit omfattande hjelpearbeid i kampen mot covid-19-pandemien i India. 

Eitt av dei mest kjende tidlegare tilfella var då Amnesty International i september 2020 måtte seia opp alle tilsette og gje opp arbeidet i India etter at regjeringa hadde frose bankkontoane og gjort det uråd for Amnesty å halda fram.  

Den hindunasjonalistiske regjeringa, leia av BJP og statsminister Narendra Modi, har sidan 2014 gjort det meir og meir utriveleg å vera religiøs minoritet og sivilsamfunn i India. Hindunasjonalistiske aktørar, som paramilitære RSS, har i aukande grad mobilisert, også med vald. Dei brukar slagord som gjer det tydeleg at dei vil bli kvitt kristne og muslimar i eit India dei drøymer som eit land for hinduar. Julehøgtida 2021 vart ei høgtid endå meir prega av valdelege, hatefulle angrep enn tidlegare år, melder The Guardian. 

Det einaste Innanriksdepartementet har sagt om grunnen til at Mor Teresa-søstrene no vert ramma, var at departementet hadde fått «uønskte rapportar». Men kva var det?  

Ei politikjelde har hevda at Mor Teresa-organisasjonen krev konvertering til kristen tru for å gje hjelp, men det har organisasjonen blankt avvist. 

Avslaget kom samstundes som endå ein indisk delstat tok eit viktig steg vidare mot å vedta ei lov som kriminaliserer konvertering får hinduisme til kristendom og islam. Karnataka kan bli den tiande delstaten med eit brutalt lovverk som gjer prestar og pastorar ikkje minst på landsbygda til fritt vilt for hindunasjonalistisk mobb. 

Julahøgtida i India var elles prega av ein serie angrep mot kristne mål. Og vesle julaftan vedtok parlamentet i delstaten Karnataka ei lov som kriminaliserer konverteringar frå hinduismen og som alt har mobilisert hindunasjonalistar til angrep mot kristne i delstaten

The New York Times har nyleg i ein brei reportasje skildra «antikristent hysteri» i India og forfølging av kristne: mobb stormar gjennom landsbyar, bryt seg inn i kyrkjer og brenner bøker medan dei skuldar prestar for med tvang eller lureri å konvertera hinduar. Uskuldige pastorar vert taua inn til politiet som anten snur ryggen til overgrep, eller jamvel støttar mobben.  

Dette er diverre også India. «Verdas største demokrati» gjer mykje for å unngå å fortena den merkelappen. Vi forventar at Noreg som sit saman med India i Tryggingsrådet i FN, også gjev klar beskjed til statsminister Narendra Modi: Kveling av sivilsamfunn og hardtrykk mot religiøse minoritetar er totalt uakseptabelt. 

– Det synest openbart at Indias brukar lova mot utanlandsk støtte til å kvela sivilsamfunnet. Dette er ein alvorleg trussel mot humanitært arbeid i India og viser at India også på denne måten bevegar seg vekk får å vera eit demokrati, seier redaktør Johannes Morken i Stefanusalliansen.

 

AKTUELT