- Trosfriheten for muslimer og kristne kollapser i India, sier kommisjon.
Kyrkja er brent. Bønene lever
India: Minst 357 kyrkjer er brende ned. Bøn held dei kristne oppe.
Kvinner og jenter er ramma av grufulle overgrep i valdsbølgjer retta mot eit kristent stammefolk i ein indisk delstat. Minst 350 kyrkjer er brende ned.
– Bøn held dei oppe, seier generalsekretær Vijayesh Lal i Det evangeliske kyrkjefellesskapet i India (EFI).
Sidan 3. mai har delstaten Manipur vore ramma av ei valdsbølgje. For første gong er religiøst hat blitt brukt for å fyra opp ein årelang konflikt mellom dei hovudsakleg hinduistiske meiteiane og det hovudsakleg kristne stammefolket kuki om rettar til land og ressursar. Dei siste kjenner seg pressa av dei første til å gje frå seg grunnlovsfesta rettar.
Kristne ramma av valdtekter og brenning
Kring 20 FN-ekspertar seier at det meste av valden har ramma kuki-folket. Dei kallar valdsbølgja endå ein tragisk milestolpe i den forverra situasjonen for religiøse minoritetar i India.
FN-ekspertane slår alarm om massive overgrep mot jenter og kvinner – både på grunn av etnisiteten deira og religionen til det kristne kuki-folket: Gjengvaldtekter, paradering av nakne kvinner og brenning av kvinner – levande eller døde.
– Det er svært mange tilfelle av seksuell vald og andre overgrep mot jenter og kvinner. Men mange vågar ikkje fortelja, det er knytt så mykje skam til overgrepa, seier Vijayesh Lal.
India har avvist FN-rapporten. Men ein opprørande video som sirkulerte i juli – av nakne kuki-kvinner som vart jaga rundt – er berre toppen av isfjellet, seier Lal.
Å vita at kristne i andre land ber for dei, oppmuntrar dei fordrivne og styrkjer dei i trua.
Vijayesh Lal
Brende kyrkjer
Ein diplomatisk allianse – International Religious Freedom or Belief Alliance (IRFBA), der Noreg er med – fastslår i ein fersk rapport at det religiøse elementet i konflikten er underrapportert.
Minst 357 kyrkjer er brende ned. Meitei-grupper hevdar at 17 tempel også er skadde. IRFBA seier det same som Lal: at det ikkje finst prov for øydelagde tempel. Brenning av kyrkjer er godt dokumentert av mange kjelder. Dette er målretta vald mot kristne samfunn.
Også kristne blant meiteiane er forfølgde – av kuki-grupper fordi dei er meiteiar, og av meitei-grupper fordi dei er kristne. Lal vil byggja bru mellom kristne frå dei to folkegruppene.
Møtest i bøn
– Tusenvis har sett kyrkjene bli brende. Korleis held dei fast på tru si, Lal?
– Når vi spør kva dei treng, svarar dei ikkje pengar. Kristne frå båe folkegruppene seier: «Be for oss!»
Lal legg til:
– I hjelpesenteret som vi dreiv i New Dehli, heldt dei heimlause frå Manipur bønemøte to gonger om dagen. Det same skjer i senteret i Guwahati, i delstaten Aswan. Det skjer i alle hjelpesenter. Dei som er jaga på flukt, droppar verken personleg bøn eller felles bøn. Folk ber om at valden må stoppa.
Kristne som framleis bur i landsbyane, går til utbrende kyrkjer for å be, fortel Lal.
Treng Guds ord
EFI, der Lal er generalsekretær, hadde generalforsamling med kring 250 deltakarar i september. Eit dusin var frå Manipur, fire av dei kom rett frå den herja delstaten. Også dei bad om forbøn.
– Åndeleg rettleiing og hjelp mot traume er viktig for menneske som har sett kyrkjer og heimar bli brende og som har flykta i redsle etter å ha høyrt rop om «død over kukiane!». Dei seier: «Kom og snakk med oss, høyr korleis vi har det, ver saman med oss. Det gjev oss styrke. Fortel verda kva vi går gjennom.»
Fortel verda kva vi går gjennom
Vijayesh Lal
Vijayesh Lal fortel at også etter ei valdsbølgje mot kristne i Odisha i 2008 var dei fordrivne opptekne av forbøn.
– Dei fekk mat og klede, men etterlyste Guds ord, dei mangla pastorar. Heimlause frå Manipur i dag har mange spørsmål dei ikkje har svar på, dei veit heller ikkje korleis dei skal formulera spørsmåla – dei berre kjempar for å overleva.
Lal legg til:
– Kristne i den verdsvide kyrkja må visa både kuki- og meitei-kristne at dei ikkje er gløymde. Å vita at kristne i andre land ber for dei, oppmuntrar dei fordrivne og styrkjer dei i trua.
Manipur
Delstat i nordaust i India.
Meitei-folket dominerer delstaten. Utgjer 53 prosent.
Stammefolka: naga 24 prosent, kuki 16 prosent.