- Trosfriheten for muslimer og kristne kollapser i India, sier kommisjon.
India: Kristne feira jul i frykt
Medan vi feira jula i fred, feira kristne i fleire av Indias delstatar høgtida i frykt for hindunasjonalistiske valdskrefter.
Ein serie julefeiringar vart saboterte, fleire statuar av Jesus vart smadra og nissedrakter vart brende. Hindunasjonalistiske grupper påstod at kristne brukte julehøgtida til med tvang å konvertera hinduar, melder The Guardian. I år var omfanget av angrep endå større enn i tidlegare julefeiringar.
Endå ein delstat
På vesle julaftan vedtok så parlamentet i endå ein delstat – Karnataka – ei lov som kriminaliserer konverteringar frå hinduisme til kristen tru.
Før lova vert endeleg vedteken, må ho gjennom Overhuset. Der har det hindunasjonalistiske partiet BJP – som regjerer både India og Karnataka – ikkje fleirtal. Difor kan det henda at delstatsregjeringa set lova ut i livet som ei mellombels lov, i håp om at BJP får fleirtal i Overhuset etter neste val og då kan vedta lov som permanent.
Men hindunasjonalistiske aktivistgrupper bryr seg ikkje om formalitetar. Dei har for lengst teke lova i eigne valdelege hender. Same dag som fleirtalet i parlamentet vedtok lova, dundra ein mobb inn på ein skule i Mandaya-distriktet. Dei fekk brutalt stogga ei fredeleg julefeiring. Lærarane vart skulda for å konvertera hindubarn til kristen tru, melder Al Jazeera.
Kristne i denne delstaten vart i fjor utsette for minst liknande 42 hatefulle angrep. Men fleirtalet av angrepa kom frå september av då regjeringspartiet BJP varsla at det ville føreslå ei lov som kriminaliserer konverteringar.
«Det rår ein atmosfære av frykt og uro i det kristne samfunnet på grunn av målretta hatefulle angrep», seier Vijayesh Lal, generalsekretær i Det evangeliske fellesskapet i India (EFI).
India for hinduar
Bak angrepa står ytterleggåande hindunasjonalistar som kjempar for at India skal vera eit land berre for hinduar.
Det evangeliske fellesskapet (EFI) sende i haust ein delegasjon til Karnataka for å kartleggja valdsangrepa som, då rapporten kom i november, var komne opp i talet 39. Det skjedde altså minst tre til før nyttår.
Karnataka vil i tilfelle bli den tiande delstaten i India som innfører strenge lover som kriminaliserer konverteringar. Lovene vert kalla «lov om religionsfridom». Men i praksis kriminaliserer dei konvertering frå hinduismen.
Lovgjevarane i Karnataka seier at dei vil forby bruk av «urett framstilling, utilbørleg påverknad, tvang, lokkemiddel eller bedragerske middel». Alt dette er pastorar og andre kristne i delstaten blitt skulda for og angripne for, men utan prov. Opposisjonen – Kongresspartiet og eit anna sekulært parti – hevdar lova bryt med grunnlova og er grunnleggjande udemokratisk.
Strenge krav
Det er i lova ført inn strenge krav til å rapportera til sorenskrivaren både ei varsla og ei gjennomført konvertering – og lange fengselsstraffer for lovbrot.
Når folk derimot «rekonverterer til sin tidlegare religion» – det vil seia til hinduismen – vert det ikkje stilt eit einaste krav verken til framgangsmåte eller til rapportering.
Nær halvparten av folket i India bur i delstatar med slikt lovverk.
For eitt år sidan var det delstaten Madhya Pradesh som innførte ei liknande lov som også der straks mobiliserte hindunasjonalistiske valdskrefter. 26. januar gjekk hindumobben laus på ei kristen forsamling i den største byen Indore. Angriparane song hindunasjonalistiske slagord, reiv ned bilete og øydela inventar. Ei 25 år gamal gravid kvinne vart slått og sparka. Det ufødde barnet hennar døydde i mors liv då ho endeleg fekk ambulanse. I utgangspunktet snudde politiet ryggen til. Men ekteparet som mista barnet, fekk hjelp av Stefanusalliansens partner for å få politiet til å etterforska saka.
«Anti-kristent hysteri»
Den amerikanske storavisa The New York Times dokumenterer det «veksande anti-kristne hysteriet» som spreier seg. Avisa fortel det same som Stefanusalliansens eigne kjelder har fortalt i ei årrekkje: Antikristne valdsgrupper stormar gjennom landsbyar, bryt seg inn i kyrkjer, brenn kristen litteratur, angrip skular og går til åtak på kristne som går til gudsteneste. Pastorar, ofte i mindre landsbyar, vert arresterte.
I mange tilfelle får valdsgruppene hjelp av politiet og medlemmar av regjeringspartiet BJP. I kyrkje etter kyrkje er det blitt farleg å halda gudsteneste, trass i at India har grunnlovsfesta religionsfridom, skriv The New York Times.
Angrip også muslimar
Hindunasjonalistane ser på alle konverteringar frå hinduismen som eit angrep på draumen om at India skal vera ein nasjon for hinduar. Muslimar vert skulda for det same gjennom «kjærleiks-jihad», altså ved at hindukvinner gifter seg med muslimar. Forbod mot dette er også med i lova i Karnataka.
Situasjonen har vore verst i det sentrale India og i nord. Karnataka vert i tilfelle den første delstaten i sør som innfører ei slik lov. «Kva er det som gjer at dei hatar oss så sterkt?» spør ein kristen bonde i intervju med The New York Times. Han var sjølv vitne til at ei kyrkje vart vandalisert.
Det finst ikkje prov for at kristne driv konvertering med tvilsame middel. Men lågkaste-hinduar søkjer mange stader til kristne forsamlingar der dei gjerne vert døypte i løyndom.
Eit mørkt år
Sidan India vart uavhengig frå Storbritannia i 1947, har landet vorte karakterisert som verdas største demokrati. Religionsfridommen er garantert i grunnlova. Men etter 2014 har det gått gal veg. Med det hindunasjonalistiske partiet BJP ved makta i New Dehli (og i ei rad delstatar) har ideologiske aktivistgrupper gått til valdelege åtak på muslimar for kuslakt og på kristne og muslimar for konverteringar. Den paramilitære rørsla RSS gjer det med slagord som tydeleg seier at dei vil kvitta seg med både muslimar og kristne. RSS riv rett og slett landet frå kvarandre, skriv The Guardian.
Angrepa på minoritetane vart forsterka også på grunn av pandemien, der både kristne og muslimar blei gjorde til syndebukkar. Midt i jula kom avgjerda frå Innanriksdepartementet om at arbeidet som fredsprisvinnar Mor Teresa starta i slummen i Kolkata, no vert nekta utanlandsk støtte. Det er endå eit døme på kveling av sivilsamfunnet.
2021 vart eit mørkt år for India som demokrati. Så langt tyder diverre lite på at 2022 vert betre.