Kvinner og trusfridom: – Imponerande, Stefanusalliansen - Stefanusalliansen

 


Stefanusalliansen har lansert eit ferskt og banebrytande hefte om trusfridom, med vekt på situasjonen for og rettane til kvinner. 

Heftet «Freedom of religion or belief for all – with women in focus» blei lansert under eit seminar på Litteraturhuset i Oslo 3. november. 

Det er utarbeidd av Vija Herefoss og Elisa Chavez i Stefanusalliansen, med hjelp av ei internasjonal referansegruppe. 

Det er så langt kome på engelsk. Det kjem på arabisk seinare i år og på norsk, fransk og urdu neste år. 

Dette heftet utfyller eit veletablert introduksjonshefte om trusfridom for alle. Det er så langt publisert på 13 språk. 

Digitalt kurs
Samstundes som det nye heftet blei lansert, blei første delen av eit digitalt kurs om same tema lansert. Denne delen av kurset er laga av Lisa Winther, før ho tok to års permisjon frå Stefanusalliansen. 

«Imponerande»
Materiellet er utarbeidd med støtte frå Utanriksdepartementet, som del av den avtalen Stefanusalliansen har med departementet.

– Dette er eit pionerarbeid, og det er imponerande kva Stefanusalliansen har fått til. Det er så viktig at diplomatane våre bør gå gjennom dette materialet. Trusfridom er ikkje berre viktig for individet, men for utviklinga av demokrati og fredeleg sameksistens mellom trusgrupper, sa Harriet Berg frå Utanriksdepartementet under lanseringa. Ho er avdelingsdirektør for Seksjon for menneskerettar, demokrati og likestilling.

SE ALLE VÅRE RESSURSER OM TROSFRIHET OG KVINNER