I kyrkja har kvinner fridom, heime blir fleire av dei banka opp
Ei historie frå Nord-Kamerun om kvinner som lever to ekstremt ulike liv.
– Kvinnene lever to ekstremt ulike liv, seier Terese Bue Kessel ved VID Misjonshøgskolen i Stavanger til Magasinet Stefanus.
Ho studerte bevegelsen Kvinner for Kristus i Den Evangelisk Lutherske Kyrkja i Nord-Kamerun. Ho gjorde feltarbeid med 17 informantar til doktoravhandlinga «Between God`s Sharing power and Men`s Controlling Power».
Vonde historier
Kvinnene er svært aktive i kyrkja – i gjevarteneste, diakoni og praktisk arbeid. Innimellom får dei preika, og dei leier gudstenester. Bue Kessel ville vita kva aktiv kyrkjeteneste hadde å seia for liva deira. Difor intervjua ho kvinnene heime.
– Eg var ikkje førebudd på dei vonde forteljingane. Rett bok finst det nokre menn som er gode mot konene sine. Men mange opplever vald heime. Og dei veit ofte kva menn som har banka opp kvinnene før dei kjem til kyrkja.
– Om livet i kyrkja brukte kvinnene ord som fellesskap og at dei blei løfta opp. Om livet i heimen brukte dei militære ord: dei må slåss, forsvara seg og barna mot mannen og halda ut liding. Det er stor mangel på arbeid, men altfor god tilgang på alkohol.
– Interessant nok kjem mennene til gudsteneste også når kvinnene talar og seier at dei er stolte av kvinnene. Men verdisettet i kyrkja har ikkje slått inn i heimane, seier Bue Kessel.
Eg var ikkje førebudd på dei vonde forteljingane.
Terese Bue Kessel
Innanfor
Nord-Kamerun er sterkt prega av islam. Men kyrkjer og moskear, kristne og muslimar, lever godt side om side.
– Kvinnene som eg intervjua, fortalde at dei har ein heilt annan fridom i kyrkja enn muslimske kvinner har i moskeane der dei må stå utanfor, sidan menn der står for religionsutøvinga, fortel Bue Kessel.
Kva som er religion og kultur er vanskeleg å seia, konstaterer Bue Kessel. Men i denne kulturen har mannen siste ordet – og kvinna er til for mannen og har ikkje same rettsvern som han.
Ho ser at i Sør-Kamerun der kristendom pregar landet, er utdanning meir utbreidd.
– Kristen tru og utdanning har gjort kvinnene i sør meir sjølvmedvetne enn i Nord-Kamerun, seier Bue Kessel.