I kamp mot diktaturet - Stefanusalliansen
Belarus Shutterstock  Store menneskemengder protesterte mot valfusk i august 2020.

Belarus Shutterstock  Store menneskemengder protesterte mot valfusk i august 2020.  

Belarus   

Lukasjenko har styrt Belarus (tidlegare: Kviterussland) sidan 1994 utan frie og rettferdige val. Presidentvalet i august 2020 blei fordømt av internasjonale menneskerettsforkjemparar og av kviterussiske menneskerettsgrupper som det «verste nokon sinne». 

Ifølgje valkommisjonen vann Lukasjenko med 83 prosent av stemmene.  

– Men folk snakka saman, i familiar og på arbeidsplassar. Dei kunne ikkje finna alle desse støttespelarane til presidenten, seier to Belarus-kjelder i eit intervju med Magasinet Stefanus. Av tryggingsgrunnar kan vi ikkje bruka namna deira. Vi kan heller ikkje møta dei i Belarus – dei kan ikkje visa seg saman med utlendingar. 

Massiv protest 
Hundretusenvis gjekk ut i fredelege protestar etter valet i august 2020, med dei største massemønstringane i landets historie: Sivilsamfunn, kulturliv, religiøse samfunn og mange truande protesterte. 

Diktatoren slo til med brutal makt. 

– Journalistar og menneskerettsforsvarar var dei første måla. 400 organisasjonar i sivilsamfunnet vart oppløyste. Ingen demokratiske organisasjonar som arbeider med menneskerettar er i dag registrerte i Belarus. Heile nettverket som arbeidde med menneskerettar vart knust, seier våre kjelder. Minst ein organisasjon som støttar regimet, erklærer derimot at dei arbeider med menneskerettar. 

Undertrykkinga vart ytterlegare forverra etter Russlands fullskala invasjon av Ukraina i februar i fjor. Men president Lukasjenko er Putins støttespelar. Blant dei politiske fangane er leiaren Ales Bialiatski, ein av vinnarane av Fredsprisen i 2022. 

 

Det er stor grad av sjølvsensur, også i den religiøse delen av samfunnet. 

Belarus-kjelder 

 

Sterkt trykk 
Magasinet Stefanus sine kjelder fortel at trykket er sterkt. 

– Det er stor grad av sjølvsensur, også i den religiøse delen av samfunnet. Mange er redde for å stå opp for rettane sine av frykt for enda verre konsekvensar.  

– Kan du gje eit eksempel? 

– Då eit religiøst samfunn før 2020 søkte om registrering, kunne advokatar etter avslag gå til retten med ei anke. Dei som no vil registrera seg, er derimot redde for å søkja juridisk hjelp. Dei fryktar at staten då vil visa større interesse og at dei må slutta med aktiviteten og at leiarane vil bli forfølgde med hjelp av straffelova. 

Religionslova frå 2002 krev registrering av alle religiøse samfunn og statleg godkjenning for all religiøs aktivitet. Dette strir med internasjonal menneskerettslov, fastslår nyhendetenesta Forum 18 som har kartlagt overgrepa mot trusfridommen i Belarus.  

Det er innført ein serie reglar for kva religiøse samfunn som kan møtast, kvar dei kan møtast, kven dei kan bli leia av og kva litteratur dei kan bruka. Religiøse samfunn utan statleg registrering, er forbodne. Også religiøse samfunn som er registrerte, møter hinder. 

Overvaking 
– Digital teknologi hjelper religiøse samfunn til å nå vidare ut. Men det gjev samstundes staten betre høve til å overvaka. Dei fleste religiøse samfunn er mot Russlands krig i Ukraina. Det vert markert også i preiker og bønner. Staten åtvarar offentleg religiøse leiarar mot dette. Leiarar er blitt kalla inn til møte med regimet og fortalde kva dei kan seia, seier våre kjelder. 

I juni 2022 vart den ortodokse presten Andrei Nozdrin åtvara av politiet etter at han offentleg kritiserte Putins krig i Ukraina og rolla til Belarus. Kyrkja hans forviste han til ein fjerntliggjande kyrkjelyd. Men han nektar framleis å forsvara krigen og står fast på at drap er synd. 

Det hemmelege politiet KGB har halde på namnet frå tida i Sovjetunionen. KGB overvakar politiske motstandarar og folk dei oppfattar som det. Blant desse er kyrkjelege leiarar og aktive medlemmer av religiøse samfunn. Det fortel menneskerettsforkjemparar til Forum 18. 
 
Men KGB går, seier våre Belarus-kjelder, sjeldan direkte til religiøse leiarar. KGB instruerer derimot offentlege tenestemenn. Den øvste av desse er Kommissæren for religiøse og etniske saker, Aleksandr Rumak. Kontoret hans har ni offentleg kjende leiande tilsette berre i hovudstaden Minsk. Tre av desse arbeider berre med restriksjonar på trusfridomen. 
 
Dei seks regionane og hovudstaden Minsk sysselset også kvar rundt 20 tenestemenn i eigne ideologiavdelingar. Mellom anna kontrollerer dei religion, skriv Forum 18.  

Avlytting 
«Telefonen min blei alltid avlytta», fortel den polske katolske presten Andrzej Bulczak til Forum 18. Han er ein av mange utanlandske ortodokse og katolske prestar som er blitt tvinga til å forlata Belarus etter at kommissær Rumak har avslått søknader om vidare teneste. 

– Alle leiarane av religiøse samfunn forstår at staten overvakar alt som blir sagt og gjort, også i gudstenester, seier våre Belarus-kjelder. 

– I Sovjet-tida vart det sagt at folk måtte alltid vera klar over at nokon andre høyrde på telefonsamtalen. Vi er tilbake der no. Men religiøse samfunn gjer ikkje noko illegalt, religiøse leiarar er ikkje spionar. Aktiviteten er positiv for samfunnet, seier våre kjelder. 

 

Dei religiøse samfunna i Belarus er ikkje ekstremistar, dei har aldri vore radikale. 

Belarus-kjelder 

 

Streng sensur 
All religiøs litteratur må sensurerast på førehand. Dette går parallelt med at Lukasjenko-regimet fører ein omfattande kamp mot det dei stemplar som «ekstremistisk informasjon». Informasjonsdepartementet har publisert ei omfattande liste. 

– Lista er no på meir enn 530 sider og er blitt så lang at vi ikkje klarar å følgja med på kva dei føyer til. Dette er informasjon som det er forbode å ha, sitere frå, referere til eller spreia. Det kan gje administrativ internering eller store bøter. Ved gjentaking kan dette føra til kriminaletterforsking og straffesaker også for folk i kyrkjer og andre religiøse samfunn. 

Innanriksdepartementet har dessutan publisert ei liste over «ekstremistiske organisasjonar og terrororganisasjonar». Dersom folk vert knytte til slike, vert dei i alle fall forfølgde med hjelp av straffelova. 

– Dei religiøse samfunna i Belarus er ikkje ekstremistar, dei har aldri vore radikale, seier våre kjelder.  

– Staten hevdar at alle som var med i demonstrasjonane mot valet i 2020, er ekstremistar. Men svært mange på lista har ingen teikn til ekstremisme. Det raude og kvite flagget som vert brukt som fridomssymbol, er eit tradisjonelt kulturelt symbol. Men det blei straks stempla som forbode ekstremist-symbol under demonstrasjonane. 

Blant nettsidene som er stempla som «ekstremistiske» og stengt, er ei gresk-katolsk nettside, fortel Forum 18. 

– Mange kulturelle og historiske nettsider vert stempla som ekstremistiske. Så fort ei nettside inneheld noko kritisk om hendingane i 2020, vert den stempla som ekstremistisk, seier våre kjelder. 

Den raude kyrkja er stengt av regimet av mystiske grunnar etter ein liten brann hausten 2022. Foto: Shutterstock

«Gjev ikkje opp håpet» 

«Den raude kyrkja», den katolske katedralen i Minsk, er stengt etter ein mindre brann i sakristiet 26. september 2022. Brannen framstår mystisk. Opprørspolitiet stengde av plassen framfor kyrkja tre timer før brannen starta. Byadministrasjonen eig bygget og gav 5. oktober ordre om at kyrkjelyden måtte fjerna alt dei eigde frå kyrkja. Kyrkjelyden har ikkje fått nokon tidsplan for reparasjonsarbeidet som vert sagt å vera i gang. Regimet har i årevis avslått søknader om å overføra kyrkja til kyrkjesamfunnet, melder Forum 18. 

Lovgjevinga for sivile organisasjonar er blitt stramma til. Lova om religiøse organisasjonar frå 2002 er derimot så langt ikkje endra. 

– Men regimet seier at dei vurderer å endra den også. For den næraste framtida håpar vi berre at ikkje noko blir verre enn det alt er. 

– Korleis vil de karakterisera regimet til Lukasjenko? 

– Ein diktator er det same i alle diktatur. Noko var ei tid bra under Lukasjenko – visse delar av sosialpolitikken og kampen mot korrupsjon. Trass i det autoritære styret vart vi meir integrerte internasjonalt og litt meir opne. Men i 2020 var alt dette over. Vi hamna tilbake til dei verste tidene under Sovjetunionen. I 2022 kom så krigen i Ukraina, og undertrykkinga vart forsterka. Mange i Belarus har slektningar i Ukraina. Religiøse samfunn har tette band med Ukraina og mange også til Russland. Krigen var eit stort sjokk. 

– Har de håp om endring? 

– Som kristne trur vi alltid at Gud kan endra situasjonen. På den andre sida: Vi trur ikkje at det i nær framtid vil det skje vesentleg endring. Mykje avheng no av det som skjer i Ukraina. Det verste vil vera dersom krigen også breier seg til Belarus, noko verken folket eller regimet ønskjer. 

 

AKTUELT