FN-dag mot vald: Hykleri eller framsteg for trusfridom? - Stefanusalliansen
Biskop Bernt Eidsvig leia minnegudstenesta for terroroffera på Sri Lanka – i Bredtvedt kirke i Oslo 26. april.

Biskop Bernt Eidsvig leia minnegudstenesta for terroroffera på Sri Lanka – i Bredtvedt kirke i Oslo 26. april.  

Trosfrihet   

28. mai vedtok FNs generalforsamling å erklæra 22. august til internasjonal minnedag for offer for vald på grunn på tru eller livssyn. Vedtaket var ei naudsynt storhending. Det vart vi seinast minna på etter moskéangrepet i Bærum.
 

FN-resolusjonen vart vedteken samrøystes, men med sprikande stemmeforklaringar. Mange land protesterer mot terror og mot overgrep i andre land, men definerer si eiga undertrykking av truande og av religiøse og etniske minoritetar som legitim maktbruk.

Heiner Bielefeldt, tidlegare FN-spesialrapportør for trusfridom, har sagt det som det er: Det er mykje politisk hykleri i arbeidet for trusfridom. Land etter land skriv under på garantiar, men definerer fridommen slik at deira eigen til dels hardhendte politikk mot minoritetar fell utanfor. Leiarar for majoritetsreligionar vil gjerne definera trusfridommen som ein eksklusiv rett for seg og sine.

 

 Heiner Bielefeldt, tidlegare FN-spesialrapportør for trusfridom, har sagt det som det er: Det er mykje politisk hykleri i arbeidet for trusfridom

 

I FN var det stort engasjement, ikkje minst etter terroråtaka i Christchurch i New Zealand og påskedagsterroren i Sri Lanka nokre veker før.

Liten sjølvkritikk
Det er lettare å fordøma terrorgrupper enn å ta sjølvkritikk. Syria fordømde til dømes grupper som landet prøver å knekkja.

USA tok føre seg terroren i San Diego, Sri Lanka og New Zealand, tok opp valden mot jesidiane i Irak og definerte overgrepa mot rohingyane inn under resolusjonen. Folkemordet mot rohingyane er også ein trussel mot trusfridommen deira, men konflikten er meir samansett enn USA gjorde den til.

Kina forsvarte seg kraftig mot det landet kalla «grunnlaus amerikansk kritikk» av Kinas religionspolitikk. Beijings mann viste til at trusfridommen er garantert i grunnlova – og at det Kina held på med, er kamp mot ekstremisme. Men definisjonen av ekstremisme er diverre skrekkeleg vid og fører til grufulle overgrep mot ei heil folkegruppe som uigurane.

Iran klagar
Iran klaga på internasjonal islamofobi – og refsa «populistiske og ultranasjonalistiske politikarar» i USA for å kalla «nynazistar for fine folk», det var vel president Trump Irans mann hadde i tankane. Iran godtek ikkje kritikken mot landets undertrykking av bahaiar og av muslimar som konverterer til kristendommen – prestestyret i Teheran ser på desse som trugsmål mot staten.

Slik går no minnedagane. Vi må framstilla samansette konfliktar rett og ikkje definera all kritiserbar politikk mot minoritetar eine og åleine som overgrep mot trusfridommen.

Vår plikt
Men samstundes er det vår plikt å kjempa for minoritetar som vert skvisa og undertrykte. Og vi må minne politiske leiarar om dei pliktene dei har skrive under på og få dei til å forstå at pliktene også må få følgjer for deira eigen politikk.

Den brutale kinesiske undertrykkinga av all religionsutøving går på tvers av trusfridommen. Ein internasjonal minnedag må brukast også for å minna kinesarane om dette. Og vi må minna vestlege regjeringar om at draumen om handel ikkje må få oss til å teia om mektig brutalitet.

(FØRST PUBLISERT I DAGSAVISEN 22. AUGUST 2019)