Huskyrkjer eller øydemark – Gud har planar for dei forfølgde - Stefanusalliansen
Måleri av biletkunstnaren Reidar Kolbrek.

Måleri av biletkunstnaren Reidar Kolbrek.  

Norge   

«Barnet vart rykt opp til Gud, til hans trone. Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud hadde laga til for henne.» Op 12,5-6

I Johannes’ openberring kapittel 12 møter vi biletet av ei kvinne. Ho er på flukt, bort frå eit udyr som forfølgjer henne. Forfølgjaren er ein drake, ein skremmande skapning med fleire hovud og horn, og han spyr ut ei elv av forfølging etter kvinna. Men ho bergar seg ved å flykte ut i øydemarka. Og der i øydemarka viser Gud si omsorg for henne. Gud gjev henne den føda som ho treng.

Dette er eit bilete av Guds folk på jorda. For kvinna er meir enn Maria. Ho er det verdsvide Guds folk. Kvinna står som representant heile dette folket, midt i deira kamp og strid. Det er eit tidlaust bilete, og det blir sant kvar gong forfølginga bryt ut. Kvar gong Guds folk møter forfølging, ser vi biletet av den forfølgde kvinna på nytt.

Alltid ei kvinne
Biletet er ope for tolking, og detaljane kan skifte gjennom tidene. Men alltid er ei kvinne biletet på dei forfølgde. Det er eit talande bilete. For det er nesten alltid kvinnene som ber den tyngste børa når ein familie må leggje ut på flukt. Gud har omsorg for den flyktande kvinna. Gud vil gje henne den føda ho treng. For Gud gløymer ikkje sitt forfølgde folk.

Draken kan koma i mange fasongar. Difor er han framstilt med så mange hovud og kroner. Gjennom hundreåra har skiftande styresmakter vendt seg mot Guds folk. Titlane kan skifte, det same kan metodane dei brukar. Berre målet er det same: Draken vil forfølge Guds folk og tvinge dei inn under si eiga makt.

Men draken er alltid den same: Han er ein figur som vi kjenner så altfor godt – han er vondskapen sjølv. Draken er ein ynkeleg figur i Openberringa. For han vender seg alltid mot den som er veikast. Han vågar ikkje å gå i open kamp mot barnet, som er Herren over alle herrar. I staden vender han seg mot kvinna som fødde barnet: Han går etter Guds folk.

 

Øydemark og husgrupper er ikkje berre naudløysingar. Det er stader Gud har gjort i stand.

Hans Johan Sagrusten

 

I stor fare
Biletet av den flyktande kvinna er gripande: Ho er i stor fare, ho er utsett og sårbar. Slik er også biletet av det vesle barnet. For kvinna har eit lite barn, og barnet er utsett og sårbart. «Då fødde ho eit gutebarn», seier bibelteksta. Orda kunne like gjerne ha stått i juleevangeliet. Barnet er Guds Son som kom til jorda. Også han kom midt i forfølging og motstand.

Slik kan vi kjenne att historia om da Jesus vart fødd. Biletet av kvinna minner om juleevangeliet i Lukasevangeliet. Ja, kapittel 12 er ein slags variant av juleevangeliet. Midt gjennom alle dei framande bileta fortel Openberringa den same historia som i evangelia: historia om det vesle barnet som vart født i Betlehem.

Men forteljinga om kvinna fører inn eit nytt motiv: Det er flukta ut i øydemarka. Det er eit gripande motiv: For Gud har gjort klar ein stad til den flyktande kvinna, fortel Openberringa, der ho skal få den føda ho treng. Det er eit bilete som er fullt av omsorg. Gud har omtanke for dei som sit åleine i det aude.

Tilflukt
Det er øydemarka som er tilfluktsstaden i Openberringa. Dit flyktar kvinna som fødde barnet, og der finn ho vern. Slik har det alltid vore. Josef og Maria flykta gjennom øydemarka til Egypt. Dei kristne i Egypt i oldkyrkja trekte seg attende til øydemarka. Kristne i fleire land i dag søkjer seg til nære husfellesskap når trykket frå makta blir for sterkt. Øydemark og husgrupper er ikkje berre naudløysingar. Det er stader Gud har gjort i stand.

I dag er vi menneske med på å lage tilfluktsstader for Guds folk. Vi er med på å reise trygge stader der Guds forfølgde kyrkje kan finne vern. Slik er vi med på å gjera Guds gjerningar på jorda. Det å gje dei forfølgde vern, mat og ly er ikkje berre allmennmenneskeleg godleik. Det er å vise den same omsorga som Gud viser: Å gjera klar ein stad der den forfølgde kan få ly og vern og føde.

 


Gjesteskribenten
Hans Johan Sagrusten er bibelbrukskonsulent i Bibelselskapet.

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS, 6-2023

AKTUELT