Ho vart valdteken og sett på som svikar. Så blei Josephine ein helt - Stefanusalliansen
Jesus var eit førebilete i møte med utstøytte kvinner.

Jesus var eit førebilete i møte med utstøytte kvinner.  


Høyr teksten som lydfil
 

Josephine vart valdteken av ein islamistisk milits. Så skamfullt var det at mannen gjekk frå henne. Men så fekk han hjelp til å sjå den overlevande kona si med heilt andre augo. 

Helene Fisher i Open Doors International arbeider for å endra heile tankesettet hos forfølgde kristne. 

– Det er ikkje bibelsk å gå frå eller støyta ut kvinner som blir valdtekne av krefter som vil forfølgja kristne, seier Fisher til Magasinet Stefanus. 
 

Valdtekt og smerte 
Ein islamistisk milits i Den sentralafrikanske republikken gjekk laus på eit kristent samfunn i 2015. Josephine, kona til ein leiar i ei evangelisk kyrkje, vart valdteken. Slik ville militsen ramma det kristne samfunnet på eitt av dei punkta der dei visste det ville smerta aller mest. 

«Valdtekter er eit våpen for forfølging, ein måte å gjera kristne kvinner sårbare og samstundes påføre det kristne samfunnet store traume», seier ein ekspert på Den sentralafrikanske republikken. Han er sitert i 2021-rapporten «Same faith, different persecution» frå Open Doors International. 

Militsen visste at valdtekt er fylt av skam. Dei rekna med at Josephine – og andre kristne kvinner – ville bli frosne ut. Slik kunne militsen øydeleggja ei kyrkje og eit samfunn. 

Gjekk frå henne 
Mange kristne kvinner som er blitt valdtekne, er blitt kasta ut. Mannen til Josephine valde ein «meir ærbar» måte: han drog. Josephine fekk ha huset og omsorga for barna. 

Men sidan dei stod tilbake utan eit levebrød, var det svolten som truga. 

Konflikten i Den sentralafrikanske republikken var så alvorleg at ein milits frå den kristne sida etter kvart gjekk til hemnåtak.  
 

Helene Fisher i Open Doors gjorde ein stor innsats for å snu tankesettet om skam i ein kristen landsby i Den sentralafrikanske republikken. Foto: Johannes Morken

Traumebehandling 
Open Doors International sette i gang eit program for traumebehandling av valdtekne kristne kvinner i 2015. Dei starta med medisinsk og psykisk traumebehandling. Det hadde effekt.  

Men for Josephine sat dette djupare. Ho blei valdteken fordi ho var kona til ein leiar i ei kyrkje, og mannen hadde gått frå både henne og barna. 

Mannen var i samtalar med pastoren i kyrkja.  

– Vi snakka også med pastoren. Vi trena pastoren. Etter nokre månader flytta mannen heim. Men han levde som ein framand og meinte framleis at Josephine hadde øydelagt familien.  

 

Vi ville at dei skulle sjå Josephine som ein overlevande helt og ikkje som ei som hadde kasta familien ut i skam. 

Helene Fisher 

 

Lang prosess 
Helene Fisher seier at det var ein svært lang prosess. 

– Saker som dette tek lang tid. Vi måtte arbeida med heile det kristne samfunnet, for å hjelpa dei til å sortera kva som er kulturelt og kva som er frå Bibelen. Vi måtte få fram at det å gå frå Josephine og andre kvinner i same situasjon, ikkje var bibelsk. Mannen fekk hjelp til å sjå kva Jesus gjorde for utstøytte kvinner, seier Fisher. 

Tre år etter, i 2018, kom Josephine til Fisher og sa: «No treng eg deg ikkje lenger. Vi er igjen eit ektepar. Han har slutta å klandra meg. Han har slutta å seia til barna våre at eg svikta familien.» 

Mannen hadde overteke den daglege omsorga for barna, medan Josephine no var den som drog ut på arbeid. 

– Det var ei massiv endring, seier Fisher. 

Endra tankesett 
Det hadde skjedd eit grunnleggjande oppgjer med synet på skam: 

– Vi ville ha mannen og kyrkja til å sjå på Josephine som ein helt og ikkje som ei som hadde kasta familien og kyrkja ut i skam. Vi nådde fram. Josephine hadde overlevd målretta forfølging. Dersom eit kristent samfunn behandlar kvinner som henne som heltar, og ikkje som svikarar som har ført familie og samfunn ut i skam, mistar forfølginga noko av krafta. Overgrep vil framleis vera smertefulle for dei som vert ramma. Men dei vil ikkje på same måten kunna øydeleggja kristne samfunn og familiar, seier Fisher og avsluttar: 

– Vi har eit håp om at kristne samfunn som endrar tankesettet, vil bli så attraktive at dei vil påverka samfunna rundt. 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 7-2021.

Her finn de alle våre ressursar om trusfridom og kvinner.