Hjelp han ut av fangeholet - Stefanusalliansen
Nguyen Bac Truyen sit fengsla på fjerde året.

Nguyen Bac Truyen sit fengsla på fjerde året.  


(Først publisert i Klassekampen 22.8.2020)

I ei fengselscelle i Vietnam sit advokaten og menneskerettsaktivisten Nguyen Bac Truyen, på fjerde året, dømt i 2018 utan å få vera til stades i retten.

Hoa Hao-buddhisten har stått opp religiøse minoritetar og var bura inne også frå 2006 til 2010, for «propaganda» mot den sosialistiske republikken. No er han straffa for forsøk på å «kasta folkets styre». Hanoi-regimet toler ikkje modige aktivistar som han.

62 parlamentarikarar frå fleire verdsdelar kravde i eit brev til statsministeren i Vietnam sist veke at Nguyen Bac Truyen straks må sleppast fri, utan vilkår. Eg fann éin norsk parlamentarikar på lista: Kristoffer Robin Haug er andre vara til Stortinget for MDG og fylkesråd i Viken.

Det er gledeleg at ein frå MDG, som i programmet ikkje seier eitt ord om internasjonal trusfridom, stiller opp for den modige i Vietnamn. Eg håpar Haug brukar saka for å kjempa inn i neste partiprogram MDG-innsats for trus- og livssynsfridom.

Men kva gjorde dei andre partia med spørsmålet om å stilla opp for Bac Truyen (dersom dei fekk spørsmålet)? Nguyen Bac Truyen betalar sjølv ein høg pris for å ha stått opp for andre.

22. august er det FNs internasjonale minnedag for ofra for vald på grunn av folks tru. Vi har før denne dagen gått gjennom partiprogramma. Alle partia har fyldige kapittel om norsk religionspolitikk. Men det er diverre tynt om internasjonal trusfridom.

KrF omtalar dette fyldigast. Ap nemner kort at trusfridommen er under press, men seier ingenting om kva dei vil gjera. Høgre som har gjort god innsats i regjeringa, nemner berre kort retten til å tru uavhengig av religion. SV nemner trusfridom som grunnleggjande verdi. Raudts avsnitt om nasjonal trusfridom kan også lesast med internasjonal adresse. Sp og Venstre nemner, som MDG, ikkje internasjonal trusfridom.

Nye program er under arbeid. Kampen for trusfridom og for aktivistar som Nguyen Bac Try treng mange støttespelarar, uavhengig av kven som sit med regjeringsmakt etter valet. Fleire parti må slutta med å vera tause, eller koma lenger enn vage erklæringar.

AKTUELT

Nguyen Trong Tun ble dømt til 12 års fengsel i april 2018. Han lider av flere alvorlige sykdommer, men nektes behandling.

Frykter for fangers liv

De kjempet for demokrati og trosfrihet og ble dømt til lange fengselsstraffer. Nå går det på helsa løs bak murene i Vietnam. 

Prosjekt