Han stogga sjølvmordsbombar som skulle sprenge fullsett kyrkje - Stefanusalliansen
Sikander Inayat vakta denne blå porten inn til plassen framfor St John katolske kyrkje då angrepet kom i mars 2015. Her er han framleis vakt.  Foto: Privat 

Sikander Inayat vakta denne blå porten inn til plassen framfor St John katolske kyrkje då angrepet kom i mars 2015. Her er han framleis vakt.  Foto: Privat   

Pakistan   
Blasfemi   

Som 23-åring hindra Sikander ein sjølvmordsbombar frå å sprengja seg i ei fullsett kyrkje. Ti år etterpå er han framleis vakt ved kyrkja. 

 – Eg har aldri vore redd for å gå i kyrkja, seier Sikander Inayat til Magasinet Stefanus ti år etterpå. Han vart hardt skadd i basketaket som berga mange liv i 2015. 

Bydelen Youhanabad i storbyen Lahore er området med flest kristne i Pakistan. Der bur det 100 000  kristne.  

Søndag 15. mars 2015, to veker før påske – den viktigaste kristne høgtida. Her tek kristne på alvor bodskapen om påsken som triumfen over døde. Fattige kristne fylte kyrkjene, klare for gudsteneste.  

Leiarane hadde lenge bede om politivern, men ikkje fått. Sikander Inayat var ein av fleire unge som stilte som friviljuge vakter utanfor St. John katolske kyrkje. Ingen ukjende skulle sleppa gjennom den blå porten, inn til  plassen framfor kyrkja. 

 

I ambulansen takka eg Gud for at han hadde redda folket i kyrkja

Sikander

 

Eksplosjon og skot 
– Brått høyrde vi ein eksplosjon. Først trudde vi det var ein gass-sylinder, men så høyrde vi skot, fortel Sikander Inayat. 

I kaoset høyrde 23-åringen rop om at han måtte stengja porten. 

– Eg fekk beskjed om å låsa frå innsida. Ein mann prøvde å trengja seg inn. Men eg kjempa med all kraft for å stengja porten. Terroristen slo meg med ei jernstong og skadde auga mitt. Eg mista høyrselen på eitt øyra fordi han også skaut. Men trass i smerta klarte eg å skuva mannen tilbake og låsa porten, fortel Sikander i dag. 

Ei anna vakt, 19-åringen Akash, kasta seg over mannen på utsida. Han nekta å sleppa terroristen, som då utløyste sjølvmordsbomba og drap seg sjølv og Akash momentant. I trykket frå eksplosjonen vart Sikander treft av jarnporten og kasta bortover plassen medan blodet rann. 

– I ambulansen takka eg Gud for at han hadde redda folket i kyrkja. 

Fullsett kyrkje: St. Johans katolske kyrkje i Youhanabad i Lahore dreg folk trass i terroren. Foto: Sikander

Hardt skadd, sterk i trua 
Eit tilsvarande angrep ramma Christ Church like ved. Også der vart terroristane stoppa utanfor kyrkja. 

Sikander kjende seks av dei i alt 22 kristne dødsoffera frå angrepa mot dei to kyrkjene. Dei 22 har fått foto og namn på «martyrveggen». Hadde terroristane kome seg inn i kyrkjene, ville dødstala vore dramatisk mykje høgare. 

I dag er Sikander 33 år og gift med Sara. Han er eigedomsmeklar og leiger dessutan ut gardsplassen til tilstellingar. Han vart blind på det eine auga som vart skadd i skytinga, og det renn heile tida puss. Han høyrer omtrent ikkje på det eine øyra. Metallbitane i kroppen gjev han framleis hevelsar i beina og i midja. Han har eit stort arr i tinningen, over det øydelagde auga. 
 
– Eg har det vanskeleg. Men livet går vidare, eg takkar Gud for det. 

 

Eg har det vanskeleg. Men livet går vidare, eg takkar Gud for det. 

Sikander
 

Å gå i kyrkja er like viktig. Etter angrepet fekk dei friviljuge vaktene hjelp av væpna politi, eit vakthald som blir trappa opp i høgtider. 

– Kor viktig er trua for deg, Sikander? 

–  Jesus er den levande Gud. Eg har vitna for hundrevis at han har frelst meg og styrkjer meg i vanskelege situasjonar. Eg vil halda på trua til det siste andedraget mitt.  

Gravferd i Youhanabad i mars 2015 etter terroren mot to kyrkjer. Foto: Shutterstock

Brende ned bydel 
Den 9. mars 2013, to år før angrepet i Youhanabad, ramma ein tragedie Joseph Colony. Det er ein liten, fattig kristen enklave i utkanten av Lahore. 

I ein disputt med ein nabo 8. mars blei den kristne gatefeiaren Sawan Masih skulda for å ha fornærma profeten Muhammed. Dagen etter kravde ei stor folkemengd at Sawan Masih måtte arresterast for blasfemi. Ein religiøs leiar ville ha han drepen. Ein mobb på meir enn 3000 brende ned over 100 kristne heimar, dusinvis av forretningar og minst to kyrkjer. 

Sawan Masih blei to veker seinare dømd til døden. Etter godt over sju år på dødscelle blei han i oktober 2020 frikjend i ein høgare domstol. I dag lever familien trygt ein annan stad i Pakistan. 

Ein som hugsar det brutale angrepet på Joseph Colony i mars 2013, er 72 år gamle Kairaat Masih. Han driv framleis skraphandelen sin. 

– Eg var på arbeid. Som politisk aktiv og medlem av All Pakistan Minority Alliance tok eg kontakt med politiske forbindelsar og mobiliserte det lokale næringslivet. Dei prøvde å gripa inn og løysa saka, men forsøket var diverre mislukka, fortel han til Magasinet Stefanus. 

Ein valdeleg mobb brende ned heile den kristne enklaven Joseph Colony i mars 2013. Her kastar mobben eigendelar frå heimane på bålet. Foto: Shutterstock

«Mobben viste ingen nåde»
Han legg til: 
– Mobben viste ingen nåde. Dei ropte slagord, oppfordra til drap av alle som kom i deira veg og brende ned Joseph Colony. 

Dei kristne vart klar over mobben og flykta like før valdsmennene kom. Ingen liv gjekk tapt. Blant dei brende heimane var også huset til Kairaat Masih. 

– Det var hjarteskjerande. Eg hadde bygt huset med hardt arbeid. Eg var nedtrykt. Kona og dei fire borna gråt på branntomta. 

Alle fekk statleg kompensasjon for brende heimar og forretningar, tilsvarande 35 000 kroner kvar. 

– Men det tok to år å få alt bygt opp igjen.  

–  Korleis lever folk med minna 12 år etterpå? 

– Folk lever framleis i frykt, ingen gløymer den grufulle hendinga. No lærer folk borna sine å unngå kranglar ikkje berre seg imellom, men også med muslimske naboar, for å hindra konfliktar som kan føra til noko liknande. Kvardagen for familien vår er som før, men vi kjenner frykta for angrep på grunn av små saker.  

 

Folk lever framleis i frykt, ingen gløymer den grufulle hendinga

Kairaat Masih
 

Guds velsigning 
Han fortel at sidan han prøvde å gripa inn for å løysa saka og fordi han framleis prøver det når det er nødvendig, er «eg ikkje godt likt av ein del muslimar fordi eg er ein sterk og frittalande kristen». 

– Kva tyder trua for deg? 

– Det er Guds store velsigning at eg fekk veksa opp i ein kristen familie. Eg vil halda fast på trua på Jesus til det siste andedraget mitt. Trua gjev styrke til å tåla sjølv ein tragedie som dette, seier Kairaat Masih. 

 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 2-2025

AKTUELT

Prosjekt